Eit amerikansk senter for munnleg historie

Fredag 26. april møtte ti personar hos Spesialsamlingane, Universitetsbiblioteket i Bergen, for å høyra direktøren for det amerikanske Southern Oral History Program (SOHP.org), Rachel Seidman, fortelja om senteret og delta i diskusjon om kva eit framtidig Senter for munnleg historie i Bergen kan læra frå SOHP.
Rachel Seidman (Foto: B.Enes)

Seidman sjølv er historikar. Ho vore i leiinga av SOHP sidan 2011, og direktør sidan 2017. Våren 2018 er ho Fulbright-stipendiat i Turku, Finland. Turen til Bergen og vår workshop var ein avstikkar derifrå.

Eit stort amerikansk senter.
SOHP vart etablert i 1973, som ein del av det historiske fakultetet ved University of North Carolina (UNC). Heilt fram til nyleg er det historikarar som har dominert arbeidet med senteret, men i løpet av det siste tiåret har dette endra seg slik at det no trekker til seg både folkloristar, geografar, samfunnsvitarar, litteratur-, medie- og kunstfag.
Programmet har ein stab på fem stillingar. Utanom direktøren er det to prosjektleiarar, ein forvaltar / formidlar og ein forskingsleiar. I tillegg er det til ei kvar tid knytta tre til fem stipendiatar (doktorgradsstudentar) til senteret og eit tilsvarande tal med internships (master- og barchelorstudentar).
Innsamlingsarbeidet er organisert i prosjekt. I løpet av dei 46 åra senteret har vore i verksemd, er det starta 125 ulike prosjekt. For tida pågår seks parallelle prosjekt med tema som universitetshistorie, migrasjon, helse og sjukdom, kvinnehistorie og mediehistorie. Studentane sine arbeid inngår i eit samleprosjekt som omfattar ytringsfridom, skeiv historie, kvinnehistorie og borgarretssrørsla (black pioneers). Oversyn over tidlegare prosjekt finst her,
I alt har SOHP samla omlag 6000 intervjuopptak, i hovudsak i form av lydopptak. Dei seinare åra har videoopptak blitt meir vanleg, og mange unge foretrekker det.
Seidman karakteriserte senteret som “eit av dei store oral history-programma i USA”.

Deltakarar på verkstaden: Bjørn Enes, Gita Storegjerde, Line Grønstad, hannah Gillow-Kloster, Oddvar Skre, Gyri Skre, Bjørn André Widvey, Efraim Kanestrøm og Gry Bang-Andersen. Foto: Rachel Seidman)


Munnleg historie og skriftlege minnetekstar
Samtalen demonstrerte tydeleg at munnleg historie eller oral history står svært mykje sterkare i North Carolina enn i Noreg og truleg også Finland. Hos oss finst ein sterk minnetradisjon – ho fortalde at ho var blitt positivt overraska over å finne omfattande finske minneinnsamlingar heilt tilbake frå 1800-talet. Me som tok del i møtet kunne supplera med informasjon om tilsvarande innsamlingar også i Noreg.
Men skriftlege minnetekstar er noko anna enn det me hos oss forstår med oral history”. understreka ho.
For henne er skilet at oral history er munnleg. Altså originale opptak i form av lyd eller video.
Sjølv ein direkte transkripsjon av ei munnleg forteljing er ei endring av primærkjelda, og eit skriftleg arbeid i form av ei litterær minneforteljing er noko vesentleg forskjellig frå eit munnleg materiale.
Metodikk for mange fag.
UNC har ikkje eit eige oral history-studium. Det finst berre eitt slikt i USA, og det er ved Columbia University .
Eg tilrår ikkje mine studentar å søka dit”, sa ho. Ho meinte at det er for smalt som utdanning. UNC satsar i staden på at munnleg historie er ein metodikk som mange fagretningar har bruk for å kunna. Derfor held dei kurs som kan inngå i andre studieprogram.
Bakgrunnen for at historikarane har blitt mindre dominerande dei siste åra, er at talet på historiestudentar har gått ned, på same tid som dei andre fagområda som er nevnt over har fått ei ny interesse fagområde og metodikken i munnleg historie.
SOHP er ein del av Southern Cultures.org
Offentleg tilgang
I regelen vert intervju samla gjennom desse prosjekta transkriberte før originalopptak og transkripsjon vert overførte til universitetsbiblioteket ( Wilson Library) som tar seg av sjølve arkiveringa.
Samtykkeerklæringa som også fylgjer, er normal bygd på Creative Commons. og det normale er at intervjuet vert tilgjengeleg både for forskarar og publikum. Tidlegare var regelen at UNC sikra seg copyright til intervju før dei vart arkiverte. Det gjer dei ikkje lenger.
Seidman var overraska over kor restriktive rutinane ho har sett i Finland er, og spurde seg om det er kulturforskjellar mellom Norden og USA når det gjeld ytringar.
Hos oss brukar folk å vera stolte over å bli intervjua – og dei vil gjerne at intervjuet skal bli publisert. I Finland er dei veldig opptatt av personvern”
Dette førte til ein interessant diskusjon, både om kulturforskjellar mellom USA og Europa, og ulikskapet mellom prosjekt som Skeivt Arkiv og Memoar/Sjøfartsmuseets innsamling av munnleg sjøfartshistorie. 
 Seidman lova å sende over det samtykkeformularet som SOHP nyttar slik at det kan studerast nærare (Det blir publisert i denne bloggen når det kjem)
Påstoff for teater, film, musikk, utstillingar og litteratur
Flutronix
Kreativ formidling er eit satsingsområde for SOHP. Dei 6000 intervjuopptaka i arkivet er eit rikt kjeldemateriale både for musé og for andre som driv formidling.
Eksempelvis vart intervjusamlinga “Black pioneers,” der dei fyrste afroamerikanske studentane ved UNC vart intervjua, nyleg brukt som råstoff for ein teaterproduksjon om korleis raseskillet har endra seg – og ikkje endra seg – frå 1969 til i dag. Prosessen er godt skildra i avisa Indyweek
Fløytistane Nathalie Joachim og Allison Loggins-Hull i kunst-pop-duoenFlutronix har også arbeidd sidan september i fjor med eit kunst/musikkprosjekt basert på råstoff frå intervjuarkivet til SOHP. Det skal bli til ein performance med tittel “Discourse” som skal framførast i 2020. Dette prosjektet er også godt skildra i Indyweek.
Nettustillinga Rural Electrification er eit døme på korleis det munnlege råstoffet vert brukt av museumskuratorar,
Kardiologi
Det største prosjektet dei arbeider med akkurat nå, handlar om om helse og sjukdom i landdistrikta i Nord-Carolina. Initiativet kom frå ein kardiolog (Ross Joseph Simpson) som studerer brå dødsfall i landdistrikta i staten. Slag og hjarteinfarkt vert fatale langt oftare enn i byområde. Han meiner at lang utrykkingstid for ambulansar og liknande berre kan forklara dette delvis – det må også vera andre og meir kulturelle forklaringar.
Dette vart bakgrunnen for ein intervjuserie om folk på landsbygda sine opplevingar, tankar og tradisjonar rundt helse og sjukdom.
Me treng forteljingar for å kunne forstå”, sa Rachel Seidman
Det er gjort 100 intervju så langt. Alt no ser dei at samlinga inneheld kjeldestoff for forsking på korleis rase-, kjønns- og språkrelasjonar spelar inn både på forhold mellom pasient og helsepersonell og på korleis råd frå helsepersonell vert oppfatta og praktisert. Dei har også gjort viktige funn om slitasje for helsepersonell i arbeid med fattige pasientar der spørsmål om kostnadar og forsikring tar større plass enn spørsmål om sjølve helsa. Prosjektet arbeider no med å skaffa finansiering for yttarlegare 250 intervju.

http://sonicsouth.web.unc.edu/

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.