«Uhåndgripelig kulturarv»

Telemarksforskning har nå publisert rapporten «Uhåndgripelig kulturarv» som dei har laga for Bergen Kommune.

Rapporten drøftar om det er behov for eit tredje senter for immateriell kulturarv i Noreg, i så fall om det finst gode grunnar til å plassere eit slikt senter i Bergen.

Han gir ingen klare konklusjonar, men peikar ut i alt seks alternativ som kan fylgjast opp.

Eit av dei er eit senter for munnleg historie, som med gode grunnar kan leggast til Bergen. Men Telemarksforskning meiner munnleg historie ikkje er immateriell kulturarv.

Memoar arbeider med ein kommentar til rapporten.

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.