Eg har i dag gjort ein test på DigitaltFortalt.no : Det ville jo vere veldig bra dersom me kunne oppmode folk til å leggje forteljingane sine der – i ein struktur som alt finst, og som attpåtil er eigd og drifta av Norsk Kulturråd.
http://www.digitaltfortalt.noMen om det skal bli strategien, har me ein del me må diskutere med redaksjoneen og eigaren der.
Viktigast er avgrensinga av maksimal storleik på 100 Mb for kvar forteljing. Det var nok romsleg då mediet vart starta (2009) og forteljingane stort sett var enkle Photostory-presentasjonar. Men til videointervju er det altfor lite – sjølv med maksimalt komprimerte filar
Digitaltfortalt = Vimeo
Det har dei også sjølve tatt konsekvensen av. Ikkje ved å utvide grensa – men ved å innføre at større filar må lastast opp til vimeo – og så embeddast attende til DigityaltFortalt!
(Dei har automatisert dette – diverre med den forskjell frå vanleg vimeo-embedding at biletet vert borte: Alle vimeo-filar på DigitaltFortalt har den same, grå video-symbolet.
Dette er definitivt ikkje godt nok for oss – og neppe for nokon andre heller. Så viss det er korrekt at Kulturrådet har som strategi å bygge vidare på dette mediet, så er det sikkert ikkje umogleg å løyse det problemet.
Metadata?
Eit anna og kanhende større problem er søkesystemet. Eg lasta opp forteljinga «Håpet om bestemor sitt hus» – fyrst til Vimeo og så til DigitaltfFortalt (det tok lang tid).
I skjemaet som eg vart beden om fylle ut, kunne eg laste inn eige namn, namn på institusjon (eg valde «Ny institusjon» og skreiv Memoar.no. Det gjekk heilt fint – ingen spørsmål). Så vart eg oppmoda om å velgje søkekriterier. Ikkje frå ei liste – eg kunne berre skrive fritt.
Då eg til sist fekk tilbakemelding om at opplastinga var vellukka og at forteljinga no var søkbar, forsøkte eg alle opplysningane eg hadde lagt inn. Det kom berre svar på namnet mitt og institusjonen.
Dette tiyder på at metadatasystemet vert ein eigen diskusjon.
Publisering
Så var det siste ledd – publisering attende frå DigitaltFortalt til Memoar.no. for å gjere ei lang historie kort: Det gjekk ikkje. Det let seg gjere til Facebook og ei rekke andre (amerikanske) sosiale media – men ikkje til vanlege nettsider.
Eg er ikkje god nok i HTML til å lage embed-koder sjølv. Men eg kan lage «fuskeløysingar» som den som no (27/5) ligg på framsida på Memoar.no: Eit bilete med link til å opne DigitaltFortalt i eit nytt vindage. Då kan eg få med biletet og.
Men me kan ikkje byggje på jimmyfix. Skal me bruke DigitaltFortalt, må me ha ein alvorleg diskusjon med dei!
Bjørn E – 27/5