1/7-15: Forslag til vedtekter for foreininga Memoar er klare

Forslag til Vedtekter for Memoar

1. Foreininga Memoar er stifta i Bergen i juli 2015 av seks privatpersonar som skal drive verksemda som eit interimstyre fram til formell stifting hausten 2015. Organisasjonen skal nytte vedlagte logo, og mottoet «Alle har ei forteljing å dele».

2. Formål: Memoar skal fremje ein kultur for å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv.

3. Oppgaver
Memoar sksl arbeide for

  • At bibliotek og lokalarkiv i heile Noreg etablerer intervjustudio som innbyggarane enkelt og rimeleg kan låne leller leige for å gjere teknisk gode opptak i lyd og bilete (video) av forteljingar om levd liv.
  • At det offentlege arkivverket etablerer serverløysingar som gjer det enkelt for innbyggarane å arkivere video-, lyd-, multimedia-, foto- og tekstfilar med forteljingar om levd liv og annan samtidsdokumentasjon, og som gjer det enkelt å dele slike forteljingar i sosiale media dersom opphavskvinna eller -mannen ynskjer det.
  • Å utvikle tilbod til medlemmer i Memoar om opplæring i og kunnskapsdeling om opptak, intervju, enkel redigering, metadataregistrering, opphavsrettsreglar, opplasting til arkiv, presse/publiseringsetikk og publisering.
  • Å utvikle ei nettside og / eller eit nettsamfunn som kan hjelpe medlemmer som ynskjer det å nå fram til større publikum.
  • Å arbeide for større akademisk og profesjonell interesse for munnlege forteljingar som kjelde for samtidsdokumentasjon og nær historie.
  • Og å ta initiativ til og delta i samarbeidsprosjekt med historielag, arkiv-, bibliotek og museum, akademia, forskingsmiljø og profesjonaelle forteljarar / media.

4. Medlemskap: Alle er velkomne som medlem, så sant dei deler interessa for Memoar sitt formål, og respekterer verdien av andre sine forteljingar, uavhengig av hudfarge, nasjonalitet, etnisk opphav, religion, livssyn, legning, leveform, orientering eller funskjonsevne.
Alle medlemmer skal betale kontingent. Kontingenten vert bestemt på årsmøtet.

5. Årsmøtet er høgaste myndighet i Memoar. Alle medlemmer som har betalt kontingent har rett til å møte på årsmøtet, og har ei stemme kvar.
Årsmøtet skal haldast i hausthalvåret kvart år, fyrste gong i 2015. Det skal kallast inn med minst 14 dagars frist, og innkallingane skal gå til alle medlemmer gjennom epost, nettside og sosiale media der Memoar har ein profil.
Årsmøtet skal gjere vdtak om

  • Årsmelding om arbeidet sidan sist årsmøte
  • Rekneskap
  • Arbeidsplan og budsjett
  • Val av styre og andre tillitsverv.

To av deltakarane på årsmøtet skal velgjast til å gjå gjennom og stadfeste at protokollen er rett ved å signere han saman med protokollskrivaren.

6. Styret: Den daglege leiainga av Memoar skal utførast av eit styre på tre eller fem fem personar.
Styret skal veljast på årsmøtet, for eitt år kvar gong.
Årsmøtet skal også bestemme kven som skal vere leiar av styret og dermed av organisasjonen. Annan arbeidsdeling i styret avgjer styret sjølv.
Leiar av Memoar skal også vere redaktør av organisasjonen si publikumsretta netttside.

7. Konfliktar: Dersom nokon nyttar sitt medlemskap til hatefulle, diskriminerande, hånande eller trugande ytringar, skal ho eller han melde seg ut eller bli ekskludert frå Memoar av styret, årsmøtet eller ekstraordinært årsmøte
Dersom det oppstår ein heilt spesiell situasjon som 20% av medlemmene eller 1/3 av styret vil at heile organisasjonen skal ta stilling til, må det kallat inn til ekstraordinært årsmøte. Eit slikt møte skal berre drøfte og gjere vedtak i den saka som det har blitt kalla inn for å handsame.

9. Oppløysing av organisasjonen
Dersom to tredeler av dei som har stemmerett på eit årsmøte eller eit ekstraordinært årsmøte bestemmer det, skal Memoar oppløysast.
Intellektuell og / eller økonomisk eigedom som Memoar måtte ha, skal i tilfelle oppløysing overførast til ein institusjon eller organisasjon som vil vidarefører formålet. Dersom to tredeler av dei som har stemmerett på det årsmøtet eller ekstraordinære årsmøtet som måtte vedta oppløysing gjer eit vedtak om ei slik overføring av eigedom, gjeld det vedtaket. Viss det ikkje er mogleg å få to tredels fleirtal for ein annan organisasjon eller institusjon, skal intellektuell og økonomisk eigedom overførast til Bergen Byarkiv.

10. Endring av desse vedtektene kan berre gjerast av eit lovleg innkalt årsmøte. Endringar kan gjerast med alminneleg fleirtal, bortsett frå eventuelt vedtak om oppløysing, som krevjer to tredels fleirtal.

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.