Nettsida – eller nettsidene – til Memoar veks med aktiviteten. Men sidan aktiviteten veks fort, oppdagar me stadig manglar med nettsidene. I det siste har det rett og slett blitt for mange av dei.
Frå 15. februar 2016 vert den definitive hovudsida www.memoar.no. Den skal gi eit oversyn over dei forteljarane som har publisert munnlege forteljingar, dei prosjekta som Memoar tek del i og nokre vikrtige informasjonar om ting som er på gang.
Kvar forteljar og kvart prosjekt får sine eigne «heimesider» under denne forsida.
Framdriftsmeldingane er flytta over til ein blogg med «snarvegsadressa» Framdrift.Memoar.no . Den får og ein peikar i hovudmenyen på nettsida.
Den tidlegare organisasjonsnettsida Memoar.org vil bli bygd om til eit reint dokumentarkiv. Dei einaste endringane på den førebels er at framdriftsmeldingane er fjerna. Men etter kvart vil heile «dot-org-sida» gli over i gløymsla.
Me vonar at me fåt til å forme ut ein enklare og meir effektiv struktur med dette 🙂