Sluttrapport – prosjekt «Neste etappe» 2023-24

Sluttrapport  – Prosjekt Neste Etappe

Prosjekt “Neste etappe” hadde som mål å sikre gjennomføring av neste etappe på vegen fram mot at eit nasjonalt senter for munnleg historie skal etablerast i Bergen. Vi peika ut seks arbeidsområde – og eit sjuande pressa seg fram. Vår oppsummering: Det sjuande klarte vi ikkje – dei seks planlagte har gått veldig bra.  “Beviset” på det kom like før prosjektavslutting; På grunn av det momentum vi har skapt i alliansebygging og regionalisering valde Kulturalliansen oss som pilot for å utvikle Kulturkrets Vestland.

Bakgrunn:

Våren 2023 var det store nasjonale prosjektet “Munnleg historie for alle” (MHA) ferdig.  Tre og eit halvt år med stabil vekst og utvikling var unnagjort, og vi var tilbake til å arbeide frå prosjekt til prosjekt. På kort sikt gjaldt det å sikre at ikkje kompetansen forsvann. På litt lengre sikt – i praksis frå august til prosjektavslutting – hadde vi peika ut desse prioriteringane (sitert frå søknaden i fjor): 

  • “Allianse- og entusiasmebygging for visjonen om eit senter for immateriell kulturarv i Bergen. 
  • “Definisjonskamp” for at heile det immaterielle kulturfeltet skal bli omfatta av norsk kulturpolitikk, og aksept for at landet treng eit tredje senter for immateriell kultur 
  • Arbeid for eit nytt stort munnleg historie-prosjekt styrt frå Bergen
  • Fagutvikling og kompetansespreiing gjennom kurs, seminar, fagartiklar og internasjonalt nettverksarbeid. 
  • Politisk arbeid for at dokumenterte samlingar av munnleg historie skal bli erklært som bevaringsverdig immateriell kulturarv som skal langtidslagrast. 
  • Involvering av frivillige: gjennom kurs, trening og prosjektarbeid. “

Her kjem forteljinga om korleis det har gått:

  1. Behalde kompetansen. 

Fyrste målsetjing klarte vi berre delvis. Den profesjonelle staben som vi hadde bygd opp gjennom prosjekt “Munnleg historie for alle” måtte ut i verda og skaffe seg andre levebrød då prosjektmidla tok slutt for Memoar. I ettertid ser vi at eit intenst arbeid for å bygge eit nytt stort prosjekt med midler til å lønne ein stab, slo feil. I siste halvdel av mars i fjor var kassa tom. Og då vi kom til sommaren var også staben borte. 

Men “grunnfjellet” besto. Ein viktig lærdom frå bølgedalen i 2023 var at aktive medlemmer er garantien for kontinuitet i ein frivillig organisasjon.  Lokallaget Bergen Memoar vart stifta i februar 2023. Nye prosjekt-idear blei utvikla og arbeid blei starta, uavhengig av om dei fekk finansiering eller ikkje. Det beste eksempelet på dette er “Bergensminne” – ein serie publikumsarrangement i samarbeid med Bergen Off. Bibliotek med mål å vise folk at livshistorier er kulturarv. Det starta som ei lita gruppe på fire-fem frivillige. Eit år etterpå er “Bergensminne” blitt ein institusjon med både ei fast publikumskjerne og kraft til å trekke til seg nye publikumsgrupper etter kven som er gjesten som får fortelje si historie. Alle “Bergensminne” er bevart for all framtid som videoopptak. Og alle er tilgjengelege på www.memoar.no/bergensminne

Arbeidsgruppa har vakse både i tal, kompetanse, erfaring og – ikkje minst – entusiasme. Vi har brukt omlag kr 3.000 på prosjektleiarkurs  for leiaren av arbeidsgruppa (Kaasa).

  1. Allianse- og entusiasmebygging. 

Som nevnt i søknaden har det langsiktige målet for Memoar vore eit nasjonalt kompetansesenter for munnleg historie. I 2016 var vi med på oppropet “Kulturhistoriske arkiv – kunnskapsbanker for fremtiden”, og i 2020 var vi sjølve initiativtakare til det nye oppropet ““Senter for munnleg historie” (Sjå www.muhn.no).  Seinare same år tok vi aktivt del i høyringsprosessen i forkant av ny kommunal strategiplan for musé og frivillig kulturvern. Der argumenterte vi for at Bergen burde trappe opp satsinga på munnleg historie særskilt og immateriell kultur generelt. Stor var vår glede då vi året etter opplevde at Bergen kommune skreiv inn eit nasjonalt senter for immateriell kulturarv i sine kulturstrategiar.

Dette arbeidet kom litt i skuggen gjennom siste fase av Munnleg historie for alle, men blei ein desto viktigare del av arbeidet etter tilsagnet om støtte til prosjekt “Neste etappe” i 2023. 

Fyrste alliansepartnar vart Hordaland Mållag, der eit møte av regionale tillitsvalde melde seg interesserte i samarbeid. Nummer to var Eldrerådet i Bergen. Leiaren der – Nils Mæhle – har sidan engasjert seg saman med Memoar i ei arbeidsgruppe som har forsøkt å bygge ut alliansepartnarar både innan frivillig sektor og innan høgskule- og universitetsmiljøet. 

Amatørkulturrådet fatta interesse for dette arbeidet, og inviterte til Amatørkulturkveld om temaet like før kommunevalet, og ut over hausten tok arbeidsgruppa initiativ til ein serie “høgttenkingar” der alliansane og entusiasmen stadig ble større. 

Då Kulturalliansen etterlyste ein organisasjon som kunne drive fram nettverksarbeid for ein ny Kulturkrets Vestland, meldte vi interesse med argument at momentum rundt Senter for immateriell kulturarv også kunne skape momentum for  ein endå breiare Kulturkrets Vestland. Det slo inn, og like før avsluttinga av Neste Etappe fekk Memoar oppdraget.

 I siste del av prosjektperioden har målet også vore å få opp den politiske interessa for å realisere Bystyrets vedtak frå 2021. Arbeidsgruppa har hatt innleiande møte med den nye kulturbyråden, Hordalandsbenken, fylkeskommunen (ordførar og administrasjon) – og kort etter at denne sluttrapporten er levert, skal vi også møte bystyret sitt utval for Kultur, finans og næring. 

  • 3. “Definisjonskamp” 

Etter at Noreg for alvor tok til å arbeide med immateriell kulturarv, har det blitt gjort eit stort og godt arbeid fyrst og fremst på to felt: Tradisjonshandverk og folkemusikk/folkedans. Dei andre felta som er med i omgrepet “immateriell kulturarv” har kome meir i skuggen. Memoar har sjølvsagt vore mest opptekne av fyrste punkt i definisjonen som blei vedteken i konvensjonsteksten frå 2003 “Munnlege uttrykksformer, forteljingar og språk som bærar av uhandgripeleg kultur”.  I starten var vårt hovudfokus at det var bruk for ein definisjonskamp – ikkje berre i Noreg, men også internasjonalt. 

Dette er forklaringa på reisekostnadane i prosjektet: Vi reiste for å ta del i møtet som det nasjonale nettverket av aktørar innan immateriell kulturarv (IKA-nettverket) hadde på Lillehammer i mai -23. Her opplevde vi til vår store glede ei så godt som samstemt forsamling som uttrykte støtte til at “immateriell kulturarv” også veks fram i dag, at munnleg historie er eit stort og viktig fagfelt innan den immaterielle samtidskulturen – og at alt som blir samla inn og dokumentert av munnleg kjeldemateriale er blitt kulturarv etter få år i arkiv. 

Vi reiste også til Sverige, der vi deltok på vår svenske systerorganisasjon (OHIS – Oral history i Sverige) sin årskonferanse. Og vi reiste til Brasil, på kongressen til International Oral History Association, der Bjørn Enes frå Bergen Memoar hadde innlegg og argumenterte for at IOHA burde akkrediterast til UNESCO- konvensjonen om Intangible Cultural Heritage. Også der opplevde vi full støtte både under seminaret, og seinare under generalforsamlinga. 

Dette målet kvitterar vi derfor ut som gjennomført. 

  • 4: Nytt stort munnleg historie-prosjekt styrt frå Bergen   

I mai månad melde vi oss som interesserte i å delta i Den nasjonale komiteen for utvandrarjubileet i 2025. Vi ba om å få halde innlegg på komiteen sitt møte på Nasjonalbiblioteket. Der tok vi til ordet for at ei stor innsamling av munnleg historie om både ut- og innvandring burde vere eit hovudelement i jubileumsmarkeringa. 

Innlegget fekk svært god respons – ikkje minst frå Fjellkoret, som også hadde innlegg der. Deira idé var eit stort korverk, bygd på munnlege kjelder av i dag. Vi fann kvarandre, og starta eit pilotprosjekt som skulle vise korleis munnleg kjeldeinnsamling og kunstproduksjon kan virke saman. To musé vart med i starten, Kystmuséet i Øygarden og Vestnorsk Utvandrarsenter. Vi arrangerte både opne forteljarkveldar og ein til ein-intervju og samla både verdfullt materiale og veldig viktige erfaringar. 

Erfaringane brukte vi til å utforme ei prosjektskildring av den store nasjonale minneinnsamlinga som vi hadde argumentert for på NB. I desember kunne vi sende ein fyrste søknad om finansiering – med støtteerklæringar både frå Styringsgruppa i den nasjonale jubileumskomiteen og frå Kulturvernforbundet. Den søknaden gjekk til Kulturdirektoratet. Vi har svært gode forhåpningar til den – men sjølv om han går inn, så er han ikkje stor nok. Derfor har vi brukt mykje tid og krefter på å bygge opp ein hovudsøknad til Sparebankstiftelsen DNB. Dialogen med dei er god. Det store prosjektet blir eit samarbeid med store folkeorganisasjonar og diasporaorganisasjonar og vi håpar å finansiere minst to stillingar frå kvartal 2 i 2024 til og med kvartal 1 i 2026. 

Vi rekk ikkje å få svaret på om optimismen vår blir stadfesta før vi leverar denne sluttrapporten – men vi lovar å utbasunere det snarast råd etterpå. 

  • 5. Fagutvikling 

Både den ovannevnte definisjonskampen og utviklinga av prosjekt Migrasjonsminne har vore fagutvikling. I tillegg har nettopp verdien av store minnesamlingar blitt valt som hovudtema på Memoarkonferansen 2024. Men like viktig som tiltak med høg fagleg prestisje, er breiddetiltak: I løpet av dette året har vi utvikla kortkurset “Privat minnesamling” som vi køyrde på Kulturdagane både i Åsane, Fyllingsdalen og Fana i haust. Idéen her er å setje “alle” familiar i Bergen i stand til å bygge opp sine eigne samlingar av munnleg historie-intervju i familiearkivet. 

  • 6. Kulturpolitisk arbeid:

Den største sigeren på dette feltet er samarbeidsavtalen med styret i Landslaget for lokalhistorie, der begge partar forpliktar seg til å arbeide saman for kravet om at samlingane som vi skal bygge opp i prosjekt Migrasjonsminne skal bli anerkjent som bevaringsverdig kulturarv og at ein offentleg finansiert arkivinstitusjon (les Nasjonalbiblioteket) skal få ansvar for å sikre har for all ettertid. 

  • 7. Involvering av frivillige

Som nevnt innleiingsvis: Så godt som alt dette er gjort på frivillig basis. Grunnen til at dette punktet sto på prioriteringslista var at vi mot slutten av “munnleg historie for alle” såg ei bakside av den medalja det var å få eit så stort prosjekt med så god økonomi: Det kunne lett oppstå gnissingar mellom tilsette og frivillige. Men som denne historia har vist oss: I ein organisasjon som Memoar så er det kjerna av frivillige som er garantisten for at arbeidet held fram både i kronår og uår.

Bergen 28/2 2024 – Bjørn Enes

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.