Torsdag 2. juli 2015 vart Memoar stifta.
Formålet med foreininga er «å fremje ein kultur for å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv».
I starten har den nye foreininga tre mål:
- Å etablere eit intervju-studio i samarbeid med Bergen Bibliotek som alle innbyggarar kan i Bergen kan låne for å gjennomføre intervjuopptak med nokon dei har lyst å gjere stas på. (Studioet kan sjølvsagt også nyttast til forteljing utan intervjuar).
- Å etablere ein server i samarbeid med Bergen Byarkiv der innbyggarar i Bergen kan lagre munnlege forteljingar (mellom anna intervjuopptak) for framtida. Frå serveren ynkjer me også at forteljingane skal kunne delast i sosiale media.
- Å utvikle opplæringstilbod og kunnskapsdeling om opptak, intervju, enkel redigering, metadataregistrering, opphavsrettsreglar, opplasting til arkiv, presse/publiseringsetikk og publisering.
I tillegg arbeider me for
- Å utvikle ei nettside og / eller eit nettsamfunn som kan hjelpe medlemmer som ynskjer det å nå fram til større publikum.
- Å arbeide for større akademisk og profesjonell interesse for munnlege forteljingar som kjelde for samtidsdokumentasjon og nær historie.
- Og å ta initiativ til og delta i samarbeidsprosjekt med historielag, arkiv-, bibliotek og museum, akademia, forskingsmiljø og profesjonaelle forteljarar / media.
- Og ikkje minst: Å verve medlemmer og gjennomføre eit fyrste ordinære årsmøte innan utgangen av 2015.
Me startar i Bergen. Men me deler gjerne erfaringane med interesserte i andre deler av landet, for dette er noko alle kommunar bør ha!
Ta kontakt gjennom epostadressa post@memoar.no !
Fylgj oss også på Facebook: www.facebook.com/Memoar.Org/