26/6-15: Det trengs ei enkel oppgradering av studio

Det fyrste intervjuopptaket vart gjort i Bergen Bibliotek sitt «Studio1» i går. (Obs: Det må ikkje forvekslast med den private «Stuido 1 Fotografene AS» i Jon Smørsgate). Studio ligg i musikkavdelinga i andre etasje i biblioteket.

Forsøket avslørte ganske tydeleg at det er viktig å få gode rutiner dersom det skal marknadsførast at kven som helst kan gjere intervjuopptak på biblioteket. Det såg ikkje ut til at kommunikasjonen frå det i og for seg flotte bestillingsskjemaet nådde fram til dei som var ansvarlege for studio. Dei var ikkje kjende med at eg skulle kome, og utstyret var ikkje der. (Kamera, mikrofon, headset osv).

Studio var eit musikkstudio utan plass og utan lys nok til å gjere videopptak.
Men halparten av romet – ut mot vindauget – var lyst. Det var lite – men stort nok til å rigge til ein intervjusituasjon. Lars i musikkavdelinga fant eit kamera (utan mikrofoninngang), eit stativ, ein mygg-mikrofon og ein lysirgg – og eg sjølv hadde med ein lydopptakar. Så eg rigga meg provisorisk til med både kamera/kameramic og lydopptakar.

Det fungerte svært greit då intervjuobjektet kom. Ho vart godt teken i mot i musikkavdelinga. Det var stille og roleg der, det var ein fordel at døra hadde smekklås.

Men det trengst (minst):

  • Lydabsorberande plater i taket, kanskje og på deler av veggane, 
  • Ein fast kamerarigg med mikrofon (helst to mikrofonar) 
  • Ein fast lysoppsett 
  • Ei løysing på overføring frå kamera til minnepinne el.l – 
  • Helst eit enkelt videoredigeringsprogram  på IMac’en
  • Ein studiobakgrunn 
  • To stolar og eit bord

Ei oppgradering til intrvjustudio kan svært gjerne kombinerast med rigging for podcast-studio – som biblioteket alt har tenkt på.

Måndag 29/6 skal musikkavdelinga få eit litt meir gjennomarbeidd forslag til oppgradering frå oss. Me skal så legge ein plan for korleis ei slik oppgradering skal kunne gjerast. Evt kan me søke pengar anna stad frå.

26/5 – Bjørn

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.