Munnleg historie (“oral history”) og forteljekunst (“storytelling”) er ikkje to ord på same fagfelt. Men dei heng nært saman, og begge er viktige delar av den immaterielle kulturen. Under Jakob Sande-senteret sitt sommarakademi i 2021 gjennomførte vi eit eksperiment for å lære meir både om særtrekk og samanhengar. 30 april i år vart lærdomane oppsummerte.

Kort fortald var eksperimentet slik:
- Torsdag 12 august 2021 vart Fjaler-veteranen Svein Solheim intervjua av Bjørn Enes på same måte som Memoar samlar munnleg lokalhistorie alle andre stader.
- Fredag 13 og laurdag 14 august arbeidde forteljar Johanne Øvstebø Tvedten og regissør Aslak Moe med å skape forteljekunst basert på intervjuet.
- Søndag 15. august framførte Tvedten si fitt verk “Segle ut – segle heim. Svein Solheim si forteljing”.
- Under Jakob Sande-seminaret 29. april 2022 vart erfaringane diskutert. Denne artikkelen er bygd på diskusjonen der.
Fyrst litt om Svein Solheim.
Svein er fødd i 1947. Far hans, Alf Solheim, var ein sosial kar som Svein måtte dele med heile bygda: Han var organisasjonsmann og politikar og kulturmann, nabo og ven med diktaren Jakob Sande. Faren må ha vore ein slags “løvetannbarn”, for han hadde ein tøff start i livet. Farfar til Svein døydde tidleg, og farmor makta ikkje å livberge borna aleine. Så Alf og dei andre blei sette bort. Ein gong, på ei bedehustilselling, fekk Alf auge på ein gut som var prikk lik hans eige spegelbilde. Seinare fekk han greie på at han hadde hatt ein tvillingbror, men at han døydde som 5-åring.
I 1951 starta Alf fargehandel i Dale. Forretninga vart Svein sin arbeidsplass frå barnsbein av, heilt til nedlegginga i 2020.
Svein tok gymnas i Førde, tok Handelsskulen på Voss eit år, var i militæret og var tre år i Malmø for å utdanne seg til bygningsingeniør. Elles har han levd i Dale i heile sitt liv. Han dreiv butikken, og han arbeidde som takstmann. Dermed hadde han ein heilt spesiell observasjonspost til alt som hende i bygda – han var innom alle brann- og flom- og innbrotsskader i bygda, alle dødsbo og alle skilsmisseheimar. Få veit meir om liv og lagnad i Fjaler enn Svein Solheim.
Dette gjer han til ei veldig rik primærkjelde til å forstå litt om fenomenet Dale. Mitt intervju med han varte i ein time og 42 minutt. Så blei vi sitjande å snakke litt etterpå, utan at det blei gjort opptak. Neste dag inviterte han meg heim til seg – han bur framleis i nabohuset til Klokkargarden – og så fekk me snakka litt etter Johanne si framføring.
I løpet av desse få timane fekk eg eit innblikk i Dale og lokalhistorie og ikkje minst lokalkulturen i Dale som eg synest har ein veldig stor verdi. Denne bygda har frambrakt mykje som har vore med å teikna karakteren til det norske samfunnet. Eg skal ikkje gå i detalj om dette, berre nemne stikkord som Oddleif Fagerheims realskule, Nikka Vonens Pikeskole, Skofabrikken og personlegdomar som Herbjørn Sørebø – for ikkje å snakke om Jakob Sande.
Svein er primærkjelde til tidsromet omlag 1950 til i dag. Det er tida frå etterkrigs-Noreg, via klimaks av utviklinga etter den andre industrielle revolusjonen – og tvers gjennom den tredje elektroniske omdanninga av produksjons- og kulturliv. Sjå heile intervjuet med han på www.memoar.no/fjaler/solheim.
Oppveksten hans var i ei bygd med sterke preg av det før-industrielle Noreg. Her var bønder og småhandverkarar, skomakar, urmakar og hestar. Han har ei nydeleg historie om hestane sin plass i lokalkulturen, og naboen sitt pek med han då han fekk ta med seg ein folen heim.
Men så kom altså skofabrikken – Jarl Skofabrikk. Famlande fyrst, som ein mellomting mellom handverk og industri, men så meir og meir moderne fram til høgdepunktet då Svein var i tjueåra. Med kriseår og underskot og nedlegging då han var omlag førti. Her er kortversjonen av Dales lokale industrihistorie med Svein Solheims eigne ord:
Nå er me i nærleiken av det som er hovudgrunnen til at munnleg historie har vakse fram som eige fagfelt. Faktainnhaldet i det Svein her fortel kunne vore henta frå ei semesteroppgåve på handelshøgskulen. Men samanhengane som han peikar på, finn du vanskeleg andre stader enn i det munnlege kjeldematerialet: Samanhengane mellom Jarl Skofabrikk og livet som ungkar i eit bygdelag utan veg, for eksempel. Eller samanhengane mellom dei låglønna kvinnene som kom reisande frå Finnmark, borna deira som reiste ut – og nyetableringane av industri i bygda etter den elektroniske revolusjonen.
I eit lite, oversiktleg samfunn som Dale er dette noko alle veit. Derfor har Dale klart seg i tusen år utan å gjere opptak av folk som Svein Solheim. Men vi andre – som ikkje deler den såkalla “tause kunnskapen” om Dale – treng slike forteljingar for å forstå historia. Og for dei fleste moderne samfunn vert oversikta stadig vanskelegare og innsikta grunnare og grunnare, rett og slett av di arbeidsdelinga er blitt så omfattande og kompleks. Vi lever alle meir eller mindre i ulike “bobler” eller subkulturar der vi er ekspertar på eit knøttlite felt, utan særleg innsikt i på kva andre driv med. Kunnskapen om kva andre veit og har opplevd og har innsikt i, er begrensa.
Derfor treng vi alle å dyrke kunsten å høyra på kvarandre sine versjonar av forteljinga om kven vi er og korleis vi lever. Her er munnleg historie eit utmerka verktøy.
Så litt om Johanne Øvstebø Tvedten
Ho er oppvaksne delvis på Sunnmøre og delvis på Stord. Ho er lærarutdanna og har hovudfag i drama- og teaterpedagogikk, med mange år bak seg i skulen. I tillegg har ho arbeidd som høgskulelektor i Volda og i Bergen, og ho var lærar på Høgskulen Stord/Haugesund sitt studium i Munnleg forteljing i Etne. I 2003 vart ho tilsett som undervisningsleiar ved Sunnhordland Museum, og har sidan skrive og framført mange historiske forteljingar og skodespel frå Sunnhordland. Ho har utvikla ein arbeidsmetode der ho brukar livsløpsintervju som råstoff for munnleg forteljekunst. På den måten skapar ho kunst som er svært nært knytta til det faktiske levde livet. Kall det gjerne folkekunst.
Det som var nytt for henne i eksperimentet i Fjaler, var fyrst og fremst at ho ikkje gjorde det fyrste livsløpsintervjuet sjølv. Ho fekk berre eit videoopptak. Rett nok traff ho Svein til nokre korte samtalar under arbeidet. Ho fekk også eit par tips frå han om lesestoff, og ho fekk tak i sogelaget sine årbøker.
Med oppveksten delt mellom Sunnmøre og Sunnhordland, og med mykje slekt og mange sommarminne frå Nordfjord, har Johanne Øvstebø Tvedten vestlandskulturen i heile kropen – i ryggmarg, fingerspissar og i sin tynnaste hud. Når ho høyrer Svein Solheim dra på orda og ser han glimte i augo, veit ho nøyaktig kva det er for doble og tredoble utsegner han meiner å kome med. Og når ho omtolkar og omskapar dei til sine eigne uttrykk, treff ho folket forteljingane handlar om så midt i magen og hjarterota at dei berre må gi seg ende over.
Sjå på dei – i David Zadig sine bilde:
Og så litt om splinten Daniel Danielsen
Daniel døydde i 1939. Han og kona Laura hadde 11 born. Dei to yngste var døvstumme, dei vart Svein Solheims vener, og då den siste gjekk bort var han med å bere henne til grava, for det hadde ho bede han om gjere som ein siste gest.
Men Daniel lever enno i den lokale kulturen. Og han lever i den nasjonale kulturen. For det er ikkje tvil – i alle fall ikkje ho Svein Solheim – om at mange av dei dikta som Jakob Sande har skrive inn i den norske kulturarven, faktisk handlar om Daniel.
Dei kompletterte kvarandre på ein måte, meiner Svein Solheim:
Dette er mellom dei tinga som Johanne Øvstebø Tvedten tar, utan at Solheimen treng å brodere det ut. Kva slags rolle forteljaren Daniel Danielsen fekk i Dale, og korleis han og Jakob Sande kunne komplettere kvarandre. Kvifor Daniel måtte inn i ei slags trance før forteljingane kom – og kva som hende når forttlejingane kom ut. Sjå hennar versjon her:
Munnleg historie og forteljekunst
Historia til menneskja er ikkje strukturert, rasjonell og logisk. Det er ein tradisjon i vitskapen å få henne til å sjå slik ut. Men kvar nye generasjon av historikarar kan lett skrive om både strukturar, rasjonalitet og logikk, ved å droppe noko av det forgjengarane la vekt på og å hente fram noko av det ei oversåg.
Historia er straumar av parallelle, levde liv. Dei grip inn i kvarandre og blir til mangedimensjonale vevstykke. Til alle tider har dei som lever bala med å forstå korleis verda blei slik ho blei, og kva som no vil skje. Og det må vi til alle tider halde fram med. Det er ikkje sikkert at det er dei som tolkar som gjer det viktigaste historiearbeidet. Det kan vere dei som samlar materiale til komande generasjonar sitt tolkingsarbeid.
Det er i alle fall det som er poenget med munnleg historie. Og det er difor eksperimentet i Fjaler var så interessant: Tenk deg at det gjekk hundre år mellom intervjuet med Svein Solheim og forteljinga til Johanne Øvstebø Tvedten: Ville ho likevel kunne treffe Dalefolket i mage og hjarterot?
Me får venta å sjå. Men alt åtte månader etter eksperimentet vårt, har i alle fall eg gjort meg opp ei meining:
Den som vil forstå historia må ikkje spenna ambisjonane for høgt. Det er lett å bli fanga i tankespinn. I ytterkanten av det som ein kan forstå, må ein nøye seg med å ane. Og om ein aldri før har forstått poenget med kunst, så treng ein han då.
Johanne Øvstebø Tvedten gjorde Daniel Danielsen si livserkjenning til si eiga då ho laga forteljinga “Segle ut – segle heim”. Der har ho ein glitrande formulert definisjon av kva forteljekunst er:
“Daniel kunne kunsten å hente ned Bibelehistorier og geografiske forteljingar og historiske fakta og løgner og fablar og eventyr og segner og berre sause det saman til ei fantastisk forteljing som løfta folk og tok dei av garde. Dei trudde ikkje på det – nei. Men det gjorde ingenting. For dei hadde fått vere med. Dei hadde fått reise ut. Dei hadde fått vere med på ein draum og opplevd noko. Slik er forteljekunsten!”
Det er verdfullt i seg sjølv det der. Det treng ikkje vere nyttig for å ha verdi. Men det er nyttig og! For tar du kvardagskulturen til eit bygdelag, eller ein nasjon, eller ei menneskeslekt – og løftar han opp på det viset som Daniel kunne og Johanne kan gjere – så ser me veldig ofte noko nytt når me landar att. Eller me anar det.
Det er mi von, at stadig aukande samlingar av munnleg historie frå vanlege folk vil kunne bli ei kjelde å ause av for alle forteljekunstnarar. Og det er mi overtyding, at slike løft og slike reiser og slike draumar virkar frigjerande mot tankespinn og knyter oss nærare til dei verkelege levde liv og til historia.