9/2-15: Eit uformelt møte med statsarkivaren

Saakvitne og Enes hadde ein hyggeleg og uformell samtale med Yngve Nedrebø på Statsarkivet i Bergen om føremiddagen den 9/2. Etterpå oppsummerte me samtalen omlag slik:
– Me var styrka i den oppfatning at «sivile» borgarar som oss og det offentlege arkivverket har felles interesse av å byggje ein struktur som gjer det mogleg å samvirke mellom frivillige, profesjonelle og det offentlege arkivverket.
– Det er særleg interessant når det gjeld produksjon, innlevering og bevaring av munnlege forteljingar (lyd- og videoopptak). Per idag er det ikkje noko utvikla system i Arkivverket for slik arkivering, i alle fall ikkje noko system for å bevare og katalogisere digitalt materiale frå sivilsamfunnet («privatarkiv»)
– Det hører inn under omgrepet Samfunnsdokumentasjon. Førre Riksantikvar var svært oppteken av samfunnsdokumentasjon, og sette i gang prosjektet Samdok  Fyrste fase av prosjektet er gjennomført, men det er vetna at den nye Riksantikvaren vil styre det i andre retningar. Eit nytt plandokument som er venta våre 2015 er derfor møtesett med stor interesse.
– Det vil truleg vere klokt å setje igang eit pilotprosjekt for å synleggjere ideen vår. Når det er saml noko ionnhald, vil det vere interessant å ta opp spørsmålet om eit samarbeid med Arkivverket om bevaring av det.

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.