"Takk for at eg fekk fortelja dette!"

Det var ein av forteljarane i Hammerfest som sa dette til Line Esborg sist onsdag (5/9-2018), etter ein times intervjuopptak om barndomsopplevingar under krig, tvangsevakuering og etterkigstid.
(Foto: Julia Stangeland)
Kvelden før hadde eit førtital medlemmer av Gjenreisningsmuseets Venneforening samla seg for å høyra om Memoar og krafttaket for munnleg historie i Noreg. Det vart ein magisk kveld. Eg som skriv dette, Bjørn Enes, var komen frå Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie, saman med to andre deltakarar i prosjektet «Krafttak for munnleg historie». Ein internasjonal observatør var også med. Dei andre i fylgjet hadde dytta meg ut på golvet. Kutt utanomsnakket, sa dei. Gå rett på poenget!
Eg fortalde om bestefar som snakka inn på eit lydband i staden for å skriva brev til jul i 1960. Det gav ei magisk kjensle å høyra røysta hans – sjølv om han var så langt borte. Eg var ni år gamal, og tenkte at dette må me ta vare på for alltid. Og eg fortalde om vonbrotet då eit skulekringkastingsprogram vart spelt over på bandet slik at bestefar si røyst gjekk tapt.
I dag er det ikkje lenger dyrt å ta vare på munnlege forteljingar. Det er ikkje vanskeleg å gjera opptak. Eg er sikker på at minst halvparten av oss her i salen har ein god opptakar i lomma, sa eg – og to tredeler av tilhøyrarane nikka. Men likevel går forteljingane til dei fleste av oss tapte. Sjølv om me gjer eit opptak, så blir det som oftast med tanken dette at me skal flytta det til ein sikker plass. Og så må telefonen skiftast, og PCdisken er full og programma utdaterte, me får ny og dermed fylgjer det som måtte finnast av forteljingar med til fillemanen.
Det går sjeldan betre på museet. Det vert nok gjort opptak, men arbeidet med å dokumentera kva det inneheld vert gjerne utsett til neste veke – og utsett igjen. Heilt til det ein dag kjem ein ryddegjeng som kastar kassevis av udokumentert skrot etter tidlegare medarbeidarar.
Akkurat som lydkasettane heime ofte gjer, når ein arving finn dei i kassar på loftet.
Faktisk kan vår tid bli fattigare på minnemateriale enn dei tidene då folk skreiv på papir og sende med postmannen. Me må gjera noko, for at barneborna og oldeborna – for at framtida skal få høyra vår versjon av historia med våre eigne ord. Det er hovudpoenget med Memoar! Sa eg.
Forteljargleda
Det var tredje gong eg heldt dette innlegget på ei veke. Fyrste gongen var for historielagsmedlemmer og museumtilsette i Varangerbotn, andre gongen i Alta. Over alt var tilhøyrarane umiddelbart samde i hovudpoenget: Det er på tide å ta dei munnlege kjeldene på alvor. Men me fekk og opp mange problem: Organisering? Metodikk? Lagring? Eigarskap? Etikk? Og ikkje minst dette:Vil folk fortelja?

Maret Elle Varsi (Foto:Audun Kjus)

Dagen etter Varangerseminaret var det Vuonnamarkanat, den årlege samiske marknaden. Handverkarar og kunstnarat frå heile Sápmihadde fått plass i to lange bodrekker frå museet og mest heilt ned til fjorden. Me rigga til eit intervjustudio innandørs – men rakk aldri å bruka det. For det myldra slik av forteljarglede ute på marknadsområdet at me ikkje fekk gjort anna enn å gå der å gjera kort-intervju. Med Maret Elle Varsi for eksempel, som gjerne fortalde om diskokoftasi. Den er sjølvsagt til bruk på diskotek. Men og på meir uhøgtidelege arrangement som her. Er det høgtid – som bryllaup eller gravferd – går ho heller i den tradisjonelle kofta. Ulikt bunadstradisjonane, er mangfaldet stort og variasjonar lov når det gjeld koftebruken i Sapmi, fortalde ho.


Med nokre få unntak (handlande som ikkje hadde tid til mas frå søringar med mikrofon), så var alle glade for å fortelja om koftene, skallane, huvene, sjala eller smykkene som dei bar eller selde, eller maten eller byggeskikken eller lassoteknikken eller båttypane eller kva me no måtte koma på å spørja om. Ved eit bord midt i marknadsområdet sat Mikkel Berg Nordlie og lærte bort reglane i det urgamle samiske strategispelet Sahkku, og lenger borte på vollen sto Svein Ove Andersen  og Bård Kostamo Olsen  og viste handssaging av byggplank til gamme eller bu.
For meg var det som å vera attende i lokal-TV. Etter mi erfaring er folk flest glade for ytringsfridomen. Dei aller fleste delar kunnskapar og livserfaringar med stor entusiasme. Lukkelegvis er normaliteten slik at di mindre intervjuaren veit frå dør, di friare er straumen frå forteljaren. Den same observasjonen vart stadfesta både Alta, Hammerfest og Harstad: Jo. Folk vil gjerne fortelja. Det er ikkje det det står på!
Tause år
Dei andre to i fylgjet var Line Esborg, fagansvarleg for Folkeminnesamlinga, som har samla munnleg historie og folkeminne i over hundre år, og Audun Kjus, leiar av Norsk etnologisk gransking. Der i huset har dei samla minner sidan krigen. Det meste i form av tekstar, men og mykje i form av lydopptak. No er begge dei ærverdige fagmiljøa på full fart inn i «videoalderen».
Dei to institusjonane var ein gong betydeleg større enn no. Åndshøvdingar som Peder Asbjørnsen, Jørgen Moe, sonen Moltke Moe, Eilert Sundt og Sigurd Skard reiste rundt og samla urnorske minne frå folkedjupet den gong nasjonenkom på mote og ein trudde der var meir å finna dess mindre påverknad Folket hadde vore utsett for av framande impulsar. Seinare endra ideologiane seg, folket var delte opp i klassar og den store Arbeidarminneinnsamlinga på tidleg 1950-tal samla kjeldemateriale om industriens gjennombrot og vekst og omskaping av land og kultur til det moderne Noreg. Det vart grunnfjellet i samlingane til Norsk etnologisk gransking.

Det vart gjort minneinnsamlingar seinare og, i bylgjer både på 1980- og 90-tal. Men den store rørsla som vaks fram fyrst i USA og seinare i Storbritania som fylgje av at lydband og kasettspelarar vart billegare og betre, den gjekk hus forbi i Noreg. Det er pussig – for få kulturar er meir hissig på å skaffa seg nye dubbedittar enn den skandinaviske. Likevel ble «minner» i hovudsak verande eit papirfenomen heilt fram til no. Det vart ikkje laga noko offentleg arkiv for lyd- og videoopptak av munnleg historie, det vart ikkje undervist og det vart ikkje ein gong krangla om kva som var dei beste metodane. 
Dessverre gjekk me ikkje berre glipp av tiår med munnleg kjeldemateriale. Me mista straumen av skriftleg materiale og. For etter kvart som telefonen og eposten tok over meir og meir av den tidlegare brevskrivinga, vart det stadig dårlegare respons på andre oppmodingar om å skriva minne og. Og som om ikkje det var gale nok, så forsvann filmrullane og fotopapiret også på same tid. Viss fotografi i det heile tatt vart «tekne ut», var det frå billege blekkskrivarar, på papir som falma etter kort tid. Originalfilane gjekk stort sett til fillemann, saman med det andre minnematerialet. Dei tjue åra etter 1995 vart både tause og biletfattige.
Endringstider
Mattis Sara, Jørgen Sara Johannessen og Kristin Nicolaysen, Alta Museum 3. sept. 2018  (Foto: Audun Kjus)
Illusjonar om at tid kan stå stille og at det uforanderlege er tryggare enn det som utviklar seg, har skrint jordsmonn i Finnmark og Troms. Her har ein heil landsdel blitt brent ned og bygd opp att i manns minne. Grenser har blitt stengde og opna, språk har blitt undertrykt og tiljubla, etnisitet har svingt mellom skam og heider. Alt det mangfaldet som søringane strevar så tungt for å læra seg å leva med i dei nye migrasjonane si tid, har prega denne landsdelen sidan isen fór.
I Alta sat Kristin Nicolaysen og intervjua Mattis Sara og veslebroren, Jørgen Johansen Sara på tirsdag (3/9-18) om meir enn 90 års sjøsamisk lokalhistorie.

«Dette er no berre slik æ ser det!»Sa 93 år gamle Mattis etterpå. «Spør du aindern, får du ainner svar.» Og det er det ikkje tvil om, for forteljingane frå dei som har vore den minste minoriteten mellom minoritetane, handlar om mange konfliktar som ganske sikkert vert hugsa annleis av andre. Berre eitt eksempel: Dei var komne langt med å byggja opp att huset sitt på Bossogohppi(Bossekop) då den eine naboen kom og fortalde at dei måtta søka før dei kunne byggja. Det skulle vera plan på gjenreisinga. Og 32 norske sto alt føre dei i søknadskøen…
Forteljingar endrar seg med tidene og med forteljarane. Det må bli regelen, og ikkje unntaket, at musé og historielag jamnt og trutt og systematisk samlar beretningar både om kvardagsliv og strid og slik dei endrar seg frå år til år – eller tiår til tiår, i det minste.
Ein felles infrastruktur
Alt dette hadde altså skjedd, då me sto der framfor desse 40 veteranane i Hammerfest på onsdag. Kommentarar? Sa eg. Spørsmål?

Fyrst var det taust, som det alltid er, medan alle ventar på at nokon andre skal starta. Så sa ein – eg hugsar diverre ikkje kven: «Godt poeng. Men kva gjer me?»

«Kan me ikkje berre starta?» Sa Audun Kjus.

Så gjorde me det. Me bad om den fyrste frivillige. Ein sidemann dunka borti Britt Heggem i sida. «Eg har ikkje nokka å fortelja», sa ho. Jo sa han. «Jaja – nokon må jo starta», sa ho. Og så fortalde ho – mellom anna om russerfangane på dødsmarsj frå Kirkenes like før dei sjølve ble evakuert, og bufeet som måtte slaktast før dei for, om skøyta som hadde gått med kol der dei skulle innlosjerast, bedehuset som ikkje ville brenna og om leiren i Harstad.

Etter Britt Heggem hadde tungebandet losna hos heile forsamlinga. To til vart ingtervjua på rappet, kaffikannene kom fram og bulderet frå levd liv steig til ein jamn dur. Eit kjapt «prosjektmøte» i kroken med Julia Stangeland på museet fekk oss til å omorganisera alle planar for neste dag, og invitera til intervjuopptak frå museet opna. Dermed vart Gjenreisningsmuseet reine intervjufabrikken med tre parallelle «samleband» den 5. september.

Det blir mykje data å halda styr på av slikt. Det er ikkje berre opptaksutstyr som trengst – det trengst eit system for lagring og ikkje minst for dokumentasjon og arkivering. Eit museum har det meste av det som skal til – men det er ikkje alltid organisert slik at fleira kan jobba saman med opptak eller etterarbeid. Behovet for ein felles infrastruktur vert særleg tydeleg viss fleire institusjonar og frivillige organisasjonar skal samarbeida.

Forteljingane frå dette møtet vert lasta opp i eit felles arbeidsarkiv som Memoar har organisert i nettskya. Derifrå kan Julia, Audun, Line eller eg – eller Britt sjølv – henta det for å gjera det naudsynte etterarbeidet før avlevering til endeleg arkivering hos museet og eventuelt også i fellesarkiv der det så kan hentas til bruk i formidlingsarbeid eller publikasjonar.
«Citizen Science»
Nettsida www.minner.no kan vera fyrste skritt på vegen fram mot eit offentleg eigd norsk arkiv for munnleg historie. Det er utvikla av same selskap som har utvikla Digitalt Museum mm, og det er eigd saman av Norsk Folkemusuem og Nordiska Museet i Stockholm. Det manglar ein forarbeidsstruktur og det er ikkje skybasert, men det er det næraste me kjem ein slik felles arbeidsverktøy som Memoar ivrar for.
Lisa Gay Bostwick (Foto: Nye Troms/Andreas S.Nilssen)

På mange fagfelt har det dei siste tiåra blitt utvikla eit fruktbart samarbeid mellom vitskaplege miljø og frivillige organisasjonar. Det er dette som vert kalla citizen science.  Ikkje så uventa var det i Harstad, på siste stopp av fyrste reis i «Krafttak for munnleg historie» at tankane både på infrastruktur og samarbeidsstruktur vart aller klarast formulert.

Det var det Lisa Gay Bostwick som gjorde. Ho er direktør på Midt-Troms Museum, og ei eldsjel når det gjeld utvikling av både institusjon og landsldel. Med dei regionale museua som ryggrad i eit samarbeid med både historielag, andre frivillige organisasjonar og andre kulturverksemder, og ein felles struktur omlag slik me snakkar om den her – då kan det gjerast eit formidabelt innsamlings- og dokumentasjonsarbeid på kort tid.
Hovudformålet med å reisa så mannsterke på den fyrste Krafttaksturen, var å finpussa formål og gjennomføring. Det var på ingen måte bortkasta – men faktum er at det var Lisa som på siste «ekspedisjonsdag» formulerte den store tanken.

Les meir om krafttaket for munnleg historie her: Krafttak.Memoar.no

Dei neste turane går til:

  • Oppland (Lillehammer og Gjøvik) 8. og 9. oktober
  • Buskerud (Nesbyen og Ål) 10. og 11 oktober
  • Hedmark (Elverum 12. og 13. oktober) 
  • Trøndelag (Løkken Verk) 5. og 6. november 
  • Møre og Romsdal (Tingvoll) 7. og 8. november
  • Sogn og Fjordane (Florø) 9. og 10. november 
  • Østfold 7. og 8. januar 2019 
  • Telemark 9. og 10. januar 
  • Agder 11. og 12. januar. 

Prosjektavsluttinga blir på Memoarkonferansen i Bergen 8. og 9. mars 2019. 

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.