Forventingar til ein konferanse….

Om ni dagar startar den andre Memoarkonferansen. Eg har fått vera med i arrangementskomiteen, både i fjor og i år. Gjennom mange månader har forventingane auka og auka, og nå – 20. februar 2019 – er dei truleg på topp, like før “premierenervene” kjem. I dag trur eg at det blir to historiske dagar, i alle fall i arbeidet med å bygga opp munnleg historie (oral history) som fag og som nettverk i Noreg.

Eg skreiv ei førehandsbriefing til møteleiar Malin Thor Tureby i går kveld. I dag tenkjer eg at desse forventingane gjerne kan delast med andre og. Så her kjem dei:
Av Bjørn Enes, leiar i Memoar
Det store bildet
Då me starta Memoar i 2015, hadde me ingen kontakt med noko fagmiljø, verken på  arkiv, bibliotek eler musé (ABM). På universitetet visste me berre om at  folkloristane hadde eit visst fokus på munnlege kjelder (“munnleg tradisjon”).  
Historikarar brukte nok munnlege kjelder, men dei sto ikkje høgt i kurs, og lite eller ingenting vart samla. Forskingsetikken tilsa at alt munnleg kjeldemateriale var sensitivt og skulle slettast etter bruk, og me registrerte ingen diskusjon om dette prinsippet. 
«Oral history» var eit framandord. “Munnleg historie”/”muntlig historie” var ein eksamenskategori i vidaregåande skule. Ingen offentlege arkiv tok imot munnleg kjeldemateriale i form av lyd- eller videoopptak, berre Nasjonalbiblioteket tok imot pliktavleverte filmar, TVprogram og musikk. 

I dag er dette endra veldig mykje. To offentleg finansierte institusjonar – Skeivt Arkiv og 22.julisenteret – samlar, formidlar og forskar på munnleg historie. Norsk etnologisk gransking (Folkemuseet) har oppgradert interessa for munnlege kjelder, samlar slike systematisk, og bygger infrastrukturen Minner.no / Minnen.se saman med Nordiska Museet – med rom for å samla munnleg kjeldemateriale. Landslaget for lokalhistorie (søsterorganisasjonen til Hembygdsrørelsen) har begynt å interessera seg for munnleg historie, Norsk Kulturråd finansierte i fjor prosjektet Krafttak for munnleg historie, Nasjonalbiblioteket har begynt å ta imot og digitalisera lyd- og videomateriale frå ABM-sektoren og er i diskusjon med frivillig sektor om å ta imot munnleg historie også for dei.
Memoar er framleis ein liten, men landsdekkande organisasjon. Folkeminnesamlinga ved Universitetet i Oslo, Kulturvitskap ved Universiteta i Bergen, historikarar i Trondheim og 
fagmiljø ved høgskulane både på Vestlandet og i Sør-Aust-Noreg samarbeidde med oss i Krafttaket og er i diskusjon om eit oppfylgjingsprosjket i dei komande tre åra.  Det er starta ein politisk prosess for å etablera eit senter for munnleg historie i Noreg. 

p.p1 {margin: 0.0px 0.0px 0.0px 0.0px; font: 15.0px Arial; -webkit-text-stroke: #000000} p.p2 {margin: 0.0px 0.0px 0.0px 0.0px; font: 12.0px «Helvetica Neue»; -webkit-text-stroke: #000000; min-height: 14.0px} p.p3 {margin: 0.0px 0.0px 0.0px 0.0px; font: 12.0px Arial; -webkit-text-stroke: #000000} span.s1 {font-kerning: none} span.s2 {text-decoration: underline ; font-kerning: none; color: #1255cc; -webkit-text-stroke: 0px #1255cc}

Den andre Memoarkonferansen kjem til å bli ei interessant markering av dette. Her er eit tenkt “referat” frå konferansen, laga ut frå ambisjonane ni dagar før start:



Åpning: Stemmer frå Utøya

Maja Gudim Burheim har lova å setje saman nokre videoklipp med overlevande etter terroren 22. juli 2011. Me har grunngitt ønsket om ei slik opning med at me treng å markera at munnlege primærkjelder har ein unik verdi – også når opptaket er gjort i ettertid, som tilbakeblikk.

Nestoren i norsk oral history:
Professor emeritus Knut Kjeldstadli har alltid lagt vekt på munnlege kjelder. slik sett har han vore eit unntak i norsk historikarmiljø. I januar 2018 skreiv han artikkelen “Mnemoteket”, der han argumenterte for å etablera eit “minnenes depot”, eit sentralarkiv for kvalitative data, like viktig som Statistisk Sentralbyrå er for kvantitative data. Memoar trur at me arbeider for å verkeleggjera hans visjon. Det blir spennande å høyra om han er samd!

Poesi og etikk i intervjusituasjonen
Professor emeritus Bente Gullveig Alver er nestoren innan folkloristikk / kulturvitskap i Bergen. Me har hatt veldig interessante diskusjonar om etikk – ikkje minst om forskjellane mellom presse-etikken, der munnlege ytringar har like stort krav på ytringsfridom og opphavsrett som andre ytringsformer, og forskingsetikken, der munnlege ytringar er rekna som sensitiv informasjon som i regelen skal transkriberast, anonymiserast og slettast etter bruk. Ho har viktige poeng som utdjupar problematikken. For eksempel dette: I eit godt intervju kan det skje ting som ingen av partane var budd på. Det kan vera eit etisk overtramp å inngå publiseringsavtalar i situasjonen midt under eller rett etter intervjuopptaket. Ho har lova å fortelja og reflektera  frå si rike erfaring på dette feltet.

Polyfoni som historisk metode – stemmene frå Alexander Kielland  
Marie Smith-Solbakken er ein nyleg etablert kontakt for oss – noko som viser kor fragmentert oral history-miljøet i Noreg har vore.  For ho har arbeidd med minner frå Alexander Kielland-ulukka i over ti år. På Memoarkonferansen kjem ho til å gjera offentleg at 300 minneintervju med overlevande, etterlatte og redningsmenn nå er samla og dokumenterte og vil bli tilgjengeleggjorte i alle fall for alle som skal forska på ulukka. Ho har lova å reflektera over det ho kalla polyfoni som metode. Personleg trur eg dette blir eit høgdepunkt på konferansen. Truleg vil Hans Jørgen Wallin Weihe presentera prosjektet saman med henne. Han er professor i sosialt arbeid ved Høgskulen på Lillehammer, og har deltatt i arbeidet heile tida – dei to er gifte.

Stormen i Sagobygden
Ola Hemstrøm er journalist i Sveriges Radio. Mellom anna er han kjend for programserien “Sverige berettar”. Då orkanen Gudrun traff Småland i 2005, var det den mest øydeleggande stormen i manns minne. Sagobygden i Ljungby oppmoda folk om å ta vare på alle forteljingane om stormen – resultatet vart boka “Stormen” som Ola har redigert. Han skal fortelja om dette – og om samarbeidet med Dramaten i Stockholm, der han har produsert ein serie med sceniske versjonar av “Sverige berettar”.

Lapskaus
Me håpar at folk orkar å koma tilbake til Biblioteket etter å ha pusta litt ut. I kafeen “Amalies Hage” har me lagt opp til mingling, utan program. Bortsett frå at me vil oppmoda Audun Kjus til å finna fram ei eller fleire av fløytene sine.

The rise of oral history….
Anne Heimo er leiaren av oral history-nettverket i Finnland (FOHN). Sist sommar var FOHN vertskap for International oral history association sin 20. verdskonferanse. Ho er også europeisk representanten i styre for verdsforbundet. Få har betre bakgrunn for å samanlikna fagfeltet oral history i Norden med den internasjonale utviklinga innan faget – og det er akurat det ho skal snakka om. (Anne har bede om å få halda sitt foredrag på engelsk)  

Lokalhistorisk institutt og munnleg historie
Dag Hundstad er historikar – med røtene sine på Sørlandet.  I fjor vår tok han over som leiar av Lokalhistorisk Institutt (NLI), som i 2017 vart gjort til ein del av Nasjonalbiblioteket. Det førte til ei nærast “eksplosiv” utvikling av forholdet mellom Memoar og NLI   Hundstad var nemlig frå før veldig interessert i munnleg historie. Det viste seg at han hadde fylgt med på utviklinga vår – og var klar med ein gong me ba om eit møte. Han skal snakka om korleis han og NLI ser på dette med å starta eit arbeid også på feltet munnleg historie. Me har store forventingar til dette. Me håpar mellom anna at Nasjonalbiblioteket blir aktuelt som vertskap for eit “munnleg riksarkiv” – ein parallell til British Library¨s Sound Archive, organisert som eit datasenter og med video som hovudformat frå no av.

Munnlege kjelder til utmarksrettar
Synnøve Solbakk arbeider i Finnmarkskommisjonen, som er ein domstol som mellom anna skal avklara rettar og gamal hevd i utmarksområde i Finnmark. I all hovudsak gjeld det rettar i reindriftsnæringa. I samisk tradisjon er dette ein del av den munnlege kulturen. Kommisjonen arbeider no for å avklara og skriva ned desse rettane – men då er det viktig å få best mogleg dokumentasjon på kva som gjeld munnleg. Dette arbeidet skal Synnøve Solbakk snakka om. Me traff henne under Krafttakturneen, ho to del på det fyrste kurset i Varanger. Ho meinte den gong at ho hadde stor nytte av kurset. Og me meinte at det ville vera veldig nyttig å formidla hennar og Finnmarkskommisjonens arbeid og erfaringar til resten av det norske/nordiske oral history-miljøet.

Meir poesi og etikk
Efraim Kanestrøm er i dag prosjektmedarbeidar i Memoar. Han har ei spennande livshistorie. I vaksenlivet har han vore bonde, soldat og industrileiar. Me er veldig glade for at han har blitt så interessert i oral history at han er i ferd med å velja det som yrke for resten av livet. Vegen hans inn i dette er like spennande. Ei grunnleggande interesse for historie førte han inn i eit kurs som Memoar i Bergen arrangerte. Å bli intervjua var eit av elementa i kurset. Under intervjuet – eg var den heldige som fekk intervjua han – hende akkurat det som Bente Alver skal snakka om: Me kom inn på ting som løyste ut kjensler som han ikkje var klar over at han hadde. Kjenslene tok over – tårene kom. Han har bestemt seg for å fortelja om det som hende – og å visa den delen av intervjuet.Og så skal han forklara kvifor han har bestemt seg for at dette vil han publisera .

Kriminaletterforskaren som intervjuar
Anne Marie Kollhus har ei lang politikarriere bak seg.I mange år var ho kriminaletterforskar i Oslo – før ho pensjonerte seg, flytta heim til Hallingdal og melde seg inn i historielaget der. Ho var på kurs med Memoar under Krafttak-turneen, og oppdaga at ho hadde stor nytte av politierfaringane sine når ho sat som intervjuar frå historielaget. Ho skal fortelja om og reflektera rundt denne erfaringa.

Dei siste vest i havet
Siri Linn Brandsøy kjem sjølv frå Solund, heilt ytterst i Sogn. Det er ein kommune med 1000 øyer – og 900 innbyggarar (915 innbyggarar i 2014). Som andre jenter der har ho reist til byen og utdanna seg. Ho blei Visuell Antropolog. Så reiste ho heim att, og bestemte seg for å livberga seg med ein kombinasjon av sauehald og filmskaping. Ho var på kurs med Krafttakturneen og såg at her var det faktisk eit mogleg attåtnæring for henne: Filmskapar, sauebonde og minnesamlar. Og sjølvsagt er det forteljingane til dei 914 andre på øyene som er hovudtema. Dei kallar seg “dei siste”, for dei fleste trur at øyene blir avfolka etter dei. Men Siri Linn sjølv er jo eit bevis på det motsette!

Immateriell kulturarv – og framtidsmuseet
Marianne Nystad er sjef på Tingvoll Museum på Nordmøre. Ho er ein entusiast og ein energibunt. Under Krafttakturneen sto ho for den suverent største intervjuorganisasjonen av alle – i løpet av halvannan dag ble det gjort 13 intervju og produsert omlag 25 timar munnleg kjeldemateriale. Og i tida etterpå har ho jobba vidare – både med å leggja og iverksetja planar om korleis Tingvoll Museum skal utviklast frå eit museum med fokus på gjenstandar, til eit museum med forteljingar. Eg trur det vil bli ei strålande avslutting av presentasjonane!

Visjonar – akkurat no:
Til sist skal Audun Kjus, Line Esborg og eg, Bjørn Enes, legga opp til ein plenumssamtale om vegen vidare. Me har tenkt å lansera og argumentera for visjonen om eit senter for munnleg historie. Audun kjem til å fortelja om Jacob Nicolai Wilse, potetpresten frå Spydeberg som fortalde at han (eller rettare hans alter ego Philoneus) fall i søvn i det “deylige landskab” i Spydeberg (Audun bur i der!), og då han vakna var han brått kome til framtida. Ein liknande visjon har altså Audun opplevd, i Bergens “deylige landskab” – og han vakna altså i den enorme skyskraparen til Senter for munnleg historie. Derifrå fortel han, Line og eg om korleis dei ulike rom såg ut og kven me møtte i denne skyskraparen.
Tanken er at ein slik visjonær inngang skal føre til ein diskusjon i forsamlinga og kor me står og kor me skal gå vidare i arbeidet for eit norsk (eller nordisk?) Oral History Society.

Årsmøtet
Absolutt siste punkt er årsmøtet i Memoar. Det viktigaste som skal skje der er at eit forslag om å etablera ei ideell, profesjonell stifting som skal føra det arbeidet som den frivillige organisasjonen Memoar har starta opp. Hovudpoenget er å legga til rette for samarbeid med alle frivillige organisasjonar og ale profesjonelle fagmiljø som arbeider med munnleg historie og immateriell kulturarv.

Slik er visjonen! Og enno er det sjanse til etterpåmelding  her: https://memoar.ticketco.events/no/nb/e/memoarkonferansen_2019

20. februar 2019 – Bjørn Enes

p.p1 {margin: 0.0px 0.0px 0.0px 0.0px; font: 12.0px «Helvetica Neue»; -webkit-text-stroke: #000000} p.p2 {margin: 0.0px 0.0px 0.0px 0.0px; font: 12.0px «Helvetica Neue»; -webkit-text-stroke: #000000; min-height: 14.0px} p.p3 {margin: 0.0px 0.0px 0.0px 0.0px; font: 12.0px Arial; -webkit-text-stroke: #000000} span.s1 {font-kerning: none} span.s2 {font: 12.0px Arial; text-decoration: underline ; font-kerning: none; color: #1255cc; -webkit-text-stroke: 0px #1255cc}

Skriv gjerne ein kommentar:

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.