7/5-19: Stemmene frå Tingvoll

Tingvoll i Møre og Romsdal er i ferd med å innta rollen som eit “laboratorium” for korleis samarbeidet kan utviklast mellom eit Senter for munnleg historie og lokale miljø av profesjonelle og frivillige “minnesamlarar”. I dagane fredag 3. til sundag 5. mai gjennomførte Memoar og Tingvoll Museum eit intensivkurs, to fulle dagar med minneopptak og eit publikumsarrangement der primærkjelder fortalde om to viktige kvinnearbeidsplassar i bygda.

Høgdepunktet var “Forteljarpanelet” på laurdagen. Då sette Margit Steinshamn, Kjellaug Meisingset, Tora Meisingset, Bjørg Wolden og Marie Sagli seg på rekke framtor eit førtital frammøtte og fortalde – rett inn i arkivet til museet.

.

Dei ringde frå Uldvaren” sa Marie. “Mor di treng deg, sa dei. Og sidan kontordama skulle slutte etter førti år kunne eg få den jobben. Fabrikken hadde omsorg for folk i bygda…”

Kjellaug fylgde opp:

Eg kom til Tingvoll på pliktteneste. Tre år måtte eg binda meg for å få seks månader opplæring i Televerket. Her traff eg ein kar eg ville vera med. Så eg tok til å spara pengar for å kjøpa meg fri. Heldigvis fekk eg ja på søknad om fast beordring til Tingvoll.”

I to fulle klokketimar heldt dei fem veteranane fram med forteljingar om telefonsentralen og ullvarefabrikken på Tingvoll. Etterpå kokte det i den ombygde låven på museet. Forteljingane frå panelet vekte vekte opp undre andre forteljingar i salen. Nye intervjuavtalar måtte gjerast.

Tingvoll museum

Her skal eg ikkje gå djupare inn på alt dei fortalde. Etter kvart som etterarbeidet blir ferdig og forteljarane avgjer om opptaka skal delast, kjem både panelsamtalen og timelange intervju med kvar enkelt på nettsida Tingvoll.Memoar.no. Seinare kjem det gjerne formidlingar både av telehistorie, industrihistorie og anna av det som har endra Tingvoll i “manns minne”.
Eg skal konsentrera meg om organiseringa. Korleis har Tingvoll Museum fått det til? Kva har dei for planar? Korleis vart Memoar involvert – og ikkje minst: Kva har me lært på Tingvoll?
Svaret på fyrste spørsmål er kort og godt at Tingvoll Museum har bestemt at immateriell kulturarv i form av bygdefolk sine forteljingar om levd liv er skattar, og at det fell inn under museet sitt oppdrag å ta vare på dei og å sikra at komande generasjonar får tilgang til dei.
Det er sjefen sjølv, avdelingsleiar Marianne Nystad, som har fronta det synet. Ho har brei erfaring og solid utdanning, eit veldig kontaktnett både lokalt og nasjonalt og meir enn nok av den sjølvtilliten og styrken som skal til for å vera pioner.

Krafttak i 2018

Ho hadde nok starta med dette for lenge sidan, om ikkje det hadde vore for eitt hinder: Ho hadde for lite greie på teknikk og metode, etisk regelverk praktiske framgangsmåtar. Så – i fjor vår – fekk ho sjå ei melding på ei epostliste ho fylgjer at nokon ho aldri hadde høyrt om skulle på rundreise i landet med teorikurs og praktiske øvingar på akkurat dette. Ho heiv seg på telefonen – og slik vart kontakten etablert.
Memoar hadde – i samarbeid med Landslaget for lokalhistorie, Folkeminnesamlinga og Norsk etnologisk gransking – fått midler frå Kulturrådet til eit “Krafttak for munnleg historie” Der var midler til 12 kurs og opptaksøkter – dei fyrste som melde seg fekk besøk.
8. og 9. november i fjor møttest me for fyrste gong. Det vart to svært produktive dagar. Me stilte tre erfarne intervjuarar/samlarar frå Memoar og Norsk etnologisk gransking. Dei stilte eit tjuetal fagpersonar frå heile Nordmøre Museum – pluss ei handfull deltaksartar får ei tredje og svært viktig gruppe:
(Frå intervjuopptak i november 2018, Marianne Nystad instruerar frivillige Torolv Løset og Gunnar Åsen)

Frivillige

Marianne Nystad såg hadde invitert frivillige, både enkeltpersonar og aktive frå historielaget som ho visste hadde interesse for dette feltet. På biletet er det dei frivillige Torolv Løset som får instruksjon av Marianne.
Fagmiljøet i eit museum er sjølvsagt avgjerande viktig. Dei har kompetansen og ressursane til å sikra også det munnlege kjeldematerialet for dei komande generasjonane. Men det er nesten fristande å påstå at dei frivillige er endå vikitgare. Dei fleste aktive historie- og sogelagsmedlemmer er sjølve primærkjelder til nær historie. Dei kjenner lokalmiljøet, dei veit kven som har viktige forteljingar – og dei har ein bakgrunn for å intervjua som aldri kan lærast i ei utdanning.
Det er eit ualminneleg godt forhold mellom dei tilsette og dei frivillige på Tingvoll. Dei er meir å rekna som gamle vener med same interesse, enn ei blanding av “profesjonelle” og “amatørar”.

Arbeidsdeling

Utanom desse tre faktorane – museet, kompetansen utanfrå og dei frivillige – viser erfaringane frå Tingvoll at ein faktor til er avgjerande. Viss ein unngår “å gjera det perfekte til det godes fiende” kan ein få produsert veldig mykje munnleg historie gjennom god arbeidsdeling. Akkurat no, i mai 2019, er arbeidsdelinga mellom Memoar og partane i Tingvoll slik:
  • Intervjuopptak: To gonger har erfarne intervjuarar frå Memoar (i november også frå NEG) kome til Tingvoll for å hjelpa nye intervjuarar i gang. Hovudmetoden har vore praktisk samarbeid i intervjusituasjonen. No reknar Nystad med å vera “sjølvforsynt” med intervjuarar framover.
  • Enkel redigering: Tingvoll er enno ikkje sjølvforsynt med redigerar. Dei har heller ingen som klør i fingrane etter å læra kunsten. Så då går med utanom den Bøygen, og inntil vidare er avtalen at ressurssenteret i Bergen skal klippa fyrsteversjonen av kvart intervju og legga den ut på internett med passordsperre som berre forteljaren får tilgang til. Ho eller han kan så gi det vidare til neste post på “samlebandet”.
  • Dokumentsjon: Neste post er å laga loggen over innhaldet og eit kort tekstsamandrag. Det er den mest tidkrevjane delen av arbeidsprosessen. Men det er også den mest interessante delen. Frivillige og museumstilsette på Tingvoll skal gjera den delen av arbeidet. Treng dei eit kurs, så lagar me det – men me trur det nok me dette nettkurset. Finn dei noko som bør klippast vekk melder dei frå – og så snart dei er ferdige sender dei logg og tekstsamandrag til museet og/eller til Memoar.
  • Avtale: Nå må forteljaren ta stilling til om ho/han vil dela forteljingane med alle interesserte, eller om berre forskarar skal få tilgang. Det gjer dei med å justera og signera standardavtalen som også ligg på prosjektnettsida.
  • Arkivering: Når alt er ferdig, blir det lagt i ei digital arkivmappe med forteljaren sitt namn. Mappa blir mellombels arkivert på Tingvoll Museum sin server og i “nettskya”. Der er dei klare for avlevering til eit offentleg eigd langtidsarkiv når det er avklart kor det blir (vonalerg Nasjonalbiblioteket eller Riksarkivet)
  • Publisering: Ein dag får nok prosjektet sin eigen nettredaktør. Men fram til så skjer, er avtalen at Memoar skal legga ut video, logg og tekst på Tingvoll.memoar.no og Minner.no. Viss intervjuet berre skal gjerast tilgjengeleg for forsking, blir det berrre lasta opp til Minner.no
  • Formidling: Der er mange måtar å bruka munnleg historie i formidling. Oftast er det aktuelt å bruka korte utklipp saman med tekst, andre sitat eller digitale applikasjonar av ulike slag. Når logginga er skikkeleg gjort, er det enkelt å linka til bestemte punkt i ein lang video gjennom å hekta ein kode i enden av videoadressa. Koden er #t= for å peikatil tidskode, h for timar, m for minutt og s for sekund – eksempelvis i denne nettadressa: https://vimeo.com/269063020#t=0h14m34s, der me får høyra korfleis Efraim Kanestrøm vart avlært banning.

Infrastruktur

For å få slik arbeidsdeling til å fungera effektivt, trengst ein enkel og robust infrastruktur. Memoar har bygd opp ein basert på “hyllevarene” Dropbox, WeVideo, Vimeo og Google Sites. Den er billeg og robust, men krevjer litt datakunnskap og stel tid når ein ikkje er vand med han.
Samtidig arbeider me saman med Norsk etnologisk gransking og ei rekke musé landet rundt og i Sverige for å utvikla ein skreddarsydd infrastruktur for minnesamling – www.minner.no. Den er førebels litt dyr å kjøpa seg inn i for nye musé, samtidig som det finst opningar for å vera med i samband med utviklingsarbeidet.
Eg tenkjer at god infrastruktur, eit kommunikasjonssenter og og eit “utrykkingslag” som kan reisa rundt i landet og hjelpa historielag, musé og andre som ynskjer å koma i gang med munnleg historie, blir ein viktig del av eit nasjonalt senter for munnleg historie. Lærdomane frå samarbeidet med Tingvoll museum og dei frivillige på Nordmøre er viktige å ha med på vegen fram mot det.
7.mai 2019 – Bjørn Enes

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.