Memoar er akkreditert til UNESCO

Litt over klokka 10 i dag, fredag 12. desember 2025, slo ordføraren («Chair») for Unescos intergovernmentale komite for immateriell kulturarv, Vishal V. Sharma, klubba i bordet og kunngjorde at 59 nye organisasjonar i verda er blitt akkrediterte som rådgjevande organisasjonar til arbeidet med immateriell kulturarv. Blant dei 59 nye var Memoar. 

Dette er ein veldig gledeleg milepel i utviklinga av munnleg historie som fagfelt og kultursjanger – ikkje berre i Noreg. Memoar sin søknad var den fyrste frå ein organisasjon som fyrst og fremst arbeider med munnleg historie. Vi sende søknaden etter oppmoding frå International Oral History Association. Søknadsteksten handla om at vi reknar munnleg historie som ein viktig del av den immaterielle kulturen, og at innsamling og langtidslagring av munnleg historie er ein viktig måte å sikre munnleg kulturarv for framtida. 

Godkjenninga av søknaden frå Memoar betyr dermed at all tvil nå er fjerna: Munnleg historie – oral history – er immateriell kulturarv. Eller sagt endå meir konkret: Innsamling av munnlege livshistorier frå oss som lever i dag er  sikring av bevaringsverdig kulturarv. (Sjå formuleringne i søknaden her)

Tre nye norske

Samtidig med Memoar har to andre norske organisasjonar blitt akkrediterte. Den eine er Bergen Slow Food. Den andre en Norsk Folkedraktforum. (Formelt sett skal akkrediteringane godkjennast av generalforsamlinga av alle statar som har signert konvensjonen. Neste gong den skal samlast blir i Xiamen i Kina i månadskiftet november-desember 2026).

Frå før er åtte andre organisasjonar akkrediterte. Den komplette lista av norske organisasjonar som er akkrediterte som rådgjevarar til Unescos konvensjon om immateriell kulturarv ser nå slik ut:

  • Norsk Håndverksinstitutt
  • Norsk Forening for fartøyvern
  • Forbundet Kysten
  • Norsk Senter for folkemusikk og folkedans
  • Noregs Ungdomslag
  • Institutt for bunad og folkedrakt
  • (Ny:) Norsk Fokedraktforum
  • Norges Bygdekvinnelag
  • Norges Husflidslag
  • (Ny:) Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie
  • (Ny:) Slow Food Bergen

«Alt» er på plass

10 år etter stiftinga av Memoar er vi dermed «over kneika» i arbeidet med å introdusere munnleg historie som fagfelt og kultursjanger i Noreg. UNESCO-akkrediteringa toppar lista av milepelar denne hausten:

  • For fyrste gong har ein institusjon innanfor Arkivverket sagt ja til å ta imot, langtidslagre og publisere ei samling av munnleg historie. Dermed er fyrste skritt på vegen til ein «munnleg riksarkiv» tatt. Det skjedde i og med at Vestland Fylkesarkiv sa ja til å ta imot og publisere Migrasjonsminnesamlinga som har blitt bygd opp gjennom Utvandringsåret 2025.
  • Samtidig har LokalhistorieWiki sagt ja til å etablere ei livshistoriesamling som ein del av sitt kjeldearkiv. Også der blir Migrasjonsminnesamlinga fyrste samling. Det blir laga ei automatisert overføring frå Fylkesarkivet.no til LokalhistorieWiki, slik at alle metadata – inkludert presentasjonstekst og link til video- og lydfilar – også blir publisert som ei personside på LokalhistorieWiki.

Alt dette skal vere ferdig innan 30. mars. Då startar arbeidet med å få stadfesta at dei tidlegare samlingane som Memoar og andre har vore med å skape, også får sin plass i det norske offentleg finansierte Arkivverket. Ei løysing kan vere at Vestland Fylkesarkiv får eit nasjonalt oppdrag med å vere «munnleg riksarkiv». Andre løysingar kan vere at alle fylkesarkiv får liknande oppdrag for sine regionar.

Forskingsnettverk

Alt før det var klart at UNESCO-sekretariatet ville innstille på at Memoar skulle akkrediterast, blei det etablert ein svært viktig kontakt mellom Memoar og Historisk Institutt ved Høgskolen i Volda. Fagmiljøet der har eit særleg fokus på lokalhistorie og mikrohistorie – eit fagfelt som har det til felles med munnleg historie at det interesserar seg for enkeltpersonar og lokalmiljø som kjelder til forståing av «den store historia». Kontakten har vore positiv for begge partar – og saman har vi tatt initiativ til ein workshop for å diskutere samarbeid mellom skandinaviske miljø innan mikrohistoire og munnleg historie. Dette skal etter planen skje i fyrste halvår 2026.

Internasjonalt

For Memoar blir det ekstra hyggeleg å melde tilbake til IOHA at bresjen nå er opna. UNESCO anerkjenner at også menneskje som lever i dag skapar kulturarv!

Dei to siste generalforsamlingane i IOHA – i Rio 2023 og i Krakow 2025 – diskuterte spørssmålet om å få den fyrste samlinga av munnleg historie inn på lista av immateriell verdsarv. To svært verdfulle samlingar var sterkt framme i diskusjonen.

  • I Hiroshima og Nagasaki, Japan, vart det samla inn ein serie av intervjuopptak med overlevande etter atombombene i august 1945.
  • I India vart det samla inn ei omfattande samling av tidsvitneintervju i åra etter forsøket på å segregere muslimar og hinduar gjennom å omgjere kolonien India til to sjølvstenidge statar – India og Pakistan.

Det kan ikkje vere tvil om at begge desse samlingane er viktige døme på kor verdfullt det er å ta vare på munnleg historie som ein del av verdsarven!

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.