2/7-15: Memoar er stifta!

Torsdag 2. juli 2015 vart Memoar stifta.

Formålet med foreininga er «å fremje ein kultur for å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv».

I starten har den nye foreininga tre mål:

  • Å etablere eit intervju-studio i samarbeid med Bergen Bibliotek som alle innbyggarar kan i Bergen kan låne for å gjennomføre intervjuopptak med nokon dei har lyst å gjere stas på. (Studioet kan sjølvsagt også nyttast til forteljing utan intervjuar).
  • Å etablere ein server i samarbeid med Bergen Byarkiv der innbyggarar i Bergen kan lagre munnlege forteljingar (mellom anna intervjuopptak) for framtida. Frå serveren ynkjer me også at forteljingane skal kunne delast i sosiale media. 
  • Å utvikle opplæringstilbod og kunnskapsdeling om opptak, intervju, enkel redigering, metadataregistrering, opphavsrettsreglar, opplasting til arkiv, presse/publiseringsetikk og publisering.

I tillegg arbeider me for

  • Å utvikle ei nettside og / eller eit nettsamfunn som kan hjelpe medlemmer som ynskjer det å nå fram til større publikum.
  • Å arbeide for større akademisk og profesjonell interesse for munnlege forteljingar som kjelde for samtidsdokumentasjon og nær historie.
  • Og å ta initiativ til og delta i samarbeidsprosjekt med historielag, arkiv-, bibliotek og museum, akademia, forskingsmiljø og profesjonaelle forteljarar / media.
  • Og ikkje minst: Å verve medlemmer og gjennomføre eit fyrste ordinære årsmøte innan utgangen av 2015.

Me startar i Bergen. Men me deler gjerne erfaringane med interesserte i andre deler av landet, for dette er noko alle kommunar bør ha!

 Ta kontakt gjennom epostadressa post@memoar.no !

Fylgj oss også på Facebook: www.facebook.com/Memoar.Org/

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.