2/2-16: Memoar søker bibliotek som vil samarbeide om munnleg kultur

(«American storytellers» – A. Thomas)

Prosjektforslag: Munnleg minnekultur som nytt tilbod ved norske bibliotek.

Memoar ynskjer å samarbeide med eitt eller fleire bibliotek på Vestlandet om å prøve ut fylgjande nye tilbod til innbyggarane:

  • Etablere studio i biblioteket, som innbyggarane kan låne til opptak av munnlege forteljingar om levd liv.
  • Etablere ei skyteneste for lagring av slike opptak, slik at dei seinare enkelt kan avleverast til offentleg lokalt eller nasjonalt arkiv for langtidsbevaring og formidling.
  • Leggje til rette og drifte denne skytenesta slik at det vert enkelt for forteljarane å publisere og dele dei munnlege forteljingane sine på internett
  • Formidle slike publiserte munnlege forteljingar gjennom eit eller fleire digitale media.
  • Arrangere kurs og erfaringsutveksling for interesserte innbyggarar om samling, dokumentering, forvalting og formidling av munnlege minneforteljingar.
  • Og arrangere publikumsarrangement i biblioteket for å fremje munnleg minnekultur.

Me ynskjer å vere samarbeidspartnar med eitt eller fleire bibliotek som kan tenkje seg å prøve ut eit slikt tilbod, og som kan tenkje seg å søke – aleine eller saman med andre – om prosjekt- og utviklingsmidler frå Nasjonalbiblioteket innan 19. februar i år.

Meir om oss: 

Memoar er ein nystifta frivillig organisasjon med styre i Bergen. Det er lett å finne informasjon om oss på nettsidene våre:

Me har kapasitet til å ta de facto prosjektleiing dersom det skulle vere interessant for samarbeidande bibliotek.

Forslag:
Me vil gjerne møte bibliotekssjefar som finn dette interessant så snart som råd, for å drøfte om me skal gå vidare med å utvikle idéen.

Kontakt:

Epost bjorn.enes@memoar.no
Tlf 41516745
Bergen 2/2 – 2016

Med beste helsing

Bjørn Enes, leiar av Memoar.

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.