Ein viktig del av forarbeidet til stifting av Memoar har vore diskusjonar med Bergen Bibliotek om etablering av eit fyrste intervjustudio for innbyggarar i Bergen.
Biblioteket har vist seg å vere positivt interessert i dette, og vil kunne bruke lokalet og eindel utstyr som alt finst som ein del av Digital verkstad / Studio 1 .
Men det trengst meir for at eit intervjustudio skal bli akseptabelt.
Etter diskusjonar med dei ansvarlege for Studio 1 har e i fellesskap sett opp dette budsjettet for kva som må gjerast:
Lydabsorberande plater kr 5 000,00
Studiobakgrunn kr 2 500,00
Studiolys kr 6 500,00
Nye mikrofonar – 2 myggar kr 2 800,00
Eksisterande mikrofonar,stativ og kablar, lydmixar og
datamaskin med enkelt redigeringsprogram i Studio 1 kr 0,00
Kamera (f.eks. Zoom Q8 Handy VR) kr 6 000,00
kamerastativ og kabler kr 1 000,00
uforutsett kr 1 000,00
Arbeidsinnsats – Biblioteket (adm.,vaktm., musikkavd) kr 5 000,00
Arbeidsinnsats Memoar (Prøveproduksjonar, adm.profilering) kr 5 000,00
Kjøpt annonseplass i sosiale mdia kr 200,00
Prosjektkostnad i alt: kr 35 000,00
Av desse er både Biblioteket og Memoar innstilte på å legge inn arbeidsinnsats utan vederlag. Biblioteket vil også kunne bruke litt midler på eige budsjett – men det trengst eit tilskot på kr 20.000,- for å få eit brukbart studio på plass.
3. juli søkte Memoar om tilskot frå Bergen Kommune til dei manglande pengene. Søknaden er sendt til ordninga «Tilskudd til museer, historie og kystkultur».