15/5-19: Etikk, relevans og finansiering

Fordelen med å skriva refleksjonar framfor samtalereferat under forprosjekt Senter for munnleg historie, er at me heile tida kan tenkja framover. Samtalane kan vera reelt opne og uformelle, utan at me treng tenkja på kva som “kjem i protokollen”. Me kan ha idéutviklinga i fokus, i staden for finjusteringar av kven som sa kva i førre runde.
I dag vil eg reflektera om desse tre svært ulike men viktige stikkorda: Etikk, relevans og finansiering. 
Frå forteljarpanel om ekplosjonen på Vågen. Frå venstre: Åshild Lerøy, Nils Audun Vassenden, Ludvig Myrland, Bjørn Enes (samtaleleiar) Eli Eustice, Grethe Sangolt, Ellinor Johannesen og Ørnulf Aase. Foto: Memoar)


Etikk:

Arbeidet med munnleg historie synleggjer at ulike fagmiljø har ulike etiske kodeksar for arbeidet med munnlege kjelder. Eksempelvis legg forskingsetikkenså stor vekt på personvern at det av mange blir oppfatta som ein hovudregel at munnleg kjeldemateriale skal transkriberast, anonymiserast og slettast, medan presseetikken legg så stor vekt på ytringsfridom og opphavsrett at anonymisering berre er “lovleg” i heilt særlege tilfelle.
Knut Kjeldstadli kommenterte dette slik i sin artikkel “Mnemoteket”frå januar 2018:

I dag forstås det ofte i samfunnsfagene slik at intervjuene skal slettes etter bruken. Dermed utvisker vi større deler av samfunnets hukommelse. I stedet for sletting, må vi finne ordninger bygget på tidsgrenser (som ved folketellinger), klausuler for bruk og regler for særlig følsomme data.”

Etikkdiskusjonen er eit veldig godt døme på at ulike fagmiljø treng å snakka saman – og helst arbeida saman. Samfunnets “kollektive minne” har ikkje råd til å sjå på munnleg primærkjeldemateriale som “eingongsmateriale” i ei tid der det ikkje lenger er noko problem å ta vare på det. Ei heilt sentral oppgåve for eit senter for munnleg historie vil vera å utvikla eit samtykkesystem som gjer det mogleg for folk å bidra med sine eigne ord både til forsking, formidling, deling og kunst.

Relevans

Dei verksemdene som i utgangspunktet vart inviterte til å diskutera idéen om eit Senter for munnleg historie i Bergen var frivillige historie- og kulturvernorganisasjonar, bibliotek, musé, arkiv, teater, mediesektoren, universitets- og høgskulemiljø pluss Bergen Kommunes fagavdeling for kunst- og kultrurutvikling. Så langt i prosessen (15.mai 2019) ser interessentlista ut til å vera den same, sjølv om engasjementet varierar.
Under workshop’en hos byråd Andersland den 30. januar vart det ytra ynskje om å tenkja tre ulike alternativ for framdrifta: Eit lokalt senter for Bergen, eit regionalt senter for Vestland Fylke – og/eller eit nasjonalt senter for Noreg. Det har blitt naturleg å tenkja sistnevnte alternativ fyrst, av di det skjer så mykje rundt i landet denne våren (sjå for eksempel om Arkivmøtet).
Ei liste over problem som kan løysast ved å etablera eit senter for munnleg historie kan sjå slik ut:
  • Plasering av ansvar for ei ny kartlegging og plan for digitalisering av audiovisuell kulturarv på forgjengelege media i frivillig sektor og privat eige. (Nasjonalbiblioteket avsluttar i desse dagar si kartlegging av det same i ABM-sektoren).
  • Plassering av ein arkivfagleg administrasjon av det felles, digitaliserte arkivet for Norsk Folkeminnesamling, Norsk etnologisk gransking, Etnofolkloristisk arkiv, Samiske samlingar og Skeivt arkiv. (Ein felles digitaliseringssøknad er under behandling)
  • Etablering av eit kurs- og kompetansesenter for munnleg historie (oral history) som kan tilby metode- og etikkkurs for forskarar, studentar, stipendiatar, fagmiljø i ABM-sektoren, undervisningssektoren og frivillig sektor – og formidlingskurs for forteljarar.
  • Eit ressurssenteret for samarbeid mellom frivillig sektor og ABM-sektoren. (Memoar er i ferd med å bygga opp ei slik teneste, og vil kunne la den bli ein del av Senter for munnleg historie).
  • Samlokalisering med prosjektarbeidsplassar for forskarar, stipendiatar, masterstudentar, kunstnarar og andre som arbeider med munnleg kjeldemateriale.
  • Arrangementsrekker: Ein regelmessig nasjonal (eller skandinavisk) konferanse.
  • Kunst: Slektskapet mellom folkeleg forteljarkultur, munnleg historie og teater/litteratur/filmkunst er nært. Idéen om korleis dette kan koma til uttrykk i eit senter er førebels berre vag, men eg trur dette vil bli klårare.
  • Forretningsutvikling: Munnleg historie vil utan tvil vere ein “markinad” for frilansarar med kompetanse innan journalistikk, historie, folkloristikk eller kunst. Ein konkret diskusjon om entreprenørskap bør også vera ein del av forprosjektet.

Finansiering

Til sjuande og sist kokar alt utviklingarbeid ned til spørsmålet om pengar. Og pengar er som regel politikk.
Før denne diskusjonen kan bli konkret, må me vita kva eit senter for munnleg histoire vil kosta. Og før me kan rekna pris, må me ha klart for oss kva det skal innehalda. Fram til då, kan me “berre” tenkja prinsipielt og strategisk.
Tredeling: Noverande kulturminister vil ha desentralisering. Eit av dei tydelege signala i Kulturmeldinga er at nasjonale institusjonar må vera spleiselag mellom dei tre regionale nivåa – stat, fylke og kommune. Dette er eit viktig signal i vår samanheng. Det betyr mellom anna at me uansett nasjonalt, regionalt eller lokalt senter må tenkja tredelt finansiering og politikk og søknadsstrategi. mot alle dei tre nivåa.
Lokal strategi: Bergensidentiteten har eit sterkt innslag av forteljarkultur og -tradisjon. Å gjera Bergen til “hovudstaden for munnleg historie” bør vera eit godt argument i lokal politikk.
Regional strategi: Identitet er også viktig for Vestlande Fylke, som er ein ny (eller nyleg gjenoppstått) identitet. Men i tillegg er det ein fordel i vårt tilfelle at Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er eit av landets mest markerte fagmiljø innan digitalarkiv og fromidling av audiovisuell kulturarv.
Nasjonal strategi: Både innan digitalisering og innan immateriell kulturarv bles det sterke vindar for tida. I nasjonal samanheng kan det vera avgjerande å vera på offensiven. Det er lettare å flytta pengar enn å finna nye. Omorganisering kan derfor vera eit nøkkelord i rikspolitikken, sjølv om det også kan skapa konflikt. (Nokon mistar også noko når noko blir omorganisert).
Private midler: Personleg meiner eg (Bjørn Enes) at eit senter for munnleg historie må vera forankra i offentleg sektor. Eg meiner det er ei offentleg oppgåve å forvalta kulturarven og å sikra den kulturelle infrastrukturen i samfunnet – og eit Senter for munnleg historie må vera ein del av den.
Men privat sektor bør inviterast med i heile skogen av prosjekt som bør blomstra rundteit slikt senter. Det kan vera samarbeidsprosjekt med frivillig sektor, kurs- og opplæring, ulike tematiske og /eller geografiske innsamlingsprosjekt med meir.
Eit slikt senter kan også velgja å bygga opp eller samarbeida med eining(ar) som utviklar munnleg historie som kommersiell teneste. Eksempelvis kan det vera aktuelt å tilby innsamling av munnleg bedriftshistorie til private verksemder.
Bjørn Enes – 15. mai 2019.

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.