22/10-15: God framdrift i industriprosjektet

13. oktober gjorde styret i Nikkelverkets Arbeiderforening i Kristiansand vedtak om å vere pilotforeining i forprosjektet «Vendepunkt 1975», saman med Memoar, Norsk etnologisk gransking ved Folkemuseet og fagforbunet Industri Energi.

Det vert no etablert ein «minnekomite» i fagforeininga. Minneopptak har alt starta.

Pr 22/10 er det gjort tre opptak med arbeidarar på Nikkelverket og eit opptak med ein sentral tillitsvald i tidlegare Norsk Kjemisk Industriarbeidarforbund.

Nye minneopptak er planlagde i fyrste veka i november.

Prosjektet har eiga nettside: Vendepunkt1975.memoar.org

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.