17/8-15:Prosjektidé: Kva var det som hende i 1975?

Frå den fyrste industrielle revolusjonen nådde Noreg rundt 1850 og fram til 1974 steig den registrerte industrisysselsetjinga kraftig i Noreg. Så snudde det brått i 1975, og i dei tretti åra som fylgde gjekk talet på industriarbeidarar ned att omlag til nivået etter siste krig. I prosent av sysselsette var nedgangen endå meir dramatisk.

Var det ei av-industrialisering? Var det oljealderen som konkurrerte ut tradisjonelle næringar? Var det globaliseringa som slo inn? Var det datarevolusjonen som gjorde seg gjeldande? Eller var det berre ei manglande oppdatering av omgrepet «industri»?

Dette er spørsmåla i botnen av eit prosjektforslag som Bjørn Enes lanserer for styret i Memar i august

I forslagsteksten heiter det vidare: Desse spørsmåla er ikkje berre historisk interessante – dei er viktige for debatten om Noreg i dag og om debatten om «kva skal me leve av etter olja?»

Spørsmåla fortener både forsking og litterær/kunstnarisk interesse. Men føresetnaden for at fagfolk i slike bransjar skal kunne arbeide med spørsmåla, er at dei har tilgang til kjeldene – til dei som kan fortelje om korleis industrien og arbeidslivet elles endra seg i åra før og etter 1974. Problemet er at dei alt er blitt gamle: Dei som var 50 år i 1974 er passert 90 i dag. Det er dette problemet eg foreslår at me skal gjere noko med.

Kva skal me gjere?

Eg synest målet skal vere ein (lengst mogleg) serie intervjuopptak med industriarbeidarar, teknologar og industri- og fagforeiningsleiarar som var aktive i åra før, under og etter vendepunktet for industrisysselsetjing.

Intervjua må vere frie, i den forstand at metodikken skal vere kvalitativ: Me skal leite etter unike historier som får fram mangfold, heller enn kvantitativ undersøking av meiningar el.l. Me skal snakke om teknologiske endringar, men ikkje fyrst og fremst for å få fram fakta (dei finst nok dokumenterte andre stader): Hovudmålsetjinga med intervjuopptaka må vere å dokumentere dei immaterielle sidene ved vendepunktet. Korleis endringar av verktøy, arbeidsprosessar og -organisering vart oppfatta (den gong – og no, i ettertid), forteljinga om arbeidsoperasjonar og -teknikkar som vart borte, nye som kom (og gjekk), endringar i språklege uttrykk og bilete, vitsar og vandreforteljingar, sosiale omgangsformer og skikkar, ritual, hierarki og status, likskapar og ulikskapar t.d. mellom kvinne- og mannsavdelingar, vedlikehalds- og produksjonsavdelingar, arbeidar- og funksjonærmiljø, variasjon og monotoni i arbeidet, lys og mørke i arbeidsmiljøet, autoritet og fellesskap og mykje meir. Det er interessant å få fram forteljingar om jobbskifter, bustader og -flyttingar, tilhøve til primærnæringane og distrikt/by, kva informantane er stolte over og kva er litt flaut å tenkje på, kva slag identitetar dei har hatt, kva slags gruppeidentitetar dei har vore del av og/eller hatt rundt seg, korleis verdiar og moral har endra seg.

Eg har tru på eit format der intervjua stort sett er ca 45 minutt lange. Før lagring/publisering trengst det verken transkribering eller redigering (med mindre deler av dei seinare skal brukast i foredrag, dokumentarfilm, utstilling eller andre formidlingsformat). Men kvart intervju må gjennomsjåast og «taggast» – det vil seie utstyrast med ein stikkordsmessig disposisjon slik at innhaldet vert søkbart og at publikum kan gå rett til den staden i intervjuet som taggen peikar til.

Ein del av prosjektet må vere å etablere ein videoservar der alle intervjua kan samlast. Det ideelle synest eg er ein server i ein offentleg institusjon, enten ein del av arkivverket eller ein del av eit museum. Aller helst bør serveren vere tilgjengeleg for alle over internett, slik at informantane kan dele historiane sine, og at interesserte kan søke i dei.

Prosjektet bør ha ein betydeleg formidlingsdel. Målgrupper for formidlinga bør både vere industri- og historieinteresserte privatpersonar, vitskapelege miljø og kulturarbeidarar. Målet med formidlinga må – utanom å gjere det innsamla materialet kjent – å stimulere til at mange frivillifge lagar sine eigne intervju og at forskarar / kulturarbeidarar startar forsking eller kunstprosjekt.
Korleis kan me gjere det?

Me kan starte uansett: Gjennom Memoar kan me gjere «Vendepunkt 1975» til eit prosjekt for frivillige – fyrste omgang lokalt i Bergen og Hordaland hausten 2015.

Me kan samarbeide: I Bergen samarbeider me jo alt med Bergen Bibliotek om etablering av eit intervjustudio som innbyggarane kan nytte til slike intervjuopptak som dette. Memoar vil sjølv gjere ein serie intervjuopptak, og me vil oppmode andre til å gjere det same gjennom lokale media og sosiale media. Me er også i samtalar med Bergen Byarkiv om etablering av ein videoserver der folk både kan laste opp intervju, og sjå og dele intervju som andre har lasta opp (og som er klarerte for publisering). Så vil me utvide samarbeidet til industri- og fagforeiningsorganisasjonar i Bergen.

Nasjonalt tenkjer eg fyrst og fremst på tre aktuelle aktørar som me kan ta kontakt med: Fagforbundet Industri Energi, Teknisk Museum og bransjeorganisasjonen Norsk Industri. Viss (nokon av) dei er interesseerte i samtalar om eit slikt prosjekt, er det naturleg å drøfte vidare utvikling med desse.

Me kan søke finansiering: Dersom det skal bli mogleg å utvikle prosjekt Vendepunkt 1975 også som ei profesjonelt prosjekt, må me finne finansiering. Dette er også eit naturleg diskusjonsgtema med samarbeidspartnerar. Men Memoar kan uansett sende ein fyrste søknad om prosjektstønad til Kulturrådet sine stønadsordningar for kulturvern i månadsskiftet august/september. Søknaden kan ha hovudfokus på immateriell kulturarv.

På grunmnlag av dette foreslår eg at styret for Memoar vedtar fylgjande:

  • Memoar tek initiativ til eit prosjekt for å samle inn, dokumentere, bevare og formidle intervju /munnlege forteljingar frå personar med fyrstehands erfaring frå norsk industri i tiåra rundt 1975, då norsk regisrert industrisysselsetjing snudde frå eit hundreår med vekst til (førebels) førti år med nedgang. Intervjusamlinga skal bidra til auka kunnskap om historie, kunst, kulturar og samfunnsliv i Noreg fram til i dag. Prosjektet får arbeidstittel «Vendepunkt 1975» og startar som eit frivillig prosjekt, men me ynskjer å søke støtte frå offentlege og private kjelder slik deler av atarbeidet kan gjerast profesjonelt. Initiativtakar Bjørn Enes vert prosjektleiar.

Bergen 11. august 2015
Bjørn Enes
25/8 vart ein prosjektweb etablert

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.