15/11-15: Minneopptak med Ole Christian Næss

Søndag 15. november kl 13 gjer Memoar opptak med ein ny forteljar i Bergen Sjøfartsmuseum.
Denne gongen er det Ole Christian Næss som fortel. Han reiste ut som styrmannsaspirant hos Wilhelmsen i 1968, og kom midt opp i den store rasjonaliseringsprosessen i handelsflåten. Mellom anna måtte han lære seg spansk for å kunne kommunisere med mannskapet. Etter seks år i utenriksfart gikk han over i offshore, og vart ein av dei yngste plattformsjefane i Nordsjøen.
Intervjuar vert Bjørn Enes frå Memoar.

Publikum er velkomne til å vere til stades under intevjuet / opptaket.

Dei neste minneopptaka med publikum vert desse datoane:
13. desember
17.januar
21. februar
10. april
8. mai
12. juni
Sjå elles kalender, Facebook Memoar og Facebook Sjøfartsmuseet

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.