25/2-16: "Kva skjedde på Nikkelverket i 1975?"

Bakgrunnen for spørsmålet er sjølvsagt kva som hende då omlag eit hundreår med samanhengande vekst i registrert industrisysselsetjing brått snudde til nedgang.

Trenden i sysselsetjingsutviklinga på Nikkelverket var så å seie heilt samanfallande med tala for heile Noreg. Det er bakgrunnen for ein intervjuoptaksserie som Memoar og Nikkelverkets Arbeiderforening har gjennomført i haust/vinter.

Torsdag 25/2 vert denne minneinssamlinga avslutta med ein panelsamtale i Kristiansand Folkebibliotek. Også den skal filmast, og avleverast arkiv saman med dei 10 djupintervjua som er produsert.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Memoar, Nikkelverkets Arbeiderforening og Kristiansand Folkebibliotek. Seks vetaranar skal samtale om endringane på Nikkelverket i åra rundt og etter 1975. Det er vel ikkje tenkjeleg at det også vil bli dradd ein og annan paralell med endringane i olje- og leverandørindustrien nett no.

Les meir på Http://Industri.Memoar.no

Meir om industriprosjektet her

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.