Jostein og Bjørn vart kjende i samband med arbeid for å ta vare på munnlege forteljingar for krigsveteranar i Noreg. Bjørn arbeidde med arkivprosjektet Neveragain.no – eit fellesprosjekt mellom Heimefrontmuseet, HL-Senteret, Stiftelsen Arkivet, Museum Vest og Røde Kors. Arbeidet gjekk ut på å samle inn opptak som alt var laga og å lage nye opptak med krigsgenerasjonen, digi9talisere dei og gjere dei tilgjengelege for ålmenta, skular og organisasjonar i eit saams digitalt arkiv.
Jostein heldt på med liknande arbeid med utgangspunkt dels i Mediesenteret ved Høgskulen i Bergen, og dels i eiga interesse og arbeid utanom HiB. Mellom anna var han ein nær samarbeidspartnar i prosjektet Norgesdokumentasjon, som og hadde som ide å ta vare på videointervju med kvinner og menn som hadde aktive krigsinnsats attom seg.
Dei møtte motvindar desse prosjekta, og i tre-fire år hadde dei to lite kontakt. Men så vart me samde om å treffast ein kveld, på BarBarista i Bergen. Og der vart ideen delt og der vart me samde om å gjere eit nytt forsøk på å få realisert den store visjonen: I den digitale tidsalderen er det meiningslaust å ikkje ta vare på OG gje folk tilgang på minnene slik dei artar seg i direkte tale frå dei som bærer dei.