
Bakgrunn:
Sist årsmøte i mars 2024 oppmoda det nye styret i Memoar om å gå gjennom vedtektene og legge fram forslag om revisjon på årsmøtet i 2025. Styret har diskutert dette grundig, og tar sikte på å legge fram eit slikt forslag. Men for å involvere medlemmene i diskusjonen, har styret bedt styreleiar om å legge fram eit førebels «privat» forslag.
Dette er altså eit “privat” forslag til nye vedtekter frå styreleiar Bjørn Enes. Fyrst heile forslaget i samanheng – lenger nede ei gjennomgang paragraf for paragraf om kva som er endra og kvifor.
Alle medlemmer er velkomne til å kommentere. Det kan skrivast kommentarar direkte i denne bloggen, eller det kan sendast epost til styret (post@memoar.no) – eller det kan luftast uformelt i telefon eller samtalar med styremedlemmene. Her kjem det nye forslaget:
Forslag;
- Memoar er ein frivillig og demokratisk interesseorganisasjon for utøvarar av munnleg historie (oral history) på skandinaviske språk. Organisasjonen skal nytte vedlagte logo, og mottoet «Alle har ei forteljing å dele» på eit skandinavisk språk.
- Memoar sitt formål er å bygge levande kulturminne gjennom å samle, dokumentere, dele, bevare og formidle ytringar om levd liv, livserfaringar og refleksjonar rundt opplevd historie
- Memoar skal arbeide for:
- Eit kulturpolitisk vedtak om anerkjenning av munnleg historie som bevaringsverdig immateriell kulturarv, og for at offentleg finansierte arkiv- eller biblioteksinstitusjonar skal påleggast ansvar for langtidsarkivering av munnleg historie.
- Organisere samarbeid om munnleg historie med andre historielag, øvrig frivillig kulturvern, arkiv-bibliotek- og museumsverksemder, forskarar og andre.
- Bygge ut Memoar som organisasjon og nettverk av frivillige og profesjonelle utøvarar av munnleg historie gjennom kurs, trening, prosjektinitiativ, erfaringsdeling og fagleg diskurs
- Bygge opp samlingar av dokumenterte og indekserte intervjuopptak med personar som har opplevd og tatt del i historiske, kulturelle, sosiale og miljømessige endringsprosessar i samtid og nær fortid (“manns- og kvinneminne”)
- Gjere mest mogleg av desse samlingane tilgjengelege for flest mogleg interesserte gjennom å vidareutvikle nettsida Memoar.no til eit medium for deling av munnleg historie.
- Formidle munnleg historie gjennom publikumsarrangement, publikasjonar, utstillingar og kunstnarisk vidareforedling, og arbeide for større akademisk interesse for og forsking innan munnleg historie.
- Drift og vidareutvikling av ein infrastruktur for munnleg historie som skal bestå av
- eit sett av malar for dokumentasjon av samtykke til opptak, arkivering, bruk og vidareforedling av munnleg kjeldemateriale
- eit audiovisuelt arbeids- og avleveringsarkiv,
- verktøy for opptak, mellomlagring, redigering, dokumentasjon, indeksering, arkivering/avlevering og publisering av intervjuopptak
- eit publiseringsmedium for deling av munnleg historie (Memoar.no)
- eit medium for diskurs og fagutvikling av munnleg historie i Skandinavia (Memoar.blog)
- ein årleg konferanse for erfaringsdeling og fagleg diskurs om munnleg historie på skandinaviske språk. ((Memoarkonferansen)
- Medlemskap:
- Enkeltutøvarar av munnleg historie, så som minneforteljarar, minnesamlarar, forskarar og formidlarar, som interesserar seg for immateriell kulturarv generelt og munnleg historie særskilt, er velkomne som medlemmer i Memoar. Personleg medlemskap kostar 350,- kr pr år, og gir rett til deltaking med stemmerett på årsmøte, rett til rabatt på kurs og arrangement, rett til informasjon om nye prosjektinitiativ og rett til deltaking på erfaringsutvekslingar og fagleg diskurs.
- Enkeltmedlemmer i eit geografisk eller fagleg område kan etablere lokal foreining med same formål som Memoar, og søke styret i Memoar om godkjenning av namnet “(Lokalområdet) Memoar” og godkjenning som grunnorganisasjon. Kvar godkjend grunnorganisasjon har rett til ei stemme i Memoars Råd.
- Soge/historielag og andre frivillige kulturvernorganisasjonar som arbeider med eller interesserar seg for immateriell kulturarv generelt og munnleg historie særskilt, er velkomne som organisasjonsmedlemmer. Organisasjonsmedlemskap kostar kr 500/år, og gir rett til plass for klikkbart namn og logo på www.memoar.no/om-oss og dei same rettane som enkeltmedlemmer for ein representant om gongen. Kvart organisasjonsmedlem har rett til ei stemme i Memoars Råd.
- Memoar er medlem av Kulturvernforbundet, Landslaget for lokalhistorie, Studieforbundet kultur og tradisjon, Arkivforbundet og International Oral History Association. I tillegg søker Memoar medlemskap i Oral History i Sverige (OHIS), Hembygdsförbundet og tilsvarande organisasjonar som arbeider innan skandinaviske språk.
- Årsmøtet er høgaste myndighet i Memoar. Alle medlemmer (personlege og organisasjonsmedlemmer) som har betalt kontingent har rett til å møte fysisk eller digitalt på årsmøtet, med ei stemme kvar. Årsmøtet skal haldast i vårhalvåret kvart år. Det skal kallast inn med minst 14 dagars frist, og innkallingane skal gå til alle medlemmer gjennom epost, nettside og sosiale media der Memoar har ein profil. Årsmøtet skal gjere vedtak om:
- Årsmelding om arbeidet sidan sist årsmøte
- Rekneskap
- Arbeidsplan og budsjett
- Innkomne forslag
- Val av styre, styreleiar og revisor.
- To av deltakarane på årsmøtet skal veljast til å gjå gjennom og stadfeste at protokollen er rett ved å signere han saman med protokollskrivaren.
- Styret: Leiinga av Memoar skal utførast av eit styre på tre til sju personar.
- Styret og styreleiar skal veljast på årsmøtet for eitt år kvar gong.
- Styret peikar ut rekneskapsførar for kvart år. Styreleiar skal få avstemt rekneskap kvar månad, og styret skal få rekneskapsrapport kvart kvartal.
- Styret peikar ut redaktør av organisasjonen sine media.
- Dersom det er behov for ein dagleg leiar ved sida av styreleiar er det også styret som peikar ut denne.
- Styret er vedtaksført når to tredelar av styret er til stade.
- Alle styrereferat skal signerast av alle styremedlemmene som var til stade.
- Råd: Styret kan opprette eit råd av ein representant for kvar godkjend grunnorganisasjon og ein representant for kvart organisasjonsmedlem. Slikt råd har rådgjevande rolle for styret.
- Konfliktar: Dersom nokon nyttar sitt medlemskap til hatefulle, diskriminerande, hånande eller trugande ytringar, skal ho eller han melde seg ut eller bli ekskludert frå Memoar av styret, årsmøtet eller ekstraordinært årsmøte
- Dersom det oppstår ein heilt spesiell situasjon som 20% av medlemmene eller 1/3 av styret vil at heile organisasjonen skal ta stilling til, må styret kalle inn til ekstraordinært årsmøte. Eit slikt møte skal berre drøfte og gjere vedtak i den saka som det har blitt kalla inn for å handsame.
- Oppløysing av organisasjonen
- Dersom to tredeler av dei som har stemmerett på eit årsmøte eller eit ekstraordinært årsmøte bestemmer det, skal Memoar oppløysast.
- Intellektuell og / eller økonomisk eigedom som Memoar måtte ha, skal i tilfelle oppløysing overførast til ein institusjon eller organisasjon som vil vidareføre formålet. Dersom to tredeler av dei som har stemmerett på det årsmøtet eller ekstraordinære årsmøtet som måtte vedta oppløysing gjer eit vedtak om ei slik overføring av eigedom, gjeld det. Er det ikkje to tredels fleirtal, skal intellektuell og økonomisk eigedom overførast til Vestland fylkesarkiv.
- Endring av desse vedtektene kan berre gjerast av eit lovleg innkalt årsmøte. Endringar kan gjerast med alminneleg fleirtal, bortsett frå eventuelt vedtak om oppløysing, som krevjer to tredels fleirtal.
Kva er endra- og kvifor?
Fyrste paragraf:
Fyrste paragraf er fyrst og fremst ei presisering av at Memoar er ein frivillig organisasjon. Det er også forslag om å definere Memoar som ein skandinavisk organisasjon, ikkje berre norsk. Stiftingsdatoen er tatt ut.
Nåverande formulering:
- Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie, er stifta i Bergen 2. juli 2015. Organisasjonen skal nytte vedlagte logo, og mottoet «Alle har ei forteljing å dele».
Forslag til ny formulering:
- Memoar er ein frivillig og demokratisk interesseorganisasjon for utøvarar av munnleg historie (oral history) på skandinaviske språk. Organisasjonen skal nytte vedlagte logo, og mottoet «Alle har ei forteljing å dele» på eit skandinavisk språk.
Andre paragraf:
Andre paragraf er ei konkretisering av utdjuping av Memoar sitt formål.
Nåverande formulering:
- Formål: Memoar skal fremje ein kultur for å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv.
Forslag til ny formulering:
- Memoar sitt formål er å bygge levande kulturminne gjennom å samle, dokumentere, dele, bevare og formidle ytringar om levd liv, livserfaringar og refleksjonar rundt opplevd historie
Tredje paragraf
Tredje paragraf er ei oppdatering av dei mest sentrale arbeidsoppgåvene:
Nåverande formulering:
- Oppgåver: Memoar skal arbeide for:
- At bibliotek og lokalarkiv i heile Noreg etablerer intervjustudio som innbyggarane enkelt og rimeleg kan låne eller leige for å gjere teknisk gode opptak i lyd og bilete (video) av forteljingar om levd liv.
- At den offentlege arkiv-, biblioteks- eller museumssektoren etablerer arkivløysingar for munnleg kjeldemateriale i form av video-, lyd-, multimedia-, foto- og tekstfilar med forteljingar om levd liv og annan samtidsdokumentasjon. Når forteljarane samtykker til det, bør slike arkivløysingar vere opne.
- Å utvikle tilbod til medlemmer i Memoar og andre om opplæring i og kunnskapsdeling om opptak, intervju, enkel redigering, dokumentasjon, metadataregistrering, opphavsrettsreglar, opplasting til arkiv, presse/publiseringsetikk og publisering.
- Å utvikle nettsida www.memoar.no og andre formidlingskanalar som kan hjelpe forteljarar som ynskjer det å nå fram til større publikum.
- Å arbeide for større akademisk og profesjonell interesse for munnleg historie som kjelde for samtidsdokumentasjon og nær historie.
- Og å ta initiativ til og delta i samarbeidsprosjekt med historielag, anna frivillig kulturvern, arkiv-, bibliotek og musé, akademia, forskingsmiljø og profesjonelle forteljarar / media.
Forslag til ny formulering:
- Memoar skal arbeide for:
- Eit kulturpolitisk vedtak om anerkjenning av munnleg historie som bevaringsverdig immateriell kulturarv, og for at offentleg finansierte arkiv- eller biblioteksinstitusjonar skal påleggast ansvar for langtidsarkivering av munnleg historie.
- Organisere samarbeid om munnleg historie med andre historielag, avrig frivillig kulturvern, arkiv-bibliotek- og museumsverksemder, forskarar og andre.
- Bygge ut Memoar som organisasjon og nettverk av frivillige og profesjonelle utøvarar av munnleg historie gjennom kurs, trening, prosjektinitiativ, erfaringsdeling og fagleg diskurs
- Bygge opp samlingar av dokumenterte og indekserte intervjuopptak med personar som har opplevd og tatt del i historiske, kulturelle, sosiale og miljømessige endringsprosessar i samtid og nær fortid (“manns- og kvinneminne”)
- Gjere mest mogleg av desse samlingane tilgjengelege for flest mogleg interesserte gjennom å vidareutvikle nettsida Memoar.no til eit medium for deling av munnleg historie.
- Formidle munnleg historie gjennom publikumsarrangement, publikasjonar, utstillingar og kunstnarisk vidareforedling, og arbeide for større akademisk interesse for og forsking innan munnleg historie.
- Drift og vidareutvikling av ein infrastruktur for munnleg historie som skal bestå av
- eit sett av malar for dokumentasjon av samtykke til opptak, arkivering, bruk og vidareforedling av munnleg kjeldemateriale
- eit audiovisuelt arbeids- og avleveringsarkiv,
- verktøy for opptak, mellomlagring, redigering, dokumentasjon, indeksering, arkivering/avlevering og publisering av intervjuopptak
- eit publiseringsmedium for deling av munnleg historie (Memoar.no)
- eit medium for diskurs og fagutvikling av munnleg historie i Skandinavia (Memoar.blog)
- ein årleg konferanse for erfaringsdeling og fagleg diskurs om munnleg historie på skandinaviske språk. ((Memoarkonferansen)
Fjerde paragraf:
Dette er også ei oppdatering. Memoar har fått lokalorganisajonar og ein god del organisasjonsmedlemmer – dvs historielag som også har meldt seg inn i Memoar.
Nåverande formulering:
- Medlemskap: Alle er velkomne som medlem, så sant dei deler interessa for Memoar sitt formål, og respekterer verdien av andre sine forteljingar, uavhengig av hudfarge, nasjonalitet, etnisk opphav, religion, livssyn, legning, leveform, orientering eller funksjonsevne. Alle medlemmer skal betale kontingent. Kontingenten vert bestemt på årsmøtet.
Forslag til ny formulering:
- Medlemskap:
- Enkeltutøvarar av munnleg historie, så som minneforteljarar, minnesamlarar, forskarar og formidlarar, som interesserar seg for immateriell kulturarv generelt og munnleg historie særskilt, er velkomne som medlemmer i Memoar. Personleg medlemskap kostar 350,- kr pr år, og gir rett til deltaking med stemmerett på årsmøte, rett til rabatt på kurs og arrangement, rett til informasjon om nye prosjektinitiativ og rett til deltaking på erfaringsutvekslingar og fagleg diskurs.
- Enkeltmedlemmer i eit geografisk eller fagleg område kan etablere lokal foreining med same formål som Memoar, og søke styret i Memoar om godkjenning av namnet “(Lokalområdet) Memoar” og godkjenning som grunnorganisasjon. Kvar godkjend grunnorganisasjon har rett til ei stemme i Memoars Råd.
- Soge/historielag og andre frivillige kulturvernorganisasjonar som arbeider med eller interesserar seg for immateriell kulturarv generelt og munnleg historie særskilt, er velkomne som organisasjonsmedlemmer. Organisasjonsmedlemskap kostar kr 500/år, og gir rett til plass for klikkbart namn og logo på www.memoar.no/om-oss og dei same rettane som enkeltmedlemmer for ein representant om gongen. Kvart organisasjonsmedlem har rett til ei stemme i Memoars Råd.
- Memoar er medlem av Kulturvernforbundet, Landslaget for lokalhistorie, Studieforbundet kultur og tradisjon, Arkivforbundet og International Oral History Association. I tillegg søker Memoar medlemskap i Oral History i Sverige (OHIS), Hembygdsförbundet og tilsvarande organisasjonqar som arbeider innan skandinaviske språk.
Femte paragraf:
Oppdatering: Eg foreslår å skrive inn i vedtektene at også organisasjonsmedlemmer kan bli med på årsmøtet og at alle medlemmer kan melde seg på og delta fysisk eller digitalt – altså at årsmøtet alltid skal vere hybrid.
Nåverande formulering:
- Årsmøtet er høgaste myndighet i Memoar. Alle medlemmer som har betalt kontingent har rett til å møte på årsmøtet, med ei stemme kvar. Årsmøtet skal haldast i vårhalvåret kvart år. Det skal kallast inn med minst 14 dagars frist, og innkallingane skal gå til alle medlemmer gjennom epost, nettside og sosiale media der Memoar har ein profil. Årsmøtet skal gjere vedtak om:
- Årsmelding om arbeidet sidan sist årsmøte
- Rekneskap
- Arbeidsplan og budsjett
- Val av styre og andre tillitsverv.
- To av deltakarane på årsmøtet skal velgjast til å gjå gjennom og stadfeste at protokollen er rett ved å signere han saman med protokollskrivaren.
Forslag til ny formulering:
- Årsmøtet er høgaste myndighet i Memoar. Alle medlemmer (personlege og organisasjonsmedlemmer) som har betalt kontingent har rett til å melde seg på og møte fysisk eller digitalt på årsmøtet, med ei stemme kvar. Årsmøtet skal haldast i vårhalvåret kvart år. Det skal kallast inn med minst 14 dagars frist, og innkallingane skal gå til alle medlemmer gjennom epost, nettside og sosiale media der Memoar har ein profil. Årsmøtet skal gjere vedtak om:
- Årsmelding om arbeidet sidan sist årsmøte
- Rekneskap
- Arbeidsplan og budsjett
- Innkomne forslag
- Val av styre, styreleiar og revisor.
- To av deltakarane på årsmøtet skal veljast til å gjå gjennom og stadfeste at protokollen er rett ved å signere han saman med protokollskrivaren.
Sjette paragraf:
Oppstrammingar og tydeleggjeringar: At det er styret som leier Memoar, det skal veljast på årsmøtet. Årsmøtet skal også bestemme styreleiar – men viss styret bestemmer at det også skal vere ein dagleg leiar, så er det styret som bestemmer kven det skal vere. At styret bestemmer kven som skal vere redaktør av nettside og blogg, og kven som skal føre rekneskap.
Nåverande formulering:
- Styret: Den daglege leiinga av Memoar skal utførast av eit styre på tre til sju personar.
- Styret skal veljast på årsmøtet, for eitt år kvar gong.
- Årsmøtet skal også bestemme kven som skal vere leiar av styret og dermed av organisasjonen. Annan arbeidsdeling i styret avgjer styret sjølv.
- Dagleg leiar av Memoar skal også vere redaktør av organisasjonen si publikumsretta nettside.
- Styret er vedtaksført når to tredelar av styret er til stade.
- Alle styrereferat skal signerast av alle styremedlemmene som var til stade.
- Styret peikar ut rekneskapsførar for 2022. Alle utbetalingar skal godkjennast av dagleg leiar før dei blir utført. Dagleg leiar skal få avstemt rekneskap kvar månad, og styret skal få rekneskapsrapport kvart kvartal.
Forslag til ny formulering;
- Styret: Leiinga av Memoar skal utførast av eit styre på tre til sju personar.
- Styret og styreleiar skal veljast på årsmøtet for eitt år kvar gong.
- Styret peikar ut rekneskapsførar for kvart år. Styreleiar skal få avstemt rekneskap kvar månad, og styret skal få rekneskapsrapport kvart kvartal.
- Styret peikar ut redaktør av organisasjonen sine media.
- Dersom det er behov for ein dagleg leiar ved sida av styreleiar er det også styret som peikar ut denne.
- Styret er vedtaksført når to tredelar av styret er til stade.
- Alle styrereferat skal signerast av alle styremedlemmene som var til stade.
Ny sjuande paragraf:
Memoar veks snart vil det trengast eit nivå mellom brunnorganisasjon og styre. I denne omgang foreslår eg eit Råd – med mandat nattopp til å gi råd. Ein representant for kvar godkjende grunnorganisasjon og ein frå kvart organisasjonsmedlem. (I framtida kan dette endrast til eit landsstyre viss det blir behov for det)
Nåverande formulering: Ingen
Forslag til ny formulering;
- Råd: Styret kan opprette eit råd av ein representant for kvar godkjend grunnorganisasjon og ein representant for kvart organisasjonsmedlem. Slikt råd har rådgjevande rolle for styret.
Dei siste paragrafane (nåverande7-8-9 – nye 8-9-10):
Einaste endringa er forslag i paragraf 10 om at i tilfelle oppløysing skal intellektuell og fysisk eigedom overførast til Vestland Fylkesarkiv i staden for Bergen Byarkiv. Årsaka er at det ser ut til å vekse fram eit nært samarbeid om langtidsarkivering med Vestland Fylkesakriv.
24. nov. 2024 – Bjørn Enes