Rapport 2019-2021
Memoar, Bergen Skipperforening og Sjøfartsmuseet i Bergen har i perioden 2019-2021 hatt eit samarbeid med museumsnettverket Samtidsnett. Dette er sluttrapporten til Kulturrådet for det samarbeidet. Det betyr IKKJE at Memoars sjøfartsprosjekt er slutt – det held fram i samarbeid med dei lokale partnarane.
Samarbeidet med Samtidsnett skulle etter planen halde fram til utgangen av 2021. Gjennomføringa har vore alvorleg hindra av Koronapandemien, som periodevis har lamma prosjektet heilt. Derfor vil vi halde fram arbeidet til eit avsluttande arrangement i Bergen Sjøfartmuseum den 30. april 2022. Sjølv om dei siste delane av prosjektet ikkje var sluttførte, leverte vi sluttrapporten 1. mars 2022, slik at vi kunne samkøyre rapporteringa med dei andre som har hatt tilknyting til prosjekt “Minner.no som samlingssted for samtidsdokumentasjon”.
To fokus
Prosjektet har både handla om innsamling og dokumentasjon av munnleg sjøfartshistorie og utvikling av Minner.no som samlingssted for samtidsdokumentasjon.
(Forteljarpanel i Bergen Sjøfartsmuseum)
1: Livsløpsintervju om norsk sjøfart etter 1945.
Vi har samla inn 40 livsløpsintervju med personar som er primærkjelder til nyare norsk sjøfartshistorie. 28 av dei er publiserte på Minner.no og på Memoar.no, medan 12 så langt er berre for frosking.
Dei fleste forteljarane har vore sjøfolk – nokre i ein periode i ungdomen, andre gjennom heile arbeidslivet. I siste gruppe har dei fleste arbeidd lenge som sjøoffiserar, kapteinar og maskinsjefar. Dei fleste har vore menn, berre tre har vore kvinner. Av dei som har vore tilknytta sjøfarten heile livet, har svært mange gått frå handelsflåten til oljerelatert sjøfart.
Intervjuopptaka har blitt gjort dels i ope museum med publikum til stade, og dels i studio med berre intervjuar og forteljar. Begge intervjusettingar har hatt sine fordelar. Det mønsteret som har festa seg, er at eit fyrste intervju som regel har vore gjort i studio, medan nokre av dei som har gjennomført fyrste intervju, seinare har blitt inviterte til forteljarpanel med publikum.
Kvart intervju har vore lagt opp til å prioritere fri forteljing. Dermed har dei ikkje fylgd nokon strikt plan, men vore tilpassa kvar einskild person. Men mot slutten av kvart intervjuopptak har vi jamført med Norsk etnologisk gransking si spørjeliste 244 om sjøfolk, for å sikre at alt som det er spurd om der, også har vore ope i intervjusamtalen. Men det har altså ikkje kome i noko bestemt rekkefylgje.
På prosjektnettsida www.memoar.no/sjoefart har vi både oppmoda folk til å fortelje munnleg gjennom til intervju, og til å svare skriftleg på spørjeliste 244, eventuelt digitalt gjennom å opne “send minne” på www.minner.no/tema/sjoefart.
Kvart intervjuopptak har blitt dokumentert gjennom ein stikkordsmessig innhaldslogg og eit kort tekstsamandrag. På memoar.no har det vore mogleg å linke loggen til interessante delar av intervjuet. På minner.no har det ikkje vore mogleg å gjere slike koplingar.
Verdien av denne samlinga har blitt markert fleire gonger. Professor Stig Tenold har uttrykt at samlinga har vore verdfull i hans arbeid med eit sjette bind av historieverket “Bergen og sjøfarten” som skal omhandle perioden 1973 – 2010. Samlinga har også møtt interesse internasjonalt, og prosjektleiar Bjørn Enes vart alt i juli 2019 invitert til å presentere prosjektet i Swansea, UK, under Oral history Societys konferanse “Oral history @ work”. (Pandemien har gjort det umogleg å fylgje opp med formidling av prosjektresultat).
Materialet har også blitt formidla under ein serie arrangement på Sjøfartsmuseet, i form av såkalla forteljarpanel der personar som har blitt intervjua har delt minnene sine med publikum i ein panelsamtale med intervjuaren som moderator. 30. april 2022 blir prosjektet avslutta med eit slikt forteljarpanel.
Pandemien har vore eit alvorleg hinder for gjennomføringa av prosjektet. Livsløpsintervju tar lang tid – gjerne fleire timar – og dei fleste forteljarane (informantane) har vore eldre personar. Det har ikkje vore tilrådeleg å gjennomføre slike med fysiske frammøte før dei fleste var trippelvaksinerte.
Samlinga er arkivert på server hos Bergens Sjøfartsmuseum, i Memoars mellombels privatarkiv og i KulturIT AS sitt program Minner.no. Memoar skal overføre heile sitt mellombels arkiv til offentleg langtidsarkivering så snart avtalar om slikt er på plass. Vi er i dialog både med Nasjonalbiblioteket, Senter for forskingsdata og Digitalarkivet om slik langtidsarkivering. Mest konkret framdrift er det i dialogen med Nasjonalbibliteket, som reknar med at langtidsarkivering av digitalt skapt audiovisuell kulturarv vil bli eit oppdrag for NB når pågåande oppdrag med digitalisering av audiovisuell kulturarv på utdaterte media (www.abmdig.no) er fullført.

På Memoarkonferansen 2022 var langtidsarkivering av munnleg kjeldemateriale eit hovudtema. I paneldebatten deltok frå venstre: Inger Christine Årstad (Memoar), Nina Refseth (Norsk Folkemmuseum), Hilde Uthaug (Digitalarkivet), Stein Øberg (Fellesrådet for historielag i Oslo), Jonny Edvardsen, Nasjonalbiblioteket og Katrine Utaaker Segadal, (Senter for forskningsdata)
2. Minner.no som samlingssted for samtidsdokumentasjon.
Memoar hadde ein dobbel motivasjon for å bli med i prosjektet.
- Hovudmotivasjonen var å markere munnleg historie som fagfelt og viktig arbeidsområde for ABMsektoren både når det gjeld samtidsdokumentasjon og når det gjeld samarbeid mellom frivillige og profesjonelle.
- Den andre motivasjonen gjaldt utvikling av eit moderne teknisk verktøy for innsamling, dokumentasjon, arkivering og formidling av munnleg historie i arkiv, bibliotek og musé.
Fagutviklinga: Trass i pandemien har det vore ei veldig spennande utvikling i mange av dei 19 minne innsamlingane som har samarbeidd i prosjekt 332999 – “Minner.no som samlingssted”. Det har vore ei rekke utbytterike samlingar av fagpersonar frå 12 ulike musé, som har arbeidd over eit stort spenn av tematikk – frå fotohistorie til arbeidsinnvandring i havbruket og OLminner frå Lillehammer 1994.
I tillegg til prosjektsamlingane har vi fått høve til å vidarebringe nokre av desse erfaringane gjennom Memoarkonferansen 2020.
- Sondre B. Hvam la fram viktige erfaringar og funn i Jærmuseet sitt prosjekt for å samle munnleg kjeldemateriale om jagaflyulukker på Sola under den kalde krigen.
- Marianne Grønnerud og Sølvi Westvang fekk på same måte formidla viktige erfaringar frå Glomdalsmuseet sitt arbeid med innsamling og formidling av munnleg kjeldemateriale frå romanifolket.
- Kathrin Pabst frå VestAgdermuseet fekk også formidla nokre av dei mange dilemma som oppstår i arbeidet med munnlege kjelder – ikkje minst når tema handlar om vonde minner frå krig og fiendskap.
I Memoarkonferansen 2021 – (som måtte utsetjast til februar 2022) vart den positive utviklinga nå det gjeld musé og munnleg historie markert på ny:
- Thea Aarbakke presenterte Kvinnemuseets utstilling “Hysj” som i stor grad bygger på munnleg kjeldemateriale om eit sensitivt tema som abort,
- Inger Christine Årstad presenterte Mjøsmuseet sitt arbeid med munnleg industrihistorie frå ei gruppe verktøymakarar som tok sine fagbrev på Raufoss Ammunisjonsfabrikk på tidleg 1960.
- Og Johanne Øvstebø Tvedten demonstrerte korleis ho og Sunnhordland Museum har brukt munnleg kjeldemateriale i utviklinga forteljekunst om eit krigsbarns liv.
Ikkje alle desse som er nevnt har vore direkte med i prosjekt Minner.no som samlingssted. Vi synest likevel dei er verd å nemne som døme på kor raskt medvitet om verdien av munnleg histoire har vakse fram i ABM-sektoren – ikkje minst takka vere dette prosjektet.

Verktøyutviklinga: Det er mogleg å rapportere like entusiastisk om dei prosessane som prosjektet har ført med seg rundt spørsmål om verktøy og infrastruktur. Resultatet er meir uvisst.
Sett i ettertid er det lett å sjå at Memoar sine visjonar om korleis Minner.no kunne utviklast, var urealistiske. Det tok tid før vi innsåg det. Til vårt forsvar må vi føre til at heller ikkje samarbeidspartnarane innsåg det før diskusjonane døydde bort. Sluttrapprten gir høve til å forsøke å summere opp kva som hende:
Utgangspunktet var ulikt: Memoar har hatt hovudfokus på munnleg historie sidan oppstarten. For dei andre deltakarane var det i utgangspunktet berre Norsk etnologisk gransking som hadde konkret erfaring med dette fagfeltet. For alle dei andre var ordet minneinnsamling synonymt med skriftlege tekstar. Intervju var sjøvsagt ikkje ukjent som metode for å lage skriftleg dokumentasjon. Men det var relativt ukjent å handsame intervjuopptak som sjølvstendig primærkjeldemateriale av større verdi enn skriftlege referat.
Teknologien var låst: Her berører vi eit spørsmål som fortener eit mykje større analysearbeid enn denne sluttrapporten gir rom for. Vi kan ikkje anna enn å konkludere at det ikkje var mogleg å gjennomføre eit einaste av dei forslaga vi hadde i prosessen, enten av tekniske eller økonomiske årsaker.
Memoar har om (kanskje?) kjend bygd opp ein fungerande infrastruktur for munnleg historie gjennom å kople saman ulike “hyllevarer” som er tilgjengelege i marknaden. Det har vore relativt enkelt og økonomisk rimeleg, sjølv om vi ikkje har hatt meir enn gjennomsnittleg IT-kompetanse. For oss såg det ut til å vere relativt kort veg frå ei slik manuell samankopling som vi hadde laga, til eit program som kunne handtere dette endå enklare slik at frivillige og museumtilsette utan IT-bakgrunn kunne bruke det intuitivt.
Kort fortald er Memoar-infrastrukturen bygd opp slik:
- Til studiointervju og digitale fjernintervju brukar vi shareware-programmet “Open Broadcast Software” (https://obsproject.com/) (gratis)
- Til mellomlagring av opptaksfilar brukar vi Dropbox.com. (12.500 kr/år for 8 brukarar)
- Til redigering av videofilar brukar vi WeVideo.com (ca kr.3000/år for 30 brukarar)
- Til dokumentasjon (logging) og tekstsamandrag brukar vi Google Sheet og -Docs
- Til arkiv (i påvente av avlevering til eit offentleg langtidsarkiv for munnleg kjeldemateriale) brukar vi den same Dropbox-kontoen som er nevnt i pkt 2.
- Til publisering av www.memoar.no brukar vi Google Sites som er inkludert i eit Google Workspace-abbonnement. (ca 9.000.kr/år )
- Til publisering av video brukar vil Vimeo.com (ca 4.200,-/år for inntil 10 brukarar)
Det kostar oss altså i utgangspunktet ca. 39.000,- kr/år å få gjort det som gjerast skal.

“Memoar-infrastrukturen” er laga for at frivillig og profesjonell skal kunne samarbeide om alle trinn i arbeidet med munnleg historie. Vi trur framleis det vil vere enkelt å lage ein “app” som syr saman dei ulike delane slik at det blir enkelt for alle å bruke.
I utgangspunktet var Minner.no eit alternativ på to av desse trinna – trinn 5 og 7. Vår ambisjon var at dette skulle utvidast til fleire trinn. Slik var start-situasjonen:
- Til studiointervju og digitale fjernintervju: Inga løysing i Minner.no
- Til mellomlagring av opptaksfilar: Inga løysing i Minner.no
- Til redigering av videofilar: Inga løysing i Minner.no
- Til dokumentasjon (logging) og tekstsamandrag: Inga løysing i Minner.no
- Til arkiv (i påvente av avlevering til eit offentleg arkiv for munnleg kjeldemateriale): Her er Minner.no ei løysing. Prisen er 50.000,- i oppstart og deretter 24.000,- pr år + 2.000/år for kvar innsamling + mva.
- Til publisering av vår eiga nettside: Vi såg det ikkje som aktuelt å legge ned eigne nettsider og berre bruke prosjektsider på Minner.no
- Til publisering av video: Her er Minner.no gos ei løysing, bortsett frå at video frå Minner.no ikkje lar seg bygge inn på andre nettsider så som Memoar.no. Publisering vil også vere dekka av prisen som er nevnt over.
Reint økonomisk var altså situasjonen i utgangspunktet at vi kunne droppe Vimeo-abbonnementet (4.200/år) og gå over til Minner.no (38.000/år) – og så leve med det problem at vi ikkje kunne ha publisert eigne videoar på eigne nettsider. På alle dei andre trinna i arbeidsprosessen måtte vi ha halde fram med den infrastrukturen vi hadde.
I prosessen forsøkte vi å få gjennomslag for fylgjande idear for å gjere Minner.no til eit meir fullstendig verktøy for munnleg historie:
- Ein avtale og ei samankopling med Open Broadcast Software eller andre slik at det kan gjerast studio- eller fjernopptak direkte inn i ein mellomlagringsfunksjon i Minner.no
- Etablering av ein mellomlagrinsfunksjon i Minner.no, slik at opptaksfilar kan lagrast for seinare klargjering til arkivvering og publisering.
- Ein avtale om samankopling med WeVideo eller andre slik at filar som er mellomlagra i Minner.no kan redigerast – helst utan å måtte gå ut av Minner.no
- Eit dokumentasjonsverktøy i Minner.no slik at det enkelt kan lagast innhaldslogg som er linka til tidskodar i intervjuopptaket.
- Arkivet i Minner.no fungerar etter vår erfaring utmerka. Det er også ein stor styrke at det blir kopla nærare til Primus.
- Etablering av ei løysing slik at videoar i Minner.no kan innbyggast i tredjeparts nettsider med link til logg og tekstsamandrag i behald.
- Etablering av ei løysing slik at det er mogleg å linke til tidskodar i videoar som er publiserte på Minner.no

(Gode prosessar – dyktig leia av Audun Kjus (biletet) og Svein Gynnild)
I tillegg til dette foreslo vi eit program som kunne gjere det mogleg å lage kollasjar av klipp frå videosamlingar berre ved å plotte inn tidskodar for start og stopp på klipp. På denne måten kunne eit museum endre videoinnhald i utstillingar direkte frå kjeldesamlingane, utan å måtte redigere nye innslag.
Det let seg desverre ikkje gjere å gjennomføre eit einaste av desse forslaga. Eit gjennomgåande motargument var at det ville bli veldig dyrt å gjere det innanfor det etablerte løysinga for Minner.no og dei strukturane det heng saman med (Primus osv)
Vi må nok også sjå i augene at vi ikkje klarte å overtyde samarbeidspartnarane om at dette ville ha gjort Minner.no til eit fantastisk verktøy for munnleg historie – eit verktøy som vi trur ville hatt ein internasjonal marknad.
Gjennomførte forbetringar:
I staden for å utvide bruksområdet til Minner.no i retning verktøy for dei som samlar inn munnleg historie, blei utviklingsmidla brukt til å forbetre Minner.no i sin opprinnelege funksjon, som verktøy for privatpersonar som vil skrive om sine minne. Som det heilt sikkert blir forklart i prosjektleiinga sin rapport, så blei det utført eit betydeleg arbeid i å analysere korleis Minner.no fungerte i slik bruk, og kva som burde endrast.
På vår side har vi hatt positive erfaringar med å lage skriftlege innsamlingar gjennom Minner.no som kan fungere saman med intervjuinnsamlingane. Utanom sjøfartsprosjektet har vi gjort det i prosjektet “Fødselsforteljingar” (sjå https://www.memoar.no/f%C3%B8dsel og https://minner.no/tema/F%C3%B8dselsfortellinger)
Når det gjeld vurdering av kor vellukka dei gjennomførte forbetringane har vore, reknar vi med at det er gjort i hovudrapporten frå prosjekt 332999.
Prosjektrapporten inneheld til slutt rekneskap for prosjektet. Interesserte kan sjå heile sluttrapporten på www.memoar.no/om-oss/rapportar
Hei, ref.:
https://www.memoar.no/sjofolk/naess
Hvor finner jeg del 2?
Mvh
Gunnar (gunnarbh@gmail.com)
LikarLikt av 1 person
Takk for purringa!
Del to av intervjuet med Christian Næss ligg framleis i «hastar!»- bunka mi – med skam å melde! Eg skal «snu bunka» – og sende deg melding når alt er klart! (han må også godkjenne fjerning av passord før du får sett del 2)
Bjørn Enes
LikarLikt av 1 person
Hei, takk for raskt svar:) Kjenner godt til hva Næss forteller om fra min tid i WW og på samme plattform og som kollega, men hadde glemt en god del som jeg nå fikk oppfrisket. Veldig bra tiltak for senere generasjoner fra denne pionertiden i overgangen fra handelsflåtens storhetstid med utflagging og overgangen til oljealderen hvor mange av oss fikk et sømløst jobbskifte til rederienes offshore virksomhet og/eller over til et oljeoperatørselskap hvor sjøfolk fra handelsflåten passet rett inn i forskjellige funksjoner/jobber. Man kan med god grunn hevde at norsk oljevirksomhet er bygget opp på/med tidligere personell fra handelsflåten. Dette er det god grunn til å få frem i lyset på samme måte som det nå vises en film om krigsseilere og deres betydning for utfallet av WW2!
LikarLikar
Eg vil gjerne lage eit slikt intervju med deg og – eg sender ein direkte epost om det 🙂
LikarLikar