30/6-15 – Budsjett for oppgradering av studio

No startar jaktar på pengar!

Biblioteket har gjort eit overslag over kva som trengsrt for å oppgradere Studio 1 til intervjustutdio. Det trengst kort fortaltil fylgjande:

  • Lydislolering/demping i romet 
  • Lysrigg
  • Studiobakgrunn
  • Kamera med minst to lydinngangar spesielt til dette formålet
  • Minst to «mygg»-mikrofonar 
  • Diverse utstyr som stativ, kortlesar, kablar etc.
  • I alt trengst det omlag 25.000,- kroner pluss arbeidet som skal til for å rigge det. 

Biblioteket kan spytte 5000 kr. og det arbeidet som kan gjerast av biblioteket sine tilsette (m.a. vaktmeister som kan motere lydabsorbsjonsplatene)

Resten må søkjast – og det er dette som vert Memoar-initiativet si fyrste utfordring på pengefronten.

Kom gjerne med forslag til kor me kan søkje!

30/6 – BE

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.