27/5-15: Konstruktivt møte med Fylkesarkivaren

Jostein Saakvitne og Bjørn Enes møtte fylkesarkivar Anne Aune i Hordaland og to av hennar medarbeidarar til ein uformell samtale tysdag 27. mai.
Me orienterte kort om ideen og arbeidet me har sett i gang.

Trengs ein ny organisasjon?
Ein del av den fylgjande samtalen handla om at der er mange som arbeider med same eller i alle fall liknande idear som oss. Fylkesarkivet har samla inn minneforteljingar regelmessig sidan 80-talet. Historielaga samlar inn minneforteljingar, ulike museumsprosjekt og andre frivillige organisasjonar held på med det same.  Spørsmålet om det er naudsynt med ein ny organisasjon / institusjon / prosjekt er eit svært godt spørsmål.

Skal me oppsummere kort, så vart det vel peika ut fylgjande felt som «fell mellom» kjende noverande aktørar:

  • Eit arbeid for å engasjere folk med hovudfokus på notidsforteljingar  – altså forteljingar i nolevande si  tid. (ca 1930-2015)
  • Eit arbeid for å samle forteljingar frå folk som ikkje alt er i gang med skriftlege forteljingar – altså forteljingar i form av intervju eller monologiske forteljingar på video eller lydopptak. 
  • Eit arbeid for å fremje delingskultur –  altså at folk deler livs- og opplevingsforteljingar på same måten som det er blitt vanleg å dele kvardagsfroteljingar gjennom sosiale media. 

Trengs ein ny publiseringskanal?
Når forteljingar fyrst er laga – anten det gjeld skriftlege forteljingar, redigerte eller uredigerte lyd- eller videoopptak eller fotografi, så er der rikeleg med publiseringskanalar i dag, både for fagmiljø og for folk flest.  Media som YouTube, Vimeo og SoundCloud  sikrar at gratis – eller så godt som gratis – lagring og publisering er mogleg for alle. Kulturrådet sitt http://www.digitaltfortalt.no er også ein lagrings- og publiseringplass som er open for privatpersonar, foreiningar og institusjonar. I tillegg er Facebook og andre sosiale media i vanleg bruk som delingskanalar.

Like kort oppsummert står desse utfordringane att trass i alt det som alt finst:

  • Visjonen om å bygge eit stort volum av forteljingar frå notid og nær (levd) fortid for å «gi det til ettertida» skurrar mot å gjere seg avhengig av utanlandske, kommersielle lagrings- og publiseringsmedia. (Ein konkurs kan teoretisk sett vere nok til å slette eit folk si historie) 
  • Digitaltfortalt.no kan vere det me treng – men har i dag restriksjonar på volum som gjer det til eit «trongt» video-medium. (Dette har dei og tatt konsekvensen av – videofilar som er større enn 100 Mb må i staden lastast opp til Vimeo og så embeddast derifrå). Dermed vert Digitaltfortalt «berre»  eit publiserings- og delingsmedium – ikkje eit arkiv for langtidsbevaring. Dersom me skal ta visjonen om ei stor base for framtida, må det også sikrast ein forsvarleg lagrings- eller deponeringsordning. 
  • Samtalen styrka tanken om eit samvirke mellom det offenlege arkivverket og frivillig / sivil sektor der frivillige (historielag, andre organisasjonar, einskildpersonar, frilansarar – og ein eventuell ny organisasjon) – står for fremjing av forteljings- og delingskultur, medan Arkivverket står for sikker deponering, metadataforvalting og infrastruktur for deling av opphavskvinnene og -mennene sitt innhald. 

Viktige utfordringar:
Fylkesarkivaren meintge at hovudutfordringa for Memoar-ideen vil vere spørsmålet om publiseringsrettar. Sjølv om ein ikkje tenkjer «»gamaldags medium» der ein redaktør i prinsippet er den som publiserer og har alt ansvar for det som vert sendt ut,  For også i nye, sosiale media der det er den einskilde forteljaren sjølv som publiserer, så har den som driftar og/eller eig infrastrukturen eit ansvar for å avklare rettane til å publisere, redigere. Om ikkje det vert gjort som førehandsgodkjenning, så må eigaren ta ansvar for å trekke attende innhald som bryt med personvern eller andre lover.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane vart helde fram som eit framifrå døme på korleis rettigheitprobelemet kan løysast. Dei set avtale om publiseringsrett for Fylkesarkivet som føresetnad for å ta mot bilete eller forteljingar til deponering.

Me fekk løfte om å få ein kopi av standardavtalen som Fylkesarkivaren i Hordaland nyttar i samband med fotosamlingar

  • Det kan i tillegg oppsummerast at det no ser ut til å vere eit aukande behov for å konkretisere kva for problem me ynskjer å løyse med dette nye initiativet, og korleis me ynskjer å få det til. Det er ikkje overraskande at fagmiljø og -personar som har arbeidd lenge på dette feltet, er skeptiske til nykomarar. Den skepsisen vil nok vere sterkare di utydelegare vårt prosjekt er. 

Kva gjer me no?
Me samlar oss att for å «tenkje høgt» i neste veke.
Me har jo alt bestemt oss for å forsøke tre «forteljarkveldar» saman med biblioteket i september, oktober og november. I størst mogleg grad må me forsøke å få førebudd i alle fall det fyrste før sommaren.

Me må drøfte vidare det fyrste spørsmål frå møtet 27/5 – trengst det ein ny organisasjon? Om svaret er ja, må me halde fram arbeidet med å etablere eit interimstyre.

Så må me undersøke grundigare om DigitaltFortalt.no kan vere løysinga på infrastruktur-spørsmålet – evt. i kombinasjon med deponeringsavtalar med by-, fylkes-, eller nasjonalarkiv.

Utforming av eit avtaledokument om deponering, deling og distribusjon er også eit stykke arbeid som må gjerast før sommaren.

Og endeleg må me vel ta til med å lage ei prosjektbeskriving?

27/5-15 – Bjørn E.

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.