Veldig hyggeleg brev frå Bergen Byarkiv i dag. Ragnild Botheim (fungerande byarkivar medan Arne Skivenes er på reise) skriv at Bergen Byarkiv støttar Memoar-initiativet. Byarkivet ser bevaring av private sine dokument og papirfoto i samanheng med tanken om å bevare videofilar og lydopptak. Det er jo heilt i tråd med Memoar sitt syn.
Botheim skriv at Byarklivet «er åpne for å kunne lagre video-, lyd-, multimedia-, foto- og tekstfiler for Memoar, og kan trolig bistå med lagringsplass og teknisk kompetanse. Vi kan ellers også på sikt bistå i å utvikle en formidlingsløsning av fortellingene. Ellers stiller vi oss positive men avventende til å lage et intervjustudio.»
Ei slik «prinsipperklæring» er sjølvsagt akkurat det som skal til for å kome i gang med konkret drøfting av korleis dette kan gjerast. Det er jo både tekniske, økonomiske, etiske/juridiske og ikkje minst praktiske detaljar som må på plass før folk kan ta til å laste opp. Men dette ser me veldig lyst på! Memoar har alt foreslått eit møte for å drøfte arbeidslista over alt me må finne ut av.