Foreininga Memoar, Sjøfartsmuseet i Bergen og Venneforeingen til museet skal sqmarbeide om eit forsøk på å samle munnlege forteljingar om sjømannsliv i nær historie som ein del av ei utstilling. Det skal skje sundag 18. oktober kl 13-15. Då skal det eit knippe sjøfartsveteranar dybdeintervjuast på video med dei besøkande i museet som publikum. Intervjua skal handle om livet på sjøen på 1960-talet og tiåra før/etter det. Dei som stiller til intervju (eller fri forteljing) får ein kopi av opptaket med oppmoding (og evt. hjelp) til å dele det i sosiale media. I tillegg får museet ein kopi og ein kopi skal Memoar tq ansvar for å lagre hos Byarkivet eller ein annan offentleg arkivinstitusjon.
Interessert? Ta kontakt med Sjøfartsmuseet ved Bård Økland – (Bard.Okland@bsj.uib.no)
Tlf. 55 54 96 06. eller Memoar ved Bjørn Enes (bjorn@enes.no) – tlf 415 16 745
Initiativet til dette kom frå Memoar og var formulert slik:
Alle har ei forteljing å dele!
Vi er den fyrste generasjonen i verdshistoria som kan leggje att etter oss munnlege forteljingar om våre levde liv. Men sjølv om nesten alle har ein lyd- og videoopptakarar i lomma, har me ikkje begynt å gjere det enno. Dette er eit forslag om å kome i gang:
Lat oss i fyrste omgang gjere videoopptak av tre-fire veteranar som fortel om livet til sjøs rundt 1960, då sysselsetjinga i handelsflåten var på topp – og då endringane sette inn som fekk tala på sjøfolk til å stupe, slik at mange trudde det var slutten på norsk sjøfart.
Konkret forslag:
Den 18. oktober klokka 13:00 – 15 startar vi ein intervjuserie i Bergen Sjøfartsmuseum, i utstillinga «Mitt museum». Saman med museet, Venneforeningen og / eller andre forsøker vi å finne minst tre sjøfartsveteranar som har lyst å fortelje der og då.
Vi lar publikum i museet få sjå og lytte og gjerne stille spørsmål eller supplere med eigne forteljingar. Alt festar vi til video.
Opptaka vert klargjorte i løpet av ein dag eller to – så får forteljarane kvar sin kopi, med oppmoding om å dele dei i sosiale media. Museet får ein kopi av kvar, og ein tredje kopi vert innlevert på Bergen Byarkiv med oppmoding om bevaring.
Dersom dette vert vellukka, fylgjer vi opp med fleire slike intervjuopptak. Kanhende kan det bli starten på ei stor innsamling av munnleg kjeldestoff om livet til sjøs?
Kven er det som reiser forslaget?
Initiativtakarane her er foreininga Memoar. Det er ein ny organisasjon med base i Bergen. Han er oppretta for å fremje ein kultur for å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv. Les meir om oss på http://www.memoar.org.
Vi stiller gjerne frivillig og gratis med opptaksutstyr, intervjuar, redigerings og publiseringshjelp for å få dette i gang. Til gjengjeld ynskjer med forteljingar, samarbeidspartnarar – og nye medlemmer.
Bergen 24. septembe 2015 – Bjørn Enes, leiar i Memoar.
bjorn@enes.no
Tlf 41516745