Det er jo langt fram til nettsida memoar.no er slik som ho skal bli – men den versjonen som me har pusla fram til no kan brukast inntil vidare. Den er tilstrekkeleg til å samle erfaringar og idear om korleis ein framtidig, spesiallaga design må sjå ut og – ikkje minst – fungere.
Mykje må gjerast manuelt førebels – men det vil truleg ta ei stund før omfanget av innhald er blitt slik at det vert uoverkommeleg.
Me la nokre planar for produksjon av pilotinnhald: Me skal undersøke litt betre om lydpublisering, og justere artikkelen «Del di forteljing» på det punktet. I samband med det arbeidet skal vi så publisere intervjuet om livet på DS Fosen. Me drøfta og nokre idear til forsøksproduksjon av innhald.
Så skal me gjere nokre framstøytar på samarbeidsfronten. Dette kjem me attende til så snart det er gjort.
Me skal undersøke om det finst noko kjelde me kan søkte utviklingsmiddel hos.
Den største utfordringa me gav oss sjølve i denne praten, var å starte arbeidet me å utvide vår vesle krins til ein formell organisasjon. Me sette oss det målet at han skal etablerast formelt tidleg i haust.
Om nokon skulle lese dette og ha lyst til å bli med i arbeidet – så ta gjerne kontakt!
Epostadressa red@forteljaren.no går til alle som er med så langt.