15/2-16: Nye rammer rundt sjøfartsintervjua

Det skal vere nytt intervjuopptak med publikum på Bergen Sjøfartsmuseum sundag 6. mars klokka 13  (Obs: Opprinneleg plan var 21/2, men dette måtte flyttast). Denne gong vil opptaket bli gjort inne i biblioteket på museet. (Inngang frå «dekk» i andre etasje, til høgre når ein kjem opp trappa.

På fotografiet ser du fyrstkonservator Bård Gram Økland som «testforteljar» i den intervjubiletet. 

Bakgrunnen for denne endringa er dels at «dekket» er noko stort – det kan vere vanskeleg å fylgje med i forteljinga ikkje minst om det hender mykje anna på same tid.

I tillegg er det slik av Sjøfartsmuseet vurderer å forankre minneopptaka i biblioteksdelen av muiseet. På lengre sikt kan det vere gunstig strategi å utvikle minneopptak og -formidling som ei biblioteksteneste.

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.