Dette er eit forprosjekt om bruk av video i munnleg minnekultur. Det skal prøve ut korleis ein kan skape breitt engasjement rundt innsamling og bruk/deling av munnlege forteljingar om endringane i norsk arbeidsliv i åra rundt 1975, då hundre år med nær samanhengande vekst i registrert industrisysselsetjing brått snudde til nedgang. Forprosjektet skal utvikle eit kortkurs om bruk av video i minneinnsamling, gjennomføre pilotforsøk med minneopptak, kvalitetssikre, dokumentere og arkivere av pilotopptaka og prøve ut formidling/bruk/deling av dei. Forprosjektet skal finne ei framtidsretta løysing for korleis hovudprosjektet skal sikre arkivering, forvalting og formidling av innsamla materiale med forankring i ein offentleg ABMinstitusjon.
Opptaka skal som hovudregel foregå som frie intervju om korleis informantane hugsar arbeidet, arbeidsorganiseringa, omgangsformer, vitsar og vandrehistorier, humor, konfliktar, kjønnsbilete, gruppeidentitetar (eigne og andre sine), statussymbol og tabuar, framtidstru og -frykt, formelle og uformelle hierarki, endringsprosessar, bustadforhold og bumiljø, flyttingar og migrasjon, klassetilhøve, kulturkonfliktar osb osb.
Det skal lagast eit tekstresyme av kvart opptak med tagging til videofila slik at innhaldet vert søkbart. Kvart opptak skal kvalitetssikrast for ikkje å publisere noko som bryt med vanleg presseetikk. Forprosjektet skal finne ei framtidsretta løysing for arkivering, forvalting og formidling av innsamla materiale og dokumentasjon hos ein institusjon i den offentlege ABMsektoren.
Informanten skal kunne dele opptaket (eller utdrag frå det) i sosiale media, og det skal gjennomførast aktivitetar for å bruke pilotopptaka til å skape engasjement rundt innsamling av arbeidsminner.
Prosjektleiar er Bjørn Enes. Han kan kontaktast på adressa bjorn@enes.no
Alle som er involverte i prosjektet kan få tilgang til ei prosjektnettside. Ta kontakt med prosjektleiar om du ynskjer tilgang,