Geolokalisert munnleg historie

Geolokalisert munnleg historie 

Kan stubbar av forteljingar om levd kvardagsliv bli god butikk på mobilen? Det er dagens kulturstrategiske problemstilling. 

(Arne Hagevik og Torstein Dahle fortel om den skeive klubben “Frimerket” til Bjørn Andé Widvey,
medan Mariela Norheim fotograferar)

Munnleg historie er samlingar av subjektive  tidsvitneforteljingar om levd liv. Dei utfyller og utdjupar anna historisk og kulturhistorisk kjeldemateriale og utgjer ein viktig del av den immaterielle kulturarven. Dei er svært ofte knytta til konkrete geografiske punkt – der noko hende (eller nettopp ikkje hende), der noko var eller blei fortald. 

Av Bjørn Enes – Memoar. 

Heilt sidan vi vitja Cork Memory Map hausten 2016, har Memoar eksperimentert med samanhengane mellom geografi og minneforteljingar. Vi har plassert utdrag – stubbar – frå minneforteljinar ut i kart (sjå stubb.no). Men vi tenkte tidleg at vi må frå kartet,  ut i terrenget, gjennom ein mobilapplikasjon som kan nå brukaren akkurat på staden som ein stubb handlar om. Det er dette vi kallar “geolokalisert munnleg historie”.

Vi har arbeidd ein god del med å finne formen på slike forteljingar og – ikkje minst – måten å lage dei på. Vi er ganske sikre på at dette er eit spennande “nytt” format som skil seg frå tradisjonell audioguidting både i innhald og form: 

Audioguide: “Historie ovanfrå”: Ein person som har vesentleg meir kunnskap enn normalt, formidlar litt av kunnskapen til ein brukar som står på ein stad som har relevans for formidlinga. Typisk: “Her gjekk Kong Haakon i land den 7. juni 1945” Munnleg historie:“Historie nedanfrå” – eller “Meet tihe locals”: Ein person som har personlege minne knytta til den staden der brukaren står, fortel sin versjon. Typisk: “Då kongen steig i land den 7. juni, var eg der. Men dei vaksne stilte seg framfor. Så eg fekk ikkje sjå han.”  

I dag lagar vi geolokalisert munnleg historie ved å gå ute i terrenget med lydoptakar på oss. Vi er (minst) ein intervjuar og ein, to eller tre forteljarar. Vi lar opptakaren gå kontnuerleg, og tar bilder med geolokalisering slik at vi har nøyaktige data for kor dei ulike forteljingane kjem.  I klipperomet etterpå klipper vi ut “gullkorn” frå opptaket og legg dei som lydfilar i kartet. Vi legg inn eitt fotografi og ein kort og catchy tekst  på kvart punkt. 

Vi hadde tenkt å prøve dette ut i større målestokk i prosjektet “Skeive byar” der planen var å samle og formidle geolokalisert munnleg historie om skeive liv i Bergen, Oslo og Trondheim. Vi fekk ikkje finansiering til det, og må finne andre idear. Så langt arbeider vi med: 

  • “Møt ein bergensar”/”Bergen: Meet the locals”:  Som del av mangfaldsprosjektet “Det store vi” samlar vi inn geolokaliserte forteljingar gjennom vandringsturar med ulike personar. Dei skeive historiane vi alt har laga blir del av dette. Men ideen er ikkje knytta til noko nisje – vi tar sikte på ei samling prega av mangfald fyrst og fremst, under overskrifta: “Ein typisk bergensar er ein som bur i Bergen” og undertittelen “Ein by må oppdage seg sjølv – igjen og igjen”. 
  • “Namneinnsamling i Solund”: På oppdrag frå Språkrådet skal vi samle inn tradisjonelle stadnamn og munnleg historie som er knytta til stadnamn i Solund Kommune i  Vestland, våren og sommaren 2022. Det kan bli aktuelt å legge stubbar frå denne innsamlinga inn som geolokalisert munnleg historie. 
  • “Finnmark før 1944”: Med utgangspunkt i ei bygd i Øksnes kommune i Vest-Finnmark vurderar vi ei innsamling av fotografi, teikningar om munnleg historie om korleis bygdene såg ut og korleis det ar å leve der før tyskarane brant ned alle hus og øydela all infrastruktur hausten 1944. Stubbar frå desse innsamlingane kan eigne seg som geoloklisert munnleg historie. 

Vi kjem til å arbeide med desse ideane framover – framdrifta kjem til å avhenge av i kor stor grad me får dei finansiert arbeidet. Fyrste prioritet er å finne formen, neste steg blir å teste dei ut i bruk – for å sjå om formen treff publikum.

Kommersielt potensiale? 

Det er vel liten tvil om at dette formatet har eit kommersielt potensiale når eller viss vi treff med formen. Sjølv om vi sjølve ikkje driv kommersielt, så har vi bruk for inntekter eller reduksjon av kostnader. En veg fram til det kan sjølvsagt vere samarbeid med ein partnar som kan ting vi ikkje kan – f.eks. lage mobilapplikasjon – og som ser kommersielle moglegheiter i slike ting som vi kan – for eksempel det å lage geolokalisert munnleg historie. Derfor har vi forsøkt å analysere:

Dårleg butikk: 

Vi trur at geolokalisert munnleg historie kan bli eit veldig populært format, men at det i seg sjølv neppe vil vere noko kommersiell gullgruve. 

  • Godt innhald vi kunne bli stort dersom det fenger, og gjennom logaritmer vil ein kunne få det mest populære innhaldet løfta fram forbi det meir trivielle. Men vi trur det vil vere vanskeleg å bygge opp betlingsvilje for slikt innhald. 
  • Det er også lite truleg at det vil vere stor interese blant privatfolk for å betale for at innhald dei har laga skal kunne leggast inn i ein app. 
  • Annonsemarknaden vil truleg vere avgrensa av at annonsørar berre når dei som likevel går framom, som eit supplement til utstillingsvindauget eller skiltet på utsida.

God butikk: 

På den andre sida trur vi at geolokalisert munnleg historie kan trekke publikum og at det slik sett kan vere interessant “koloritt” rundt anna og meir kommersielt interessante innhald:

  • For eksempel kan ein organisasjon som skal marknadsføre ein by eller eit område tilby ein samle-app som er spekka med innhald i fleire kategoriar: Vandringsruter, musé, restaurantar, fotopunkt, vandreteater, “meet the locals” – og annonser. 
  • Standardinnstilling kan vere “alt”, og så kan brukarane velje bort kategoriar dei ikkje er interesserte i. 
  • I ei slik samleside kan det vere markert kva for innhald som krevjer betaling, og kva som er gratis. Kanskje kan det dukke opp eit varsel når brukaren går forbi eit punkt – f.eks “her startar vandreteateret Ekkoenes by – kjøp tilgang her”. 
  • App-leverandørens forretningsplan kan innehalde tre kundegrupper: 
    • A Innhaldsprodusentar som kan betale  for å få sitt innhald presentert (kanskje restaurantar, visit-organisasjonar, kjøpesentra, kommunar  etc) 
    • B Innhaldsprodusentar som kan ta tar betalt for sitt innhald: f.eks. vandreteater, eksklusive guiding, spelkonsept, skattejaktkonsept og nye format som gjerne kan dukke opp dersom det lukkast å skape eit forum med mange brukarar.
    • B Grupper som lagar attraktivt innhald for eiga rekning, men som ikkje kan ta betalt – f.eks. historielag, velforeningar, kulturminnelag, små og lokaler musé, etc. 

Memoars eiga interesse:

Vi høyrer til denne siste gruppa. Vi er eit barn av delingskulturen, der at “alle har ei forteljing å dele” er grunnverdien. Vi lagar innhald dels gjennom på frivillig arbeid, og dels gjennom profesjonelt arbeid finansiert av ideelle og offentlige midler. 

Vi vil gjerne samarbeide med ein partnar som forstår og set pris på dette særpreget, og som ser det som interessant å bidra til å prøve ut geolokalisert munnleg historie. Som kan vente med forretningsmodellen til vi er sikre på at vi har noko å lage forretning med. 

(Ja – dette er ein invitt 🙂 Ta gjerne kontakt – post@memoar.no

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.