Dei mest utbreidde haldningane i overklassekulturen er ikkje forakt mot dei lågare klassane, eller hat, eller kynisme. Dei haldningane som overklassekulturen i Skandinavia brukar sitt hegemoni til å forfekte blant alle sine tenestemenn og –kvinner, er fyrst og fremst paternalisme: Det er synd på dei lågare klassane. Dei kan ikkje livberge seg sjølve, så nokon må gi dei arbeid. Dei er litt enkle, og veldig sårbare, så nokon må helst tale på vegner av dei. I alle fall redigere det dei seier. Det er edelt å la dei komme til orde – men det er ikkje særskilt interessant det dei seier, og – ærleg talt – viss ein skal drive seriøs forsking, er det kontraproduktivt å blande inn “historie nedanfrå” berre for å vere edel.
Omlag slik oppfatta eg essensen av ein liten serie innlegg i siskusjonen om “Verdien av store minnesamlingar” på Memoarkonferansen 2024.
Nordhordland

Dsiskusjonen var utløyst av innlegget til Arne Høyland, om urgamle kulturtrekk i Nordhordland som fell ein lett i auga når ein høyrer på folk i området, men som han meiner er oversett av faghistorikarane.
Høyland fortalde korleis samtalar om livberging med havfolk ute på Fedje, fjordafolk i Austrheim, Alver og Masfjorden og fjellfolk i Modalen hadde vist eit tusen år gamalt mønster av samvirke. Never og bark, for eksempel, fanst ikkje ute hos havfolket, og gras var så knapt at det måtte sparast til vinterfór. Men av fisk og sjødyr hadde dei rikeleg. Så laga det seg eit mønster, der fjordafolket skar never i staden for å fiske, og fjellfolk tok kyrne på sommarbeite. Med bytehandlane fylgde venekrinsar, og av dei fylgde familieband og slik vart det ein samanhengande kultur, materielt og immaterielt, lenge før det oppsto ein by i dette landskapet.
“Faghistorikarane ser ikkje dette mønsteret. Dei ser berre på kjeldematerialet etter dei som skulle kontrollere bygdene,” sa han.
Nikkelverket
Eg kjenner problematikken veldig godt igjen frå industrien, for eksempel frå historia om mekanikar Arne Romslo og den tredje industrielle revolusjonen på Nikkelverket i Kristiansand. Den digitale revolusjonen i prosessindustrien mellom 1965 og 1995 var eit slags forvarsel om kva som skulle fylgje i tiåra etterpå, i resten av produksjonslivet, varehandelen og til sist i samfunnets overbygning. Elektronikken opna for veldige sprang i utviklinga. Men berre der innovasjonstakten var høg nok på andre felt – mekanikk, kjemiteknikk, material- og instrumentteknologi, og ikkje minst: Organisasjon og kultur.

Arne var ein kunstnar innan alle greiner av mekanikken. Viss han blei konfrontert med eit problem som ikkje kunne løysast, fekk han knapt sove før han hadde bevist at jo – det var egentleg ganske enkelt. Han fekk etterkvart ein slags frikar-stilling. Han blei omtalt som oppfinnar og blei skjerma for rutinearbeid, for det viste seg som regel så nyttig alt det han fann på. Han fekk med seg ein assistent – Kåre Knutsen – som ikkje var like kreativ ved brennebord og dreiebenk, men som var desto meir sosial.
Kåre fekk tak i forteljingane om kvifor problemet ikkje kunne løysast, delte dei med Arne og prøvde ut saman med han om det var sant. Slik leita dei seg fram, i veksling mellom historieforteljing og rare eksperiment.
Det mest sensasjonelle var at dei klarte å automatisere ein prosess som heitte nikkelstripping. Det blir for langt å forklare kva det var – men det viktige er at det var ein slags krumtapp i utviklinga. Ein særs viktig del av forklaringa på kvifor Nikkelverket framleis ligg i Kristiansand og ikkje i India.
Arne og Kåre hadde bygd ein test- og demonstrasjonsmodell. Før bedriftstyret fekk forslag om å investere i ei fullskala utbygging, måtte oppfinninga kvalitetssikrast og dokumenterast. (Les: Kontrollerast). Til det trengtest ein sivilingeniør med papir frå Trondheim. Om han forsto alt eller berre litt, skal vere usagt. Prosessen fram til løysinga hadde han i alle fall ikkje innsyn i eller forstand på – for den vart ikkje nevnt med eit ord.
Styret gav ingeniøren honnør for det oppsiktsvekkande resultatet. Og i bedriftsarkivet er det dokumentert for all framtid at innovasjonsprosessen som førte fram til den automatiske nikkelstrippinga besto av ein dyktig sivilingeniør med papir frå Trondheim som forsto problemet og utvikla løysinga.
Og nå var det ikkje lenger bruk for å skjerme Arne frå rutinearbeidet. Han vart ein mutt og inneslutta rutinemekanikar. Arbeidskameratane rundt han vart opprørte. Men kva kunne dei gjere? Heldigvis er Kåre Knutsen sin versjon av forteljinga bevart i eit munnleg historieintervju, og Kåre sin versjon er seinare stadfesta av tidlegare direktør Erling Stensholt, også det i eit munnleg historie intervju.
Historie nedanfrå
Historie nedanfrå er ikkje eit edelt pliktløp om å intervjua sårbare menneskje om alle deira traumer. Det er å begripe at toppsjefar og ekspertar er like subjektive som alle andre. Historiske endringar blir til i samvirke og strid mellom alle delar og lag av samfunnet.
Det er veldig langt fram til vi har løyst problemet med underrapportering av mekanikarar og bygdefolk sine versjonar av historia. Derfor er det så viktig med store minnesamlingar. Og derfor er det så viktig at dei blir samla nedanfrå.
- Arne Høyland – blogg: Intervju om vestnorsk naturbruk og levemåte
- Kåre Knutsens forteljing: https://www.memoar.no/industri/nikkelverk/knudsen
- Erling Stensholts forteljing: https://www.memoar.no/industri/nikkelverk/stensholt
10/3-2024 – Bjørn Enes