Norsk fandom var aldri noko stort fenomen. Veteranane Jostein Saakvitne og Arild Værness reknar ikkje talet på aktive medlemmer av kulturen til meir enn eitt par – tre hunde ungdomar på 1970-talet. Men mange hadde betydelege ressursar, og har markert seg sterkt i åra etter. Mest kjende er nok duoen Bing og Bringsvær.
I denne videosamtalen har Memoar sikra ei innleiande forteljing om denne subkulturen. Og mot slutten av samtalen bestemte dei to deltakarane seg for å setje i gang eit arbeid for å finne fram, digitalisere og publisere skriftleg materiale frå kulturen si blømingstid på 1970 og -80talet. Fleire opptak av munnlege forteljingar er også på planen.
Fandom.memoar.no er ei eiga prosjektnettside for denne dokumentasjonen.