Det vart 28/10 gjennomført eit konstruktivt idéutviklingsmøte mellom Memoar og Sjøfartsmuseet. Møtet konkluderte med at forsøket med minneopptak med publikum til stade skal halde fram ein sundag i månaden i heile vinter.
(Det vert eit unntak i mars – sjå datoane i kalenderen) Det vert invitert ein forteljar kvar gong, og intervjuet vil vere ein til rto timar langt.
Desse minneopptaka skal gjerast uansett om det lukkast å finne finansiering for det eller ei. Bjørn Enes frå Memoar har sagt seg villig til å gjere det både opptak- og dokumentasjonsarbeid på frivillig basis.
Utanom opptaka med publikum er der ein betydeleg «kø» av forteljarar som må vente til det lukkast å finne finansiering eller til fleire frivillige minnesamlarar er klare. Dei som alt har meldt seg, vil få brev eller telefomn om dette.
Museet og Memoar vart samde om å utvikle ein felles prosjektsøknad for å forsøke å finne finansiering for eit skippertak for å ta unna køen og samle ei rimeleg mengd med forteljingar. Ei aktuelt søknadsadresse er Kulturelt utviklingsprogram i Hordaland Fylkeskommune. Private aktørar kan også bli adresse for ein slik søknad. Det kan også bli aktuelt å invitere inn andre i eit slikt samarbeid. Referat frå møtet ligg i vedleggsarkivet.