Norsk etnologisk gransking er eit tradisjonsarkiv ved Norsk Folkemuseum som dokumenterer kulturhistorie frå levande minner. Dei har kome langt i utvikling av ein minnebase. Dei samarbeider med KulturIT – eit teknologiselskap som utviklar løysingar for kultursektoren. Dette selskapet har utvikla ein minnebase for Nordiska Museet i Stockholm og den svenske Hembygdsföreningen og det er ein vidareutvikla norsk variant av den som NEG arbeider med.
Fyrste versjon av den svenske minnebasen kan studerast på nettadressa http://www.minnen.se. I oktober vert det etter det me forstår presentert ein versjon to som er noko meir utvikla og som også får ein norsk variant i samarbeid med NEG.
Ideane som NEG ynskjer å utvikle viser seg å likne veldig på dei tankane me har sysla med i Memoar.