3/10-15: Styremøte – prosjektgjennomgang og økonomi

Kortversjon: Arbeidet skyt fart. Det er no arbeid med opptak av forteljingar i fire tematiske prosjekt: Industi, sjøfart, motkultur og lokalhistorie (Trøndelag). Det tek no til å bli kritisk med å få på plass ein økonomi – frivillig arbeid er ikkje lenger nok. Årsmøteførebuingar: Me inviterer to konkrete personar til nye styreplassar.

Fylgjande avklaringar vart gjort:

Økonomi:

Til nå har me lagt inn eit stort antal arbeidstimari utviklinga av Memoar og dei ulike prosjekta.(Bjørn la fram ei timeliste som dokumenterte 240 timar)  Me må no også ha ein økonomi også for å kome vidare. Det vil i næraste framtid kome reisekostnader for Lars Ole i samband med prosjekt Fosenminner, og Bjørn i samband med prosjekt Vendepunkt 1975. Me treng også eit kamera for å kome vidare med å lage pilotproduksjonar.

Bjørn kan låne 15.000,- kroner til Memoar slik at me ikkje stoppar opp. Låneopptak bestemt.

Me hadde ein diskusjon om kor me kan søke pengar til dette og anna. Truleg vil det lettaste vere å søke til dei einskilde prosjekta, og la mest mogleg av timar og konkrete kostnader vere knytta til prosjekt.

  • Prosjekt Vendepunkt 1975 har tilsagn om 75.000,- frå Industri Energi og ein søknad på same beløp til vurdering i Kulturrådet (me får enten begge summan eller ingen, i og med at IE har sett sm vilkår at fleire er med i spleiselaget)
  • Sjøfartsminner: Bjørn tenkte opphavleg at dette skulle vere ei grein av Vendepunkt 1975. Men det kan vere at det heller bør vere eit eige prosjekt. Det må vurderast etter opptaket 18/10.
  • Prosjekt Fosenminner: Her må me legge ein plan om finansiering saman med Historielaga
  • Prosjekt Motkultur: Jostein arbeider med ein søknad til Fritt Ord.
  • Prosjekt Intervjustudio: Me ventar stadig på svar frå Bergen Kommune / Kulturvern.
  • Prosjekt Byarkivet: Ventar stadig på eit møte. (I ferd med å bli uaktuelt pga utviklinga ved Folkemuseet)

Me vart samde om å undersøke Crowd-funding – Bidra.no eller Facebook eller anna.


Prosjektgjennomgang:

  • Vendepunkt 1975: Lokal samarbeidspartnar er vald for pilotprosjekt med a)kursing av intervjuarar, b)intervjuopptak, c)arrangement med intervjuopptak og publikum, d)dokumentasjon og arkivering e)publisering/deling Det er Nikkelverket Arbeiderforening i Kristiansand, men det er ikkje offentleggjort før etter formelt styrevedtak der 13/10.          Bjørn reiser til Oslo og Moss 7. og 8. oktober for møter med Arbeidervbevegelsens Arkiv, Norsk Etnologisk Gransking, Industri Energi – inkl intervjuopptak Olav Støylen (tidelgare forbundsleiar Norsk Kjemisk), AOF (om kursutvikling). Moss by- og industrimuseum og intervjuopptak med Bjørn Haave (Sjømannsforteljingar).                                                   Kostnadane med alt dette vert lagt ut av Bjørn privat, med von om at me får dei løyvingane me har tilsagn om/søkt om til prosjektet. (Budjsettert eigeninnsats er utført alt no)
  • Fosenminner: Bjørn har kjøpt eit nytt kamera til Memoar (Zoom Q8). Lars Ole tar dette med til Åfjord, Snillfjord og Hemne for intervjuopptak. Truleg vil han og innom Trondheim og kanhende Molde (fotosamlaren). Han har laga budjsett for turen på 6000,- . han har fått utbetalt 10.000,- i reise- og kameraforskot (planen var at han skulle kjøpe kamera, men det vart av praktiske grunnar til at Bjørn betalte kamera)
  • Sjømannsforteljingar: Bjørn har etablert samarbeid med Sjøfaretsmuseet om intervjuopptak i utstillinga «Mitt museum» 18/10. Førebels er det klart at Audun Trygve Olsen skal intervjuast. Før det – 8/10 – skal Bjørn Haave (messegutt-kaptein) intervjuast i Moss. Etter gjennomført økt med sjøfartsmuseet skal me lansere tanken om eit eige prosjekt med intervjuopptak sjøfolk, i samarbeid med nettverket av maritime muse og kanhende rederfinansiering?
  • Intervjustudio – Purre på ny i neste veke
  • Byarkivet: – Purre på ny i neste veke


Organisasjonsbygging:

Me diskuterte to konkrete personar som me ynskjer med i eit nytt styre. Jostein kontaktar den eine (Bergen) og ber om eit møte med vedkommande. Bjørn kontaktar den andre (Oslo). Det kan vere at me heller skal satse på ein «aktivistorganisasjon» enn ein brei medlemsorganisasjon, og at me skal avgrense ambisjonane om medlemsverving til eit funksjonsdyktig styre i fyrste omgang.

Me lanserer også tanken om Memoar som ein interesseorganisasjon for andre frilansarar som arbeider med f.eks. kurs i å skrive erindringsbøker.

4/10 – Referent: Bjørn

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.