Etter fleire forsøk på ulike plattformar, der WordPress og Google Sites har vore dei fremste – har Bjørn i dag laga eit design i Google som kanhende kan brukast inntil vidare.
Designet er forsøkt laga enklast råd, og med hovudvekta på forteljarane.
Kvar forteljar får si eiga side. Eit kort-resyme av dei nyaste vert automatisk publiserte i høgre sidefelt på framsida.
Alle forteljarane ligg i ein undermeny under hovudvalet «forteljarane».
Alle forteljarsider får ei kortadresse «http://fornamn.etternamn.memoar.no».
På forteljarsida kan han/ho skrive kva som måtte høve – f.eks ein presentasjon av seg sjølv. I tillegg vert det automatisk generert ei liste over forteljingar som han/ho legg på undersida «forteljingar av
Fornamn Etternamn».
Etter kvart som me får innhald, lagar me ei fast rekke med metadata slik at me kan nytte søkefeltet til å finne forteljingar («barndom», «skulegang», «arbeidsliv», «krigsminne» osv osv)