1/9-15: Interessante samtalar på Folkemuseet

Norsk etnologisk gransking er eit tradisjonsarkiv ved Norsk Folkemuseum som dokumenterer kulturhistorie frå levande minner.  Dei har kome langt i utvikling av ein minnebase. Dei samarbeider med KulturIT – eit teknologiselskap som utviklar løysingar for kultursektoren. Dette selskapet har utvikla ein minnebase for Nordiska Museet i Stockholm og den svenske Hembygdsföreningen og det er ein vidareutvikla norsk variant av den som NEG arbeider med.

www.minnen.se 

Fyrste versjon av den svenske minnebasen kan studerast på nettadressa http://www.minnen.se. I oktober vert det etter det me forstår presentert ein versjon to som er noko meir utvikla og som også får ein norsk variant i samarbeid med NEG.

Ideane som NEG ynskjer å utvikle viser seg å likne veldig på dei tankane me har sysla med i Memoar.

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.