Utviklingsplan: Ei "Gembavandring"

Me i Memoar har tenkt litt og snudd og vendt litt på tidlegare erfaringar med idé- og prosjektutvikling, og endt opp med ei skisse basert på det japanarane kallar ei «Gemba-vandring». Det er omlag det same  som amerikanarane kallar «management by wandering around», bortsett frå at her handlar det ikkje om administrasjon, men om å tømra  ein laus idé om til eit konkret forslag. 
(Vandringsmann med stav. Adolph Tidemand)


Vandringane:

Me – det vil konkret seia Bjørn Enes og/eller Efraim Kanestrøm – vil gjerne ta på oss å vandra rundt til alle som var med på det fyrste møtet 31. januar, pluss andre som kanskje burde ha vore der, for å diskutera to hovudspørsmål:

  1. Korleis kan du/de ha bruk for eit senter for munnleg historie? 
  2. Kva kan du/de bidra med inn i eit slikt senter? 

    Nokre vandringsmål må ligga utanfor by og fylke, og handla meir om nasjonale perspektiv. Men spørsmåla kan vera dei same.

    «Tenkjetank»:
    Nokre gonger i løpet av desse vandringane, treng me å tenkja høgt saman med  ei lita gruppe på fire/fem personar. Dei bør ha ulike  bakgrunnar og perspektiv, og dei må ha lyst til å høyra forteljingar om vandringane og  diskutera kor det me har høyrt og sett peikar hen. 
    Me ba om respons på denne framgangsmåten, særleg frå personar som kunne tenkja seg å vera med i ei slik gruppe. Etter litt fram og tilbake har me endt opp med å invitera desse: 
    • Hanne Gillow-Kloster frå Universitetsbiblioteket og Skeivt Arkiv 
    • Gry Bang-Hansen frå Sjøfartsmuseet 
    • Line Farre Grønstad frå UiB/Kulturvitskap 
    • Mette Bøe Lyngstad frå Høgskulen å Vestlandet
    • Oddvar Skre frå Fana Historielag

    Idébank:

    Me har alt etablert denne bloggen for å dela tankar, idear og synspunkt. 

    Ut over i prosessen skriv me inn små forteljingar om idear og diskusjonar me har snappa opp under vegen. Poenget med dette må vera å dela og å diskutera. 

    Kven som helst er velkomne til å kommentera. Viss nokon vil ha tilgang som forfattar er det berre å ta kontakt – for eksempel med Bjørn på epostadressa bjorn.enes@memoar.no.

    Konretisering:
    Etter kvart som me får inntrykk av at det utkrystalliserar seg ein (eller nokre få alternative) strategiar, tek me til å tenkja konkret – på organisasjon og kompetansekrav og ressursbehov og alt slikt som gjer spørsmåla til politikk. 

    Også i denne fasen delar me forteljingar med tenkjetank og blogg. storleik Til slutt teiknar me ut to eller tre konkrete alternativ, med anslag på ressursbehov og refleksjonar om kva som skal til for å få politisk gjennomslag.

    Forslag
    Og når me er komne så langt, inviterar me til eit nytt møte.  Har me gjort jobben skikkeleg. konkluderar eit slikt møte med ein fagleg og politisk allianse som bør ha gode sjansar til å vinna fram.


      Skriv gjerne ein kommentar:

      Fill in your details below or click an icon to log in:

      WordPress.com logo

      Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

      Google photo

      Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

      Twitter-bilde

      Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

      Facebook-foto

      Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

      Koplar til %s

      This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.