1/6-15: Me spissar – og set i gang!

Etter ein triveleg oppsummeringsprat måndag 1. juni, var den vesle initiativtakargruppa vår samde om fylgjande neste steg:

1. Me spissar på video- og lyd. 

  • Det er heilt korrekt at det ikkje trengst fleire aktørar på banen når det gjeld tekstar og (litt meir tvil….) fotografi. 
  • Men alle som alt er på banen, manglar eit godt lagrings- og publiseringsalternativ for video og lyd. 
  • DigitaltFortalt.no kan kanskje bli det verktøyet me saknar, men er det ikkje i dag. Vimeo, YouTube, SundCloud m.fl. fungerer utmerka bortsett frå at bevaringsverdig materiale druknar i mengdene og at det ikkje finst nokon garanti for at innhald vil bli teke vare på på lang sikt. 

2. Me spissar på samtidshistorie. 

  • Kjerna i det me ynskjer å få i gang er ein kultur for å ta vare på forteljingar om det som har hendt og hender i nolevande menneske sine liv – grovt rekna det siste hundreåret, i praksis kanskje tida etter andre verdskrigen. 

3. Rettighetsspørsmålet: 

  • Det er klokt å leggje vekt på dette og finne ei løysing for framtida, sjølv om me i fyrste omgang ikkje vil trenge det, i og med at me vil bruke / oppmode folk om å bruke Vimeo, YouTube eller (for filar mindre enn 100Mb) DigitaltFortalt. 
    • Vår side vil berre bli ei peike- og deleside. Redaktøransvaret vil ligge hos Vimeo, YouTube og/eller DigitalFortalt. 
    • Men som (ein av fleire?) iitiativtakarar bør me sjølvsagt ha eit gjennomtenkt forslag til korleis avtalane bør setjast opp mellom bruklarar og eit nyopppussa DigitaltFortalt eller eit heilt nytt offentleg eigd medium. 
    • Difor skal me purre på Fylkesarkivaren for å få fotoavtalen til Fylkesarkivet. Me bør også undersøke andre, så som YouTube, Vimeo og DigitaltFortalt. 

4. Tekniske spørsmål: 

  • Så lenge me må bruke eksisterande verktøy, så kan me ikkje gjere tekniske endringar. Så erfaringane me gjer oss må brukast til å setje opp ei ynskjeliste på korleis dei tekniske løysingane i eit nytt medium bør vere. 
    • Me etablerer ei underside på Memoar.org for å samle ei slik liste. 
  • I diskusjonen no var me inne på tre ting: 
    • Volumgrensene som i dag er på Digitalt Fortalt må justerast vesentleg opp til minst dei same som Vimeo Plus
    • Embeddingsløysningane inn og ut må gjeras opne slik at embedkodene kan kopierast enkelt (slik som frå YouTube) 
    • Det må gjerast mogleg å «tagge» (setje inn stikkord som ein kan gå direkte til) i tidslinene på video- og lydfilar. Den som lastar opp bør kunne gjere det – men også sjåarane. Slik vil ein kunne få til ei slags «brukargenerert redigering».
    • Metadata eller søkekriterier vert eit viktig spørsmål for å finne att forteljingar. Me lagar ei eiga underside for å samle opp slike kriterier (memoar.org).

5. Organisasjonsbygging:

  • Bygging av den frivillige organisasjonen vert ei hovudsak for oss. Fylgjande må gjerast: 
    • Me må invitere nokre fleire folk inn til å bli medlemmer av eit interimstyre (og vonaleg medlemmer av eit valt styre litt seinare). Jostein skal kontakte ein konkret person som me snakka om.  
    • Me må registrere organisasjonen i Brønnøysund, får organisasjonsnummer og melde han inn i ulike register.
    • Me har jo alt ei (to) nettsider –  desse kan overførast til organisasjonen. 
    • Me bør etablere ei Facebookside. 
    • Me bør starte arbeidet med tre opne møter i samarbeid med Bergen Bibliotek i september, oktober og november. 
    • Truleg må me også inngå samarbeid med andre aktørar om desse tre kveldane, slik at me uansett har eit program der – tre eller fire forteljerar som kan intervjuast før ordet vert gitt fritt.
    • I september eller oktober gjer me det same i samarbeid med Radøy Bibliotek og andre organisasjonar i Radøy (slik me tidlegare har snakka om).
    • me må forsøke å få litt redaksjonell omtale

6. Og så set me i gang! 

  • Fyrste intervju i Bergen Bibliotek sitt studio: Lars Ole fortel til intervjuar Bjørn om sitt arbeid med ungdom og musikk. Eventuelt inviterer me inn ein av desse ungdomane til ein del to av denne forteljinga seinare. Siste halvdel av juni. 
  • Lars Ole undersøker teknikk og kostnader knytta til ein automatisert «minnetelefon» der folk skal kunne ringe inn forteljingar for publisering. Viss det kan gjerast før organisasjonen har fått ein økonomi, set me i gang ein slik telefon som fyrste tiltak. 
  • På same tid som me startar i Bergen, tek me initiativ i Sogn og Fjordane og i SørTrøndelag.

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.