26/10-15: Memoar klagar på Kulturetaten i Bergen

Som tidlegare meldt, har Memoar søkt om kr. 75.000,- i støtte til etablering av eit intervjustudio i Bergen Bibliotek. Tanken er at det skal etablerast eit studio som er enkelt for alle å bruke, slik at arbeidet for minnekultur kan konsentrerast om det viktige – å gjere opptak, kurse nye frivillige (og profesjonelle) minnesamlarar og å stimulere folk til å gjere det sjølve.

Men kulturetaten i Bergen Kommune er tydelegvis så lite interessert i denne formen for kulturvern, at dei ikkje ein gong har tatt seg bryet med å stadfeste at såknaden er motteken.

Den 18. august sende Memoar så eit høfleg purrebrev der me spurde om det var råd å få eit hint om når me kunne rekne med svar. Det hadde alt då vist seg at interessa for å aktivisere seg i minnesamling kan kome til å vekse raskt, og me ville gjerne få avklart om me måtte starte privat innsamling eller ikkje.

Men heller ikkje dette brevet fann kulturetaten nokon grunn til å svare på.

Så me venta endå ein månad, og den 25. seotember sende me det same spørsmålet om att. Framleis utan å høyre eit pip.

Det er bakgrunnen for at me sende ei formell klage til den same etaten i går, måndag 26/10. Det er uhøyrt at frivillig kulturarbeid skal bli behandla så arrogant. Me avslutta brevet med at me forventa ein reaksjon i løpet av denne veka, Men me har dårleg tid, så me startar førebuingar til ei privat løysing alt frå neste veke

Klagen er sendt Seksjon for arkiv, bibliotek og museer (som også styrer kulturminnevernet). Ordlyden i klagen er slik:
Bergen 25. oktober 2015.

Gode William Hazel, postmottak@bergen.kommune.no

KLAGE PÅ MANGLANDE SVAR. 

Memoar har ikkje fått svar på søknad om kulturvernmidler til støtte for etablering av intervjustudio i Bergen Bibliotek som alle innbyggarar i Bergen skal kunne nytte til å gjere minneopptak. Søknaden vart send 3/7 2015

Me har heller ikkje fått svar på spørsmål som me sende 18. august. Det var eit spørsmål om når me kunne vente svar på søknaden.

Og me saknar svar på spørsmål som me sende 25. september. Det var eit gjentatt spørsmål om når me kunne vente svar på søknaden.

Me har no fått det problemet som me frykta, nemleg at det har oppstått ein «kø» av minneopptak som skal gjerast, utan at det finst noko eigna intervjustudio i offentleg eige.
Interessa for minneopptak med video ser ut til vekse raskt. Eit vellukka fellesarrangement med Sjøfartsmuseet den 18/10 har særleg gjort presset stort.

Me har forsøkt å forklare at årsaka til at me gjerne vil ha avklart søknaden så raskt som råd, er at me i tilfelle avslag vil forsøke å få til ei privat løysing. Men me ynskjer at infrastrukturen skal vere offentleg, slik at alle innbyggarar kan nytte han.

Me minner for ordens skuld om at det dreier seg om ein søknad på kr. 75.000,-

Vedlagt på ny:
Søknad av 3/7
Spørsmål av 18/8
Spørsmål av 25/9

Når det gjeld informasjon om framdrifta i arbeidert vårt, viser me til våre to nettsider:
http://www.memoar.org – prosjektweb om utviklingsarbeidet
http://www.memoar.no – publiseringsside for minneopptak på video.

Me reknar med at me får svar i løpet av denne veka?

Med beste helsing

Memoar – v. Bjørn Enes
Tlf 41516745
post@memoar.no

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.