5/5-15: Lovande kontakt mellom Memoar og Bergen Bibliotek

Alt på det fyrste, uformelle møtet  mellom initiativtakarane til Memoar ig biblioteket, kom det konkrete planar for samarbeid.
Formelt sett vil initiativtakarane etablere eit interimstyre innan august.
Dette interimstyret vil så avtale samarbeid med Bergen Bibliotek om om to tiltak

  • Intervjustudio: Biblioteket vil etablere eit intervjustudio med lyd og truleg også videopptaksutstyr. Dette kan lånast av publikum . Memoar vil arbeide for å gjere dette tilbodet kjent, og for å hjelpe interesserte med å gjennomføre intervju. 
  • Forteljarkveldar:  I september, oktober og november vil Biblioteket og Memoar invitere til forteljarkveldar i biblioteket sitt auditorium. Truleg vil interimstyret i Memoar velgje eit tema og invitere både kjende og ukjende forteljarar til å snakke om det. Arrangementat vil bli filma, kringkasta på internett – og arkivert med såkalla tagging, slik at det vert søkbart. 

Etablering av foreinga Memoar: Den positive responsen frå Biblioteket gjer det aktuelt for oss å starte prosessen med å etablere Memoar tidlegare enn me trudde. Truleg vil me etablere eit interimstyre og starte medlemsverving alt i sumar – og så vil me sannsynlegvis stifte foreininga formelt og velgje det fyrste styret i samband med den fyrste forteljarkvelden i september.

Vil du vere med på dette, så send inntil vidare ein epost til bjorn@enes.no . Seinare vil me etablere ei offisiell Memoar.no-epostadresse

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.