Rapporter heile den immaterielle kulturen!

Slik er kortversjonen av Memoars oppmoding til Kulturrådet, når dei nå skal rapportere til UNESCO om korleis Noreg fylgjer opp de pliktene vi tok på oss då vi signerte verdskonfensjonen om uhandgripeleg kulturarv i 2008. Eit fyrsteutkast til rapport er nå tilgjengeleg her

Og her fylgjer Memoars kommentar:

Memoar vart stifta i juli 2015, og har såleis vore aktiv i tre av dei fire åra som denne rapporteringa gjeld. Før vi går inn på våre konkrete forslag til tillegg i rapporten, vil vi gjerne gjere kort greie for nokre generelle synspunkt om oppfylgjinga av konvensjonen. 

Vi synest omgrepet “immateriell kulturarv” må oppfattast breiare enn det som hittil har vore vanleg i Noreg. Av dei fem felta som er nevnt eksplisitt i paragraf 2 i konvensjonen, meiner vi at arbeidet har kome ulikt mykje lenger på pkt e) “traditional craftsmanship” og den delen av pkt b) “performing arts”  som omhandlar tradisjonsmusikk, enn på nokon av dei andre felta. 

For vår del synest vi gjerne at rapporten kan signalisere auka innsats på pkt a) “oral traditions and expressions, including language as a vehicle of the intangible cultural heritage” og på dei delane av b) som omhandlar annan utøvande kunst enn folkemusikk. Vi tenkjer då fyrst og fremst på forteljekunst og teaterkunst i det heile. 

Rapportutkastet er omfangsrikt og kan vel i nokon grad vere litt prega av opplisting heller enn strukturert rapportering. (Den omfangsrike spørjelista frå UNESCO må vel helst ta hovudskulda for det.) 

Vi har ikkje ambisjonar om å lage like omfattande kommentarar. Men vi trur den immaterielle kulturen i Noreg blomstrar noko meir og på noko fleire stader enn det som er skrive inn i rapporten til nå. Det kan kanskje vurderast om rapporteringa av tradisjonshandverk og folkemusikk kan strammast litt opp, og at det kan arbeidast inn litt meir om munnleg historie, språkrøkt, utøvande teater og forteljekunst, sosiale praksisar og naturbruk. 

For å eksemplifisere kva vi meiner med at rapporten kan male eit breiare bilde,  tar vi med nokre konkrete endringsforslag:

A3 – NGOs: 

Vi vil sjølve veldig gjerne vere nevnt her som “Memoar – Norwegian oral history society”

A4 – Accredited Non-Governmental Organizations.

Mål: Vi foreslår her at det blir nevnt i målformuleringa at Kulturrådet vil arbeide vidare for breiare forståing av omgrepet “intangible heritage”, i tillegg til å auke involveringa frå underrepresenterte grupper.

B1.3 – 

(“Do any consultative bodies or coordination mechanisms encourage and support broad and inclusive involvement of communities, groups and individuals in ICH safeguarding and management?) – og  “If yes, Explain briefly how such bodies or mechanisms involve/encourage communities, groups and individuals in ICH safeguarding and management. (OD80, SDG16.6)”)

Vi vil foreslå at fylgjande blir vurdert inntatt i rapporten: 

I 2016 starta Norsk Folkeminnesamling, Norsk etnologisk gransking og Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie utvikling av eit kurs for samarbeid mellom frivillige organisasjonar og abm-institusjonar om innsamling, dokumentasjon, arkivering og formidling av munnleg historie (oral history). I 2017 blei dette kurset brukt og vidareutvikla i det regionale prosjektet “Krafttak for munnleg historie i Hordaland”,  med støtte frå dåverande Hordaland Fylkeskommune.  Året etter fylgde Kulturrådet opp dette utviklingsarbeidet gjennom å finansiere det nasjonale prosjektet “Krafttak for munnleg historie”. Desse tre tiltaka la grunnlaget for den seinare raske utviklinga av arbeidet med munnleg historie i Noreg. Både historielag, lokale musé og bibliotek og enkeltpersonar vart involverte, og denne delen av den immaterialle kulturarven fekk eit løft i ei rekke lokalsamfunn.

1.4 Are institutions, organizations and/or initiatives for documenting ICH fostered and supported by the State?

Kommentar til underpunktet “Research institutions”:

Vi synest det ville vere naturleg at Språksamlingane ved UiB, Norsk Folkeminnesamling ved UiO, Norsk etnologisk gransking ved Norsk Folkemuseum, Etno-folkloristisk arkiv ved UiB, Samiske samlingar ved UiT og Skeivt Arkiv ved UiB blir nevnte under dette punktet. Alle driv med forsking på viktige delar av den immaterielle kulturarven. Vi ser på fråveret av desse institusjonane som ein indikasjon på at oppfatninga av omgrepet “intangible cultural heritage” treng ein gjennomgang i Noreg. Denne rapporten kan vere eit godt høve til det. 

Lenger nede – under punktet “Libraries” kan det gjerne føyast til: 

Bergen offentlege bibliotek etablerte i 2016 eit intervjustudio i samarbeid med Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie. Det er tilgjengeleg både for frivillige organisasjonar, musé og for private som ynskjer å samle munnleg historie. 

Under “Others” synest vi det skal vurderast ei omformulering:

I setninga “Eksempler på frivillige organisasjoner er NGOer med ekspertise innen for eksempel håndverk, folkemusikk og folkedans, og muntlige fortellinger.” vil vi foreslå endra til: “Eksempler på frivillige organisasjoner er NGOer med ekspertise innen for eksempel håndverk, folkemusikk og folkedans, muntlig historie og fortellekunst” (“oral history and storytelling”) 

B2.1 Do tertiary education institutions offer curricula and degrees in ICH safeguarding and management, on an inclusive basis? (s. 25 i utkastet)

Dette virkar på oss som eit litt tilfeldig utval. I tillegg til dei som er nevnte, synest vi i alle fall at fylgjande også bør skrivast inn: 

Cultural Studies at the University in Bergen offer an introduction to the concept of cultural heritage, both material and immaterial. The same can be found at Cultural History, taught at the University in Oslo.  

B 2.3 Do community-based or NGO-based initiatives provide training in ICH safeguarding and management, on an inclusive basis?

Her blir det for oss veldig tydeleg at det er behov for ein diskusjon om innhaldet i omgrepet immateriell eller uhandgripeleg kulturarv. Ein rapport som dette har stor definisjonsmakt, og kan dermed vere med på å avgrense kva som blir oppfatta som inkludert innanfor omgrepet. Ved å forhalde seg ganske strengt til ei litt smal forståing av dei fem områda som konvensjonen foreslår, er det fare for at relevante praksisar eller områder blir utelatt.

Vi vil i alle fall spele inn Studieforbundet Kultur og tradisjon, som engasjerar svært mange frivillige organisasjonar i “safeguarding and managing” av immateriell kultur. Ein av medlemsorganisaonane er Memoar, som i rapporteringsperioden har bygd opp ei omfattande kursverksemd for å bevare munnlege uttrykk og tradisjonar.  Jakob Sande senter for forteljekunst er ein annan, og Fortellerfestivalen arbeider for å bevare og lære opp nye utøvarar i forteljekunst. 

B 4.1 Are practitioners and bearers involved in designing and developing ICH education programmes and/or are actively presenting and transmitting their heritage?

Under dette punktet inneheld rapporten ei avsnitt om læreplanen for grunnskulen, som berre nevner opplæring i tradisjonshandverk og samisk kulturarv. Begge deler er viktig nok – men vi synest det er underleg at det ikkje blir sagt noko om munnleg kultur og ingenting om anna språkrøkt. Til dømes legg læreplanane vekt på språkleg mangfald utan at dette er avgrensa til berre å gjelde kjennskap til dei små språka.

Det er jo hyggeleg at både Fortellerhuset, Memoar, Norsk etnologisk gransking og Folkeminnelaget er nevnt under 4.2, men ein rapport som dette bør ideelt sett innehalde meir enn litt  “namedropping” på eit så stort felt. 

Vi skal gi oss med dette – og vedgå at vi sjølve fyrst i det siste året har begynt å legge vekt på at munnleg historie (“oral history”) er ein viktig del av den immaterielle kulturarven.  Utanom dette høyringssvaret har vi argumentert liknande i lokale kulturhøyringar i Bergen og Oslo, og vi har vore aktivt med i politikkutforminga av Bergen Kommunes strategiplan om å etablere ein nasjonalt senter for immateriell kultur.  Vi håpar at vi kan bidra til at neste UNESCO-rapport kan spegle eit endå breiare engasjement for uhandgripeleg kultur enn det som kan rapporterast for perioden 2014-2018. 

Bergen – 5 oktober 2021  – For Memoar, Bjørn Enes

1 Comment

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.