Forprosjekt til Senter for munnleg historie

Som resultat av eit idémøte hos byråd Andersland den 31. januar 2019, vart Memoar oppmoda om å ta initiativ til eit forprosjekt som skal konkretisera eit forslag til eit tverrfagleg senter for munnleg historie i Bergen.
(Ideen om ein senter for munnleg historie vart presentert på Memoarkonferansen 1. og 2. mars 2019. Frå v: Knut Kjeldstadli, Marie Smith-Solbakken, Hans Jørgen Wallin Weihe, Maja Gudim Burheim, Bente Gullveig Alver, Odd Hemstrøm, Bjørn Enes og Malin Thor Tureby)

13/2 presenterte Memoar eit slikt initiativ i bloggposten “Utviklingsplan: Ei gembavandring

Deltakarane på det nevnte idémøtet blei oppmoda om å melda seg til ein mindre “tenketank” som kan møtast tre eller fire gonger i løpet av prosessen. Det endte opp med fylgjande samansetjing:

  • Hanne Gillow-Kloster frå Universitetsbiblioteket og Skeivt Arkiv 
  • Gry Bang-Andersen frå Sjøfartsmuseet 
  • Line Farre Grønstad frå UiB/Kulturvitskap 
  • Mette Bøe Lyngstad frå Høgskulen på Vestlandet
  • Oddvar Skre frå Fana Historielag
  • Bjørn Enes og Efraim Kanestrøm frå Memoar fungerar som sekretariat.

Tenketanken hadde sitt fyrste møte tirsdag 5. mars. Der blei arbeidsplanen drøfta, og Bjørn Enes si oppsummering av diskusjonen vart fyrsteversjonen av denne planen. Etter at det var henta inn kommentarar frå medlemmene i Tenketanken o.fl. vart dette forslaget lansert som bloggpost 16. mars. Me ber no om kommentarar snarast og seinast 24/3. Etter det vil teksten bli brukt som søknadstekst.

Metode:

Prosjektet vil bli gjennomført som ein tillempa versjon av ei  “gembavandring” (“gemba walk”). Dvs at prosjektleiar / sekretariat avtalar minst eit besøk hos kvar av interessentane (også nye som måtte dukka opp) for å diskutera, konkretisera og analysera hovudidéen om eit senter for munnleg historie i Bergen. Det vert ikkje laga vanleg referat av desse samtalane, men prosjektleiar skriv ein serie bloggpostar med refleksjonar om kva han har sett og tenkt. Om lag tre gonger i løpet av prosessen kjem “tenketanken” saman for å diskutera, konkretisera og analysera saman – siste gong for å konkludera med eit eller fleire konkrete og budsjetterte forslag i form av ein presentasjon og (helst) eit trykt brosjyre.

Prosjektet sluttar med ein workshop der alle interessentar blir inviterte. Eit endeleg mål er at workshop’en konkluderar med eit partnarskap og ein plan for eit treårig hovudprosjekt.

Framdrift: 

Feb – Mars:

  • Etablera tenkjetank, laga arbeidsplan og budsjett. 
  • Lansera idéen om eit senter for munnleg historie  på Memoarkonferansen 
  • Søka midler 

April – mai:

  • Starte “gambavandring”: Ideen er å avtala samtalar med minst 15 personar (april til august)  i universitets-/høgskulesektor, arkiv-, bibliotek- og museumsektor, kunstsektor, kommunal og fylkeskommunal kulturadministrasjon og frivillige historie-/kulturvernorganisasjonar (sjå meir konkret i vedlegg 4), og skriva om lag like mange  refleksjonar i form av bloggpostar. Undervegs skal tenketanken koma saman minst tre gonger for å “reflektera høgt”
    • Så langt ser me fleire store “rikspolitiske” problemstillingar som bør vera med i samtalene. Sjå vedlegg 2.
    • Konkrete tankar om korleis eit senter i Bergen skal sjå ut er hovudsak 2 i samtalane. Sjå vedlegg 3
    • Delta på det 8. arkivmøtet i Oslo. Me trur dette blir eit viktig forum som skal drøfta fleire av dei sentrale problemstillingane i vårt prosjekt, (Sjå vedlegg 4):
  • 26/4: Miniworkshop om Southern Oral History Program i North Carolina i samband med at leiaren der, Rachel Seidman, besøker Bergen 26. april. Det er eit stort senter for munnleg historie, også etter amerikanske forhold. Seidman presenterer SOHP og tar del i ein times diskusjon om kva Bergen kan ha å læra frå dei.  
  • 20/5: Politisk miniworkshop 20. mai. Memoar har avtalt møte med Grunde Almeland (V, Oslo) i Stortingets Familie- og Kulturkomite. Planen er å utvida dette møtet til ein miniworkshop med fleire politikarar for å lansera og få synspunkt på ideen om eit senter for munnleg historie.

Juni – juli – august:

  • Halda fram “gambavandring” og bloggrefleksjonar. 
  • Oral History Society 5-6. juli: Me ynskjer å senda minst tre av medlemmene i tenketanken til den britiske årskonferansen om Oral History. Det vil gi medlemmene eit stort og nyttig kontaktnett og god innsyn i korleis oral history fungerar som fagområde og som organisasjon i Storbritania. Det er også stor deltaking frå andre land på denne konferansen. (Sjå vedlegg 5)
  • Valkamputspel? I løpet av våren og seinast på “politikarmøtet” 20.mai bør me ta stilling til om me skal nytta høvet til å lansera Senter for munnleg historie som tema i valkampen i Bergen. 
  • “Stor workshop med presentasjon av planar ca 20. august: Dette er sluttpunktet for forprosjektet. Ambisjonen er at me på ein slik workshop skal kunne leggja fram eit eller fleire alternative forslag til eit Senter for munnleg historie i Bergen. Forslaget vil bli reinskrive etter workshop’en og bli ståande som siste sak og toppsak i bloggen. Forslaget vil også bli overlevert byråd Julia Andersland – innan valet. 

Vegen vidare 
Viss det lukkast å skape eit breidt partnarskap om ein konkret og budsjettert idé, vil me gjerne gå frå forprosjekt til hovudprosjekt så raskt som råd. Det er eit sterkt momentum i dette arbeidet no, og det vil vera mange fordelar med ei rask utvikling.

Me trur det vil vera mogleg å gi ei prinsippskildring av eit hovudprosjekt alt i løpet av våren. Skildringa vil kunne leggjast til grunn for ein søknad til både kommune, fylke, stat,private stiftingar og andre om finansiering av eit treårig utviklingsprosjekt for å utvikla og bygga eit slikt senter og utvikla dei ulike aktivitetane rundt.

Hovudmålet med eit slikt treårig utviklingsprosjekt må vera å finna finansiering og forankring for permanent drift av senteret.

Budsjett

Arbeidsplan:
Kostn
Timar
Timar
Feb – Mars:
Arb.gr.
Øvr
Etablera tenkjetank og laga arbeidsplan og budsjett.
30000
50
10
Lansera på Memoarkonferansen
3600
6
Søka midler
3600
6
April – mai:
Starte “gambavandring” – refleksjonar i blogg
24000
40
12
Delta på 8. arkivmøtet 8. og 9. april (sjå nedanfor)
Miniworkshop om SOHP 26. april
4500
7,5
30
Politisk miniworkshop 20. mai (Grunde Almeland +?)
4500
7,5
30
Juni – juli – august:
Halda fram “gambavandring” og bloggrefleksjonar
24000
40
12
Oral History Society annual conference 5-6/7 (sjå nedanfor)
Valkamputspel?
13500
22,5
16
“Stor» workshop med presentasjon av planar
14400
24
50
Timeinnsats øvrig tenketank og interessentar
122100
203,5
160
Uføresett;
3300
:
Timekostnadar i alt
247500
Studiereiser / nettverksbygging
Delta på det 8. arkivmøtet – 1 person
9000
15
8. arkivmøtet – to personar i tillegg
18000
30
Konferanseavgift og reiser – tre personar
43440
Oral History Society 5-6. juli – ein person
9000
15
OHS – tgo personar i tillegg
27000
45
Konferanseavgift 150£ + reiser – tre personar til
48160
SUM Studiereiser/nettverksbvygging i alt:
154600
SUM Prosjektkostnader
402100
(Raud markering – prosjektsekretariatet sine timar. Gul markering:  Andre interessentar sin timeinnsats.)

Om behovet for studiereiser og nettverksbygging

Medan Oral history har vakse fram både som eit sjølvstendig fagfelt og ei brei rørsle i land som USA og Storbritania, så har det arbeidet munnlege kjelder vore fragmentert i Noreg. Einskildpersonar og -miljø har gjort mykje bra, men det har vore lite kontakt mellom dei, lite utveksling av erfaringar og kunnskap og ein lite utvikla diskurs. Det har heller ikkje vore nokon infrastruktur for bevaring av munnleg kjeldemateriale.
No skjer veldig mykje på dette området. Svært mange av dei problemstillingane som eit senter for munnleg historie vil få å arbeida med, kjem for eksempel opp på dagsorden til det 8. norske arkivmøtet i dagane 8. og 9. april. (sjå utdrag av programmet i vedlegg). Det vil vera av stor verdi om tenketanken (evt. andre av interessentane) får med seg det som skjer der, og får sjanse til å bruka møtet til å bygga nettverk der. 
Truleg vil det ha endå større verdi om ein tilsvarande delegasjon frå fagmiljøet i Bergen får sjanse til å ta del i Oral History Society sin årskonferanse i Swansea 5. og 6 juli.  Utanom OHS vil ein der møta framståande fagpersonar og aktive frivillige frå heile verda. Årskonferansen gir eit godt innblikk i pågåande innsamlings-, formidlings- og forskingsprosjekt på oral history. 
Årsaka til at reiser og nettverksbygging er budsjettert for seg, er at Bergen Kommune ikkje gir støtte til reiser i samband med kulturvernprosjekt. Det vil derfor bli søkt støtte til dette delen av prosjektet frå Kulturrådet og andre. Gjennomføringa av forprosjektet vil ikkje vera avhengig av at studiereisene/nettverksbygginga blir gjennomført.

Finansieringsplan

Forprosjektet er tenkt finansiert slik: 


Finansieringsplan:
Søknad Bergen Kommune
125400
Søknad – Kulturråd reisestøtte
109600
Eigeninnsats/timekost bet. av partn. – lokalt prosjektarb
122100
Eigeninnsats/timekost bet. av partn. – Studierieser/nettverk
45000
Finansiering  i alt:
402100





Bergen – 16. mars 2019

Vedlegg 1 – Store diskusjonar 

Det pågår eller det bør reisast nokre store diskusjonar som høyrer heime i rikspolitikken, men som har stor relevans for spørsmålet om eit eventuelt senter for munnleg historie i Bergen. Forprosjektet må avklara om interessentskapet attom eit eventuelt senter  har samanfallande eller motstridande syn på spørsmål som desse:

  • Bør kjeldeforvaltinga omorganiserast i Noreg, slik at i alle fall munnleg historie (som krever stor datakraft) vert samla i ein arkivinstitusjon, i staden for å vera spreidde mellom Nasjonalbibliotek, Riksarkiv, Riksantikvar/museumssektoren og Universitets/Høgskule/forskingssektoren?
  • Bør det også av andre grunnar etablerast eit sterkt fagmiljø med fokus på primærkjeldeforvalting og -forsking? Det vert hevda at “tellekantproblemet” trugar kvaliteten på forskinga og fører til redusert interesse for primærkjeldesamlingar generelt og kulturhistoriske samlingar særskilt, og at eitt sterkt fagmiljø vil kunne motvirka dette.    
  • Avgrensing av fagområdet: Kva er “munnleg historie” i Noreg? Og kva heiter fagfeltet? Eit eventuelt senter for munnleg historie må vera sentralt i ein fagleg diskurs i kontakt både med historikarar, kulturvitarar, samfunnsvitarar, mediefag, kunstfag, arkiv-, bibliotek- og museumssektoren – og ikkje minst frivillige  organisasjonar og einskildpersonar innan historie, kulturvern og folkeleg forteljarkunst. Denne diskursen bør starta alt i forprosjektfasen.  
  • Etikk: Fleire etiske kodar er relevante innan munnleg historie. Ytterpunkta er kanskje forskingsetikken, der det er tradisjon for å rekna munnleg kjeldemateriale som så person-sensitivt at hovudregelen må vera sletting etter bruk, og presseetikken der munnlege kjelder tradisjonelt har same ytringsfridom opphavsrett som andre ytringar. Forprosjektet bør utarbeida eit forslag til kva slags etisk kode eit eventuelt senter må fylgja frå start, og korleis dette viktige spørsmålet skal vidareutviklast i eit hovudprosjekt. 

Vedlegg 2 – Oppgåver for eit (nasjonalt?) senter for munnleg historie i Bergen

Forprosjektet må utvikla ei konkret skildring (eller fleire alternative) av kva eit eventuelt senter for munnleg historie skal ha for oppgåver og korleis det må bemannast i hovudprosjektperioden. Alt under arbeidet med forprosjektskildringa har denne oppgåvelista begynt å ta form. Slik det ser ut i skrivande stund, vil diskusjonane under “gembavandringa” mellom anna måtte handla om:

  • Kartlegging, digitalisering og arkivering av eksisterande opptak med munnleg historie i frivillig og privat sektor.
  • Lobbyverksemd for å plassera hovudansvar for langtidslagring av munnlege kjeldesamlingar på ein stad, og for å utløysa midler til digitalisering + langtidslagring av bevaringsverdig materiale
  • Utvikla ressurssenter / kompetansetenester som kan hjelpa både frivillige og profesjonelle organisasjonar/verksemder med opplæring og kompetansestøtte, både når det gjeld intervjuinnsamlingar, dokumentasjonsarbeid og formidling. 
  • Kurspakkar om intervjuinnsamling, dokumentasjon, arkivering og formidling
  • Utvikla, drifta, vedlikehalda og vidareutvikla ein infrastruktur som gjer det enkelt for frivillige organisasjonar og einskildpersonar å ta del i intervjuinnsamlingar, dokumentering av munnleg kjeldemateriale, arkivering og formidling av munnleg historie. 
  • Beredskap: I tillegg trengs det ei forankring av ein beredskapsfunksjon som kan rykka ut og sikra munnleg kjeldemateriale ved hendingar som gjer at ting endrar seg fort. Det har stor verdi å dokumentera endringane i forteljingane rundt store hendingar nærast time for time. 
  • “Eksperthjelp” – offentlege, private eller frivillige aktørar bør kunne leiga hjelp frå senteret til alle delar av arbeidsprosessane.
  • Ufortalde forteljingar: Ein kan tenkja seg at eit slikt senter skal arbeida konkret med intervjuinnsamlingar. Det går også an å tenkja at det skal prioritera å vera ein støttefunksjon til andre som samlar inn (musé, historielag, forskarar etc). Uansett vil det truleg vera ei oppgåve for eit slikt senter å jobba med innsamlingar som det elles er vanskeleg å få inn, så som livsforteljingar frå stigmatiserte grupper av ulike slag. 
  • Vestnorsk forteljarkultur: Eit systematisk arbeid med innsamling og dokumentasjon av munnleg historie vil også kunne stimulera interessa for forteljarkulturen i seg sjølv. Det er veldig interessant at Hordaland Teater og Bergen Borgerscene alt i utgangspunktet ser det som interessant å fylgja med på denne utviklinga. Det kan vera aktuelt å utvikla eigne prosjekt som både har element av historieformidling og kunstproduksjon. Ulike former for forteljararrangement peikar seg ut som eit fyrste satsingsområde. 
  • Lista vil truleg veksa gjennom vandringane

Vedlegg 3 – Interessentliste

Arbeidet vil ta utgangspunkt i dei same fagmiljøa som var inviterte inn i diskusjonen før møtet hos byråd Andersland 31/1, og eventuelt supplerast etter kvart;

  • Universitet og høgskule –
    • Universitetsleiinga 
    • Kulturvitskap 
    • Historie 
  • Universitetsbiblioteket / Spesialsamlingane  
    • Skeivt Arkiv 
    • Språksamlinga 
  • Høgskulen 
    • Forteljarstudiet 
  • Musé-sektoren: 
    • Bergen Sjøfartsmuseum 
    • Bymuseet 
    • Museum Vest
  • Bergen Kommune 
    • Fagenheten for kunst og kulturutvikling  
  • Biblioteket: 
  • Arkivsektoren:
    • Byarkivet 
    • Statsarkivet – (Digitalarkivet)
  • Frivillig kulturvern/historielag:
    • Bergen Fortidsminneforening
    • Bergen Historiske Forening 
    • Fana Historielag 
    • Fyllingsdalen Hstorielag 
    • Hordaland Sogelag 
    • Laksevåg Kulturhistoriske Forening  
    • Sandviken Historiske Forening 
    • Ytre Arna Historielag 
    • Bergen Brandkorps Historielag 
    • Arna Sogelag 
    • Åsane Historielag 
    • Historietorget/Sportsklubben Djerv 
  • Memoar 
  • Kunstfeltet:
    • Hordaland Teater
    • DNS –
    • Vestnorsk Filmsenter 
  • MediaCity Bergen ? 

Vedlegg 4 – Det 8. norske arkivmøtet 

Fullt program her –  Særskilt interessante sesjonar for oss:

Sesjon 4.1 – 8/4 kl. 13:00-14:30: Audiovisuelle arkiv

  • Plan for digitalisering av lyd og levende bilder – Aslak Sira Myhre, Nasjonalbiblioteket
  • Arkivverkets innsats på AV-området – Kristin Jacobsen, Arkivverket
  • Kulturrådet og audiovisuell kulturarv – Stig Johan Kalvatn, Kulturrådet
  • Magnetic Tape Alert Project – Dietrich Schüller, Phonogrammarchiv of the Austrian Academy of Sciences

Sesjon 4.2 – 8/4 kl. 15-16:30 Digitalisering og tilgjengeliggjøring av historisk arkivmateriale

  • Arkivverkets strategi for tilgjengeliggjøring av dokumentarven og bruk av frivillighet – Synne Stavheim, Anette Clausen og Renathe-Johanne Wågenes, Arkivverket
  • Forventninger til Digitalarkivet som nasjonal publiseringsplattform – Øystein Eike, Oslo byarkiv
  • Visjon og strategi for digitalisering i Danmark – Allan Vestergaard og Katrine Tovgaard-Olsen, Rigsarkivet
  • Digitalarkivet som nasjonal publiseringsplattform – Vildana Grabovica, Arkivverket
  • Nasjonalt historisk befolkningsregister – Lars Holden, Norsk Regnesentral

Sesjon 4.4 – 9/4 kl 10:30-12: Innsamling av muntlige kilder

  • Skeivt arkivs livsminneintervjuer: dokumentasjon for ettertiden, Runar Jordåen, Skeivt arkiv, Universitetsbiblioteket i Bergen
  • Arbeiderminner og intervjusamlinger – tilgjengeliggjøring og bruk – Trond Henriksen og Tor Are Johansen, Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek
  • Å være eller ikke være, hva kan et samisk arkiv bidra med? – Grete Gunn Bergstrøm, Samisk arkiv, Arkivverket
  • Minner.no – samlingssted for samtidsdokumentasjon – Audun Kjus, Norsk Etnologisk Gransking
  • Personvernperspektivet og oppbevaring av intervjumateriale – Maren Magnus Voll, Universitetet i Oslo

og på same tid sesjon 4.5:  Personvern og «arkivformål»

  • Hva er GDPR og hva betyr egentlig «arkivformål i allmennhetens interesse»? – Herbjørn Andresen, OsloMet
  • Erfaringer fra første halvår og kommende vinklinger på tilsyn – Datatilsynet
  • Arkivfaglig veileder i GDPR-spørsmål – Janet Birkedal Martin, Arkivverket
  • GDPR og privatarkivfeltet – erfaringer fra VID-Arkiv – Gustav Steensland

Vedlegg 5 – Årskonferanse OHS

Oral History Society – årskonferanse 5-6 juli, Swansea, Storbritania
Last ned informasjon her

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.