Idag – den 16. november 2015 har Memoar endeleg fått ein reaksjon på spørsmålet som me fire gonger har stilt til Kulturetaten om støtte til intervjustudio i Bergen Bibliotek. Me stilte spørsmålet for femte gong per telefon til seksjonsleiar for arkiv, bibliotek og museum, og fekk fylgjande munnlege svar:
«De kan rekne med å få eit svar i denne veka. Det vart vedteke ei løyving. Ikkje så mykje som de søkte om, men noko. Eg kan ikkje seie no kor mykje det vart. »
Det er vel ingen grunn til å repetere kor misnøgde me er med servicen frå administrasjonen i Kulturetaten. Me har klagd på dette, og reknar jo med å fylgje opp klagen (som me heller ikkje har fått respons på). Men no reknar me med at der er substans i svaret, og difor er me mest opptekne av å kome i gang.
Memoar har difor foreslått eit møte med Biblioteket snarast råd.
Me ynskjer å avtale framdriftsplan fram til opning av intervjustudio.
På same tid ynskjer me å ta opp att diskusjonen om å arrangere minneopptak med publikum. Me har alt hatt to slike i samarbeid med Sjøfartsmuseet, og det har vore svært vellukka. (Opptaka er publiserte på adressa http://sjofart.memoar.no/ )
Me ynskjer og å orientere om at Memoar er i sluttfasa av arbeidet med å utvikle eit kurs om minnesamling på video. For oss er det interessant å drøfte samarbeid med biblioteket om eit slikt kurstilbod.