Ein «ny» kjeldekategori

(Høyringssvar om ny arkivlov, frå Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie).

Regjeringa har sendt ut på høyring eit forslag til ny arkivlov. Mermoar har ein hovudkommentar til Kulturdepartementets høyringsnotat, og sju kommentarar til like mange punkt i høyringsnotatet.

Hovudkommentar: Munnleg kjeldemateriale er blitt stadig viktigare, ettersom digitaliseringa har gjort det praktisk og økonomisk mogleg å arkivere opptak av munnlege primærytringar i form av lyd eller video. Dette bør reflekterast i loven.

Intervjuopptak i Møhlenpris Frivilligsentral, Bergen. Frå¨v.: Ada Freng, Bjørn Enes og Tor Solsvik.

Arbeid med munnleg historie er særleg utbreidd i musé og frivillig kulturvern. Men det er også i aukande bruk innan offentlege organ (vi kjenner i alle fall til at Finnmarkskommisjonen i stor grad brukar munnlege primærkjelder i sitt arbeid). 

Arkivering av munnleg historie i form av lyd- og videoopptak reiser særskilte utfordringar – fyrst og fremst av di utviklinga av digitale lagringsformat ikkje er “ferdig”. Truleg vil samlingar av digitalisert audiovisuelt materiale måtte konverterast til nye format med jamne eller ujamne mellomrom for å vere lesbare for brukarane. 

Det er også eit problem at munnleg kjeldemateriale ikkje er søkbart på same måte som tekst. Det skjer rett nok store framsteg innan autotranskripsjon, og ein gong blir det kanskje mogleg å gjere fritekstsøk også i munnleg kjeldemateriale. Men truleg vil det ennå i ganske lang tid vere behov for særskilte metadatastandardar for munnleg kjeldemateriale. Memoar brukar same loggemetode som er  vanleg i film- og TVproduksjon,  altså manuelt utarbeidde stikkordlister med tidskodar, kombinert med grovare emneord – også dei med tidskodar. Det er ikkje gitt at dette er den beste metoden, men dersom det blir eit lovkrav at Nasjonalarkivet også skal gi retningsliner til privatarkivfeltet, vil det tvinge fram ein konstruktiv diskusjon om beste praksis for metadataregistrering av munnleg historie. 

Desse synspunkta meiner vi er relevante for fleire av delane i den nye arkivlova: 

Bakgrunn –

Vi meiner at saksframlegget bør kommentere framveksten av munnleg historie som eigen kjeldekategori.  I praksis er munnleg historie ein del av kategorien audiovisuelt materiale. Men i prinsipp er munnleg historie noko anna, av di det er primærkjeldemateriale, medan det meste av arkivverdig audiovisuelt materiale elles er redigerte produksjonar og slik sett sekundærkjelder. 

Den såkalla delingskulturen som utviklingstrekk i samfunnet bør etter vårt syn også kommenterast. Dette at “alle er blitt redaktørar” gjennom sosiale media, inneber på den eine sida at ytringsfridomen er sterkt utvida. På den andre sida fører den same utviklinga til at “det offentlege rom” blir  stykka opp i mange mindre rom som – i mest dramatiske fall – ikkje har samband eller utveksling med kvarandre.  Dette har alt fått dramatiske konsekvensar, mange vil for eksempel skylde storminga av den amerikanske kongressen i januar 2021 på slike sterkt delte offentlege rom i USA. I framtida vil det vere viktig å kunne finne att kjeldemateriale frå ulike slike del-offentlegheitar. Innsamlingar av munnleg historie kan bli ein særs viktig kjeldekategori i slikt arbeid. 

Formålet 

Vi er glade for høyringsnotatet si formulering om at  “Arkivlova regulerer ikkje arkiva til private personar og verksemder, men skal leggje til rette for at slike arkiv kan bli bevarte.”  

Det bør presiserast – om ikkje i sjølve formålsparagrafen, så i seinare forskrifter til den – at det å legge til rette for bevaring av privatarkiv mellom anna inneber særskilte tiltak for å å bevare munnleg historie. 

Arkivansvar 

I samband med plassering av arkivansvar der ulike organ samarbeider i felles løysingar, vil vi gjerne ta ta til orde for at arkivering av munnleg historie bør være ei slik fellesløysing. Ved at ansvaret for munnleg historie (eventuelt saman med anna audiovisuell kulturarv) blir ei fellesløysing, vil både konvertering av utdaterte arkivformat og standardisering av beste matadata-praksis bli enklare. Vi meiner at både Senter for kulturarvsdigitalisering hos Nasjonalbiblioteket og SAMLA kulturhistoriske digitalarkiv (Folkeminnesamlinga, Norsk etnologisk gransking og Etno-folkloristisk arkiv) kan vere aktuelle plasseringar for eit slikt ansvar. 

Avlevering/overføring

Vi er svært glade for at Kulturdepartementet har sett i gang arbeidet med å digitalisere audiovisuell kulturarv på utdaterte analoge format i ABM-sektoren. Vi arbeider for å få utvida dette arbeidet til også å gjelde audiovisuelt materiale i eige hos frivillig sektor og hos private. På kort sikt vil det understøtte arbeidet om det vert presisert eit krav om at arkiv som skal avleverast/overførast må vere i digitale format. På lengre sikt vil dette vere sjølvsagt. 

Personopplysningar 

Departementet viser til at det dei seinare åra har vore mange innskjerpingar av personvern og krav om sletting av personopplysningar. Memoar har nyleg peika på at denne i og for seg positive utviklinga, også har ei anna side: Munnleg historie er svært ofte ytringar av enkeltpersonars oppfatningar og erfaringar. Dersom personvernet vert tolka slik at ytringar vert sletta når avsendaren kan identifiserast, vil personvernet gå på ytringsfridomen laus. 

Der bør lovfestast at når det ligg føre eit skriftleg samtykke til arkivering og eventuelt publisering, må det vege tyngre enn personvernet. Det same gjeld for eldre opptak av munnleg historie, der det ikkje finst skriftleg samtykke, men der det er openbert at opptaket blei gjort med tanke på arkivering og publisering.  

Utførsel av arkiv

Dette er også eit viktig punkt når det gjeld munnleg historie. I dag bygger Memoar sitt privatarkiv i den internasjonale sky-tenesta Dropbox, medan vi publiserar gjennom ein kombinasjon av dei internasjonale skytenestene  Vimeo og Google. Vi har ein backup-disk som befinn seg på norsk territorium, men elles har vi ingen garanti for kor arkivet faktisk finst. Dette vil truleg gjelde all arkivskaping – i alle fall all skaping av privatarkiv for munnleg historie. Dersom det vert etablert ei fellesløysing for arkivering av munnleg historie (og anna audiovisuell kulturarv), slik vi tar til orde for lenger oppe, vil dette problemet blir minimert: Problemet med at eit arkiv blir skapt gjennom skytenester blir vesentleg redusert dersom det blir etablert faste rutiner med f.eks. årleg avlevering til den norske felles arkivløysinga for munnleg kjeldemateriale.. 

Særskilt vern 

Samlingar av munnleg historie er ein “ny” kjeldekategori i og med at det nå er teknisk og økonomisk mogleg å bevare munnlege uttrykk. Nasjonalarkivet bør få ansvar for å legge til rette (felles)-løysingar for  langtidsarkivering av munnleg kjeldemateriale, og dei viktigaste samlingane bør få eit særskilt vern. 

Bergen – 11. januar 2022

Memoar – norsk organisasjon for munnleghistorie, 

Bjørn Enes og Inger Christine Årstad

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.