
Memoar og Vestland Fylkesarkiv har søkt Kulturrådet om støtte til eit prosjekt som både kan løyse spørsmålet om langtidsarkivering av Migrasjonsminnesamlinga, og prøve ut ein permanent struktur for innsamling, dokumentasjon, langtidsarkivering og tilgjengeleggjering av munnleg kulturarv. Etter 10 år med bygging av Memoar kan dette bli løysinga på det som alt starta med!
Prosjektet
Kort fortald handlar prosjektsøknaden om å løyse ein serie prinsipielle spørsmål om langtidslagring av munnleg historie. For eksempel:
- Kva er bevaringsverdig munnleg kulturarv?
- Kva skal vere standard metadata for munnleg kjeldemateriale?
- Korleis bør rutinane samordnas mellom innsamlingsorganisasjon og arkivinstitusjon?
- Kva for tekniske spesifikasjonar bør gjelde for ein infrastruktur kring mottak, langtidsbevaring og tilgjengeleggjering av munnleg kjeldemateriale?
- Korleis løyser vi problemet med arkivering av ei samling samtidig med at innsamlinga pågår?
- Kva for retningslinje bør gjelde for bruk og tilgjengeleggjering av innsamla munnleg kjeldemateriale?
I stor grad handlar dette om å gå kritisk gjennom dei rutinane Memoar har utvikla, og bli samde om endringar som eventuelt må gjerast for å samordne “Memoarmetoden” med arkivets kvalitetskrav og metodikk.
Når dette er avklart, handlar prosjektet om å starte avleveringa av alt materiale som blir samla inn gjennom prosjekt Migrasjonsminne.
(Heile prosjektskildringa er referert lengre nede i denne artikkelen)
Arkiveringsproblemet:
Memoar vart starta av “brente born” i 2015: Tre tidlegprosjekt som samla munnleg historie om krigshistoria (Norgesdokumentasjon, NorgesLexi og Neveragain.no) var alle gått tapt på grunn av mangelfulle løysingar for langtidsarkivering. Derfor var avlevering av munnleg kjeldemateriale til offentleg arkiv det fyrste spørsmålet som grunnleggarane tok fatt på. Den gong blei spørsmålet reist for Statsarkivet i Bergen, Hordaland Fylkesarkiv, Bergen Byarkiv og Nasjonalbiblioteket. Hos dei tre fyrste var svaret at dei mangla infrastruktur og kompetanse, hos Nasjonalbbilioteket var svaret at munnleg kjeldemateriale ikkje er ein del av oppdraget.
Norsk Folkeminnesamling var interessert, og vart ein fast samarbeidspartnar. Dei hadde heller ingen infrastruktur på det tidspunktet, men det hadde Norsk Etnologisk Gransking: Dei utvikla innsamlingstenesta Minner.no saman med KulturIT AS. “Trekanten” NEG – Memoar og Folkeminnesamlinga har sidan vore nære samarbeidsartnarar.
Men Minner.no sikra heller inga langtidsarkivering. Det er ei kommersiell teneste for innsamling, men føresetnaden for langtidsarkivering er oppretthalding av årleg abonnement. Viss Memoar skulle bli nedlagt, vil dermed også alt innsamla materiale gå tapt – og dermed var vi like langt.
Positiv utvikling:
Det har vore jamn framgang for arbeidet med munnleg historie gjennom dei ssite ti åra. Alt i 2018 sa Statsarkivet i Kristiansand ja til å ta imot den lokalhistoriske kjeldesamlinga “Kraft – kompetanse – kultur, Kristiansand 1990-2017”.
I 2020 kom Nasjonalbibliotekets prosjekt Kulturarvsdigitalisering i gang. Det omhandla langtidsarkivering av generell audiovisuell kulturarv på utgåtte format, deriblant også munnleg kjeldemateriale. Men prosjektet medførte ikkje at munnleg historie vart ein del av NBs oppdrag, og det omfatta heller ikkje materiale som var skapt i “digitalalderen”, slik så godt som alt Memoars materiale er.
I 2023 sa Oslo Byarkiv ja til å ta imot samlinga “Oslove 2024” – ei samling av 400 personintervju frå byjubileet 2024. Men på grunn av mange uløyste prinsippspørsmål rundt langtidslagring av munnleg historie, vart materialet inntil vidare klausulert.
Milepålen
Men seinhaustes 2024 så kom altså Vestland Fylkesarkiv inn på banen. Dei har vidareført eit mangeårig utviklingsarbeid i Fylkesarkivet for Sogn og Fjordane, og dei ville gjerne ta til med både arkivering og tilgjengeleggjering av digitalt skapt minnemateriale. Fylkesarkivet sitt problem var at dei mangla ressursar til innsamling. Memoar sitt problem var motsatt: Vi mangla ein partnar for langtidsarkivering.
Kulturrådet har nå fått ein søknad frå desse to, om å sikre langtidsarkivering av Migrasjonsminneinnsamlinga. Søknaden handlar også om å løyse dei prinsipielle spørsmåla som er knytta til denne “nye” kjeldekategorien. Dersom Kulturrådet bestemmer seg for å bidra, kjem prosjektet i gang hausten 2025, for å vere ferdig gjennomført innan sommaren 2026.
I Memoar sine framtidsvisjonar, kan dette bli ein viktig del av strukturen rundt eit nytt Senter for immateriell kulturarv på Vestlandet, med hovudfokus munnleg kulturarv, forteljekunst og språk. Arkiv for munnleg historie i Leikanger, Språksamlingane og og det folkloristiske arkivet SAMLA i Bergen, innsamlingsorganisasjonen Memoar og Jakob Sande Senter for forteljekunst i Fjaler er nokre av dei institusjonane og organisasjonane som kan gjere det nye senteret til eit verkeleg landsdelssenter med nasjonalt ansvar for viktige delar av den levande kulturarven.
Prosjektsøknaden:
Kort presentasjon av verksemda
Det er to partnarar i denne søknaden.
Memoar er ein frivillig organisasjon med føremål om å fremje ein kultur for å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv. Det gjer i gjennom å samle inn, dokumentere og bevare seriar av intervjuopptak med personar som har tatt del i eller vore vitne til historiske utviklingsprosessar og hendingar.
Vestland fylkeskommune (VLFK), ved seksjon arkiv, tar vare på og gjer tilgjengeleg offentleg og privat kjeldemateriale frå Vestland fylke. Publikum kan bruke arkiva som grunnlag for historisk forsking og formidling, dokumentasjon av rettar, til bruk i samfunnsforvaltning med meir.
Organisasjonsform og driftsmodell
Memoar og Vestland fylkeskommune (VLFK) er prosjektpartnarar. Det setjast ned ei prosjektgruppe med representantar frå dei to partnarane. Prosjektleiar for prosjektet er VLFK.
Det blir sett ned ei prosjekteigargruppe med ansvar for å ta overordna avgjerder på prosjektmåla. Prosjekteigargruppa setjast saman av styreleiar ved Memoar og fagleiar ved VLFK.
Namn på prosjekt
Munnlege minne i digitalt depot. Bevaring og tilgjengeleggjering av munnleg historie.
Prosjektskildring
Munnleg historie som fagfelt og kultursjanger er viktig i offentleg samtale rundt identitet, tilhøyrsle, historie og kulturell eigenart. Men Noreg manglar ein struktur for dokumentasjon, arkivering og formidling av mangfaldet i den munnlege, levande kulturarven. Memoar og Vestland fylkeskommune søkjer med dette om midlar til å gjennomføre eit forprosjekt knytt til økosystemet rundt innsamling, bevaring og formidling av munnleg historie. Resultatet av forprosjektet skal danne grunnlag for tilrådingar om ein framtidig permanent nasjonal struktur for bevaring og tilgjengeleggjering av denne delen av den immaterielle kulturarven. Desse tilrådingane vil vera ein del av utforminga av eit hovudprosjekt seinare.
Forprosjektet har følgjande prosjektmål:
- Gjennomføre eit forprosjekt med innsamling, samtidig innsamling, deponering, bevaring og tilgjengeleggjering av ei større samling munnleg historie.
- Formulere tilrådingar til korleis ein permanent nasjonal struktur for bevaring og tilgjengeleggjering av munnleg historie kan vere.
I 2025 har Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie arbeidd i ti år med å bygge opp ein slik struktur i frivillig sektor. Vestland fylkeskommune (VLFK) arbeider med innsamling, bevaring og tilgjengeleggjering av den immaterielle kulturen i Vestland. Gjennom fleire tiår har ein av forløparane til VLFK, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, utvikla digitale tenester for tilgjengeleggjering av arkivmateriale. Samarbeidet mellom aktørane kombinerer arkivfagleg kompetanse med erfaring med minneinnsamling.
For å best kunne formulere tilrådingar til korleis ein struktur for bevaring og tilgjengeleggjering av munnleg historie kan sjå ut, ønskjer vi å gjennomføre eit forprosjekt for å byggje erfaring og for å avdekkje kva for område eksisterande løysingar og infrastruktur ikkje er tilfredsstillande nok for denne kjeldetypen. Forprosjektet skal ta utgangpunkt i innsamla munnlege historier frå Prosjekt Migrasjonsminne. Dette prosjektet er eit samarbeid mellom Memoar, Landslaget for lokalhistorie, Slekt og data, Tamil Diaspora Archive og Råd for mangfold og inkludering Mortensrud. Prosjektet er fullfinansiert av Sparebankstiftinga DNB og andre lokale bidragsytarar til delprosjekt.
Valet av materiale frå Prosjekt Migrasjonsminne er ikkje tilfeldig. I 2025 markerast Utvandrarjubileet 2025, og både VLFK og Memoar er medlem i det nasjonale nettverket Crossings 200 som samordnar markeringar i både Noreg og USA. Det innsamla materialet i Prosjekt Migrasjonsminne inkluderer historier om norsk utvandring til USA og Canada i tillegg til historier om innvandring til Noreg. Gjennom å samle inn innvandrarhistorier bidrar prosjektet til å dokumentere minoritetar si historie i Noreg, og deira vilkår både historisk og i dag. Ønsket om å byggje ein infrastruktur for bevaring og tilgjengeleggjering av dette minnematerialet vil bidra til å synleggjere desse stemmene. Innvandrarrøystene er og ei viktig del av det utvida ytringsrommet i samfunnet.
Prosjekt Migrasjonsminne er ikkje fullført. Ved å velja eit prosjekt som framleis aktivt samlar inn materiale, vil forprosjektet få testa ut ulike løyper og arbeidsformer knytt til samtidig mottak av materiale. Med samtidig mottak meiner vi mottak av nytt, innsamla materiale. Memoar vil gjennom Prosjekt Migrasjonsminne halde fram innsamlingsarbeid i felten, som løpande vil klargjerast for deponering hjå VLFK. Rutinane som blir utvikla i prosjektet vi no søkjer om støtte til vil skildre korleis materialet skal handsamast slik at det utan unødig etterarbeid kan oppbevarast på VLFK sine serverar og informasjonen publiserast i katalog. Dette inkluderer arbeid med avklaring av rettar til materialet.
Materiale som til no er samla inn gjennom Prosjekt Migrasjonsminne er førebels oppbevart gjennom skytenesta Dropbox. Dette er inga fullgod bevaringsløysing korkje for brukskopiar eller langtidsbevaring, og ein er uroa for at det vil førekome tap av data. Forprosjektet er derfor viktig for å sikre dette unike materialet for framtida. VLFK har stilt seg positive til å vera ein framtidig depotinstitusjon for Memoar.
Ved hjelp av materialet frå Prosjekt Migrasjonsminne skal forprosjektet ha følgjande aktivitetar:
- Utarbeide ein standard for metadata for materiale som skal deponerast for langtidsbevaring
- Utarbeide rutinar knytt til deponering og langtidsbevaring av innsamla munnleg kjeldemateriale
- Undersøkje og greie ut tekniske spesifikasjonar for ein infrastruktur kring mottak, langtidsbevaring og tilgjengeleggjering av munnleg kjeldemateriale
- Utarbeide rutinar og løysingar for samtidig mottak av munnleg kjeldemateriale
- Utarbeide retningslinjer for bruk og tilgjengeleggjering av innsamla munnleg kjeldemateriale
- Utarbeide ein deponeringsavtale og deponeringsinstruks for framtidige innsamlingsprosjekt
- Gjennomføre ei deponering av innsamla materiale gjennom Prosjekt Migrasjonsminne
Fagleg målsetting
I arbeidet med forprosjektet vil det vere naturleg å reflektere rundt kva som skal reknast som bevaringsverdig munnleg historie som del av den samla samfunnsdokumentasjonen. Denne diskusjonen er ein sentral del av refleksjonen kring kulturvernets samfunnsrolle. Vidare er det naudsynt å vidareutvikle den arkivfaglege kompetansen når det gjeld samtidig mottak av digitalt skapt kjeldemateriale, og utarbeiding av infrastruktur knytt til langtidsbevaring og tilgjengeleggjering av denne kjeldetypen. Dagen nasjonale infrastruktur på arkivfeltet har ingen løysingar for dette per dags dato. Det vil dermed liggje på arkivinstitusjonane sjølve å utvikle denne, noko som kan påverke deira evne til å ta imot denne typen kjeldemateriale i framtida.
Innhald og tema
Munnleg historie, immateriell kultur, digital langtidsbevaring, utvandring, innvandring.
Plan for marknadsføring
Det er aukande interesse for munnleg historie, og mange aktørar kan vera interessentar i eit hovudprosjekt. Forprosjektet vil marknadsførast til interessentar og eksisterande samarbeidspartnarar. Dette gjeld særleg til dømes Landslaget for lokalhistorie og Slekt og data, eller andre aktørar innan det organiserte frivillige kulturvernet. Dette er døme på aktørar Memoar samarbeider med, mellom anna i Prosjekt Migrasjonsminne. Der vi møter desse aktørane vil vi fortelja om forprosjektet og hente inn innspel, som vil vera verdifulle i utforminga av eit framtidig hovudprosjekt.
Formidling
Resultatet av forprosjektet skal vere i form av ei skriftleg tilråding basert på erfaringar ein gjer seg gjennom dei ulike delane av forprosjektet.
Det vil vere naturleg å formidle resultatet av forprosjektet i eksisterande kanalar der munnleg historie er tema, slik som Memoarkonferansen. I tillegg kan det vere aktuelt å planleggje eit eige seminar om temaet som ein del av eit framtidig hovudprosjekt.
Samandrag
Memoar og Vestland fylkeskommune søkjer midlar til eit forprosjekt som skal utforske økosystemet rundt innsamling, bevaring og formidling av munnleg historie. Målet er å utvikle tilrådingar for ein framtidig permanent nasjonal struktur for bevaring og tilgjengeleggjering av munnleg historie.
Forprosjektet har to hovudmål: å gjennomføre innsamling, samtidig innsamling, deponering, bevaring og tilgjengeleggjering av ei større samling munnleg historie, og å formulere tilrådingar for ein permanent nasjonal struktur. Prosjektet vil ta utgangspunkt i innsamla historier frå Prosjekt Migrasjonsminne, som dokumenterer både norsk utvandring og innvandring til Noreg. Dette materialet er viktig for å synleggjere minoritetar si historie og deira vilkår.
Andre relevante opplysingar
Prosjektet søkjer om meir enn 30 % finansiering frå Kulturrådet. Vi meiner at prosjektet oppfyller fleire av satsingsområda og prioriteringane i Kulturrådets områdeplan for kulturvern, og at vi soleis kan få tildelt ein større del enn 30 % av prosjektets finansieringsbehov frå Kulturrådet.
Prosjektet oppfyller Kulturrådet sin strategi om mangfald ved å dokumentere, ta vare på og formidle historier frå norsk utvandring, men særleg viktig innvandring til Noreg. Ved å inkludere stemmer frå minoritetar og marginaliserte grupper, synleggjer vi mangfaldet av tradisjonar, levemåtar og erfaringar som er representert i Noreg i dag. Dette bidreg til å ivareta og formidle kunst og kultur som spring ut frå ulike tradisjonar, noko som er ei av hovudsatsingane til Kulturrådet.
Vidare legg prosjektet til rette for utprøving av nye idear som fornyar formidlinga av kulturarv og aukar deltakinga blant barn og unge. Ved å involvere ulike menneske frå fleire bakgrunnar i innsamlinga og formidlinga av munnleg historie, styrkjer vi forståinga av eigen og andre sin kulturarv. Dette gjer ein betre rusta til å møte ulike kulturuttrykk og tradisjonar med openheit og respekt, noko som er i tråd med Kulturrådet sine prioriteringar.
Prosjektet stimulerer òg til auka ytringsrom og meiningsmangfald. Gjennom å dokumentere og formidle historier som ikkje tidlegare har blitt høyrt, løftar vi fram stemmer som har vore underrepresenterte. Dette kan bidra til å rokke ved vedtekne sanningar og skape friksjonsfylte fellesskap, som er ei av Kulturrådet sine hovudsatsingar.
Frivilligheit er ein sentral del av prosjektet. Innsamlingsarbeidet som prosjektet baserer seg på er utført gjennom stor grad av frivilligheit. Memoar har gjennom ti år bygd opp ein struktur for innsamling og formidling av munnleg historie i frivillig sektor, og dette prosjektet vil vidareføre og styrkje denne innsatsen. Frivilligheit bidreg ikkje berre til å styrkje prosjektet fagleg, men også til å skape eigarskap og forankring i lokalsamfunnet. Dette er i tråd med Kulturrådet si satsing på å leggje til rette for samarbeid mellom frivillige og profesjonelle aktørar. Samarbeidet mellom Vestland fylkeskommune og Memoar er vidare eit godt døme på korleis offentlege og frivillige aktørar kan samarbeide om kulturvernprosjekt. Som arkivinstitusjon er Vestland fylkeskommune avhengig av kontakten med det frivillige for å samle inn og gje kontekst til samlingane. Like mykje er Memoar som frivillig aktør avhengig av profesjonelle arkivinstitusjonar for å ta vare på den dokumentasjons som blir skapt.
Framdriftsplan
| Tid | Kva |
| 1. august 2025 | Oppstart gjennomgang og ordning av eksisterande digitalt arkiv |
| 1. september 2025 | Oppstart arbeid med deponeringsinstruks |
| 1. oktober 2025 | Oppstart arbeid med rutine for samtidig mottak av materiale. |
| 1. desember 2025 | Eksisterande digitalt arkiv er ferdig ordna. Katalog utarbeidd. Deponeringsinstruks klar. |
| 1. desember 2025 | Oppstart klargjering til mottak av eksisterande digitalt materiale. |
| 20. desember 2025 | Mottak av eksisterande digitalt materiale fullført. |
| 20. desember 2025 | Rutine for samtidig mottak av materiale ferdig |
| 1. januar 2026 | Oppstart arbeid med tilgjengeleggjering av materiale i eksisterande infrastruktur |
| 1. mars 2026 | Oppstart arbeid med tilråding for nasjonal struktur, basert på erfaringar til no i forprosjektet |
| 30. mars 2026 | Innsamlingsarbeidet i Prosjekt Migrasjonsminne er ferdig. Oppstart etterarbeid. |
| 31. mai 2026 | Etterarbeid innsamla materiale i Prosjekt Migrasjonsminne er ferdig. |
| 1. september 2026 | Ferdigstilling av tilrådingar og prosjektrapport. |
| 1. oktober 2026 | Prosjektslutt. |
Budsjettet:
Prosjektet er kalkulert til kr. 803.000,- totalt.
Av dette skyt Memoar inn kr. 353.000,-
Fylkesarkivet skyt inn kr. 120.000,-
Søknaden til Kulturrådet er på kr. 330.000,-