23/5-19: Forteljardyst

Det vart ein ubetinga suksess for fyrste utgåve av Hordaland Teater si nye satsing på folkeleg forteljarkunst. Torsdag 23. mai (2019) var seks historieforteljarar inviterte til å framføra kvar si åtte minutt lange historie. Tre av dei fekk fortelja i tre minutt til. Og «Hilde» vart kåra som vinnar.
(«Hilde» vann – «Alf » måtte sjå seg slått – Christine Hope delte ut fyrstepremien, eit innramma bilete av Ivar Aasen…)

Hordaland Teater hadde i forkant skrive at «Forteljardyst er ein konkurranse der vanlege folk i alle aldrar knivar om å levere den beste historia» og at arrangementet er «eit ynskje om å hylle dei gode kvardagsforteljingane.» Konseptet er ein kopi av Storyslam , som har halde på noko tid på Kulturhuset i Oslo. Der har dei igjen kopiert det frå Stockholm, og der kjem det frå USA. 

Personleg hadde eg motførestillingar til konseptet i forkant. Eg tenkte at forteljingar er noko ein delar – ikkje noko ein konkurrerar om. Eg meinte også det har utvikla seg ein litt smal kultur rundt Storyslam, der det dominerande formatet er personlege – gjerne litt pinlege – forteljingar frå det private rom. Sjølv om mange meiner at dette fenomenet er ein motstraum til dei fragmenterte forteljingane om perfekte fasader som har blitt dominerande i sosiale media.

Krigspølser, samtalar med døde – og underliv
Og etterpå? Det skal eg straks koma attende til. Men fyrst nokre glimt får kvelden slik han utvikla seg. Det vart fullt hus i Logen Bar. For meg var det ei stadfesting alt før programmet starta, på at munnlege forteljingar har publikumsappell.

Christine Hope opna, gjennomførte og avslutta arrangementet som – kva heiter det? Los? I alle fall gjorde ho det framifrå, og slik at ho heilt frå start drog salen saman til stort vi. Ho gjorde «dysten« til ein leik, og sette opp ein virtuell scenografi der det nettopp var forteljingane som var det sentrale, ikkje konkurransen. 
Dramaturgien vart forbløffande – trass i at han blei til ved loddtrekking. I alle fall så langt det gjaldt rekkefylgja av forteljingar.

82 år gamle «Alf» starta. (Alle blei berre presenterte med fornamn). Ein kjuagut frå Sandviken som stal poteter og pølser frå tyske okkupasjonssoldatar frå han var tre til han var åtte år gamal. Hans åtte minutt var ute medan han firsplang utover Bontelabo med fast grep om ei einsleg pølse – og alle dei andre i kveilen hengande etter etter seg som ein lang og lett synleg hale mellom sjøbuene.

Neste mann ut var den atskillig yngre ?? som fortalde om urinvegsinfeksjon og bilkø og ein busssjåfør som nekta å opne døra for pissetrengte: «Dette er ein flybuss – den stoppar ikkje før Gardermoen!»

Den neste var Geir, som hadde bestemt seg for å stå fram som den han var. Det var ikkje det vanlege skapet han kom ut av. Hans store løyndom var at han snakkar med døde. Dei kan koma til han – på ei badestrand, for eksempel, for å formidla ei melding til ukjende folk i nærleiken: »Det står ein mann her med flammetatoveringar på høgre arm – han vil så gjerne takka deg for noko….»

Finn frå Telemark fortalde ei pinleg rekke av hendingar som fylgde av at han bekymra seg for testiklane sine. Konklusjonen som han trekte til slutt, den unge lækjaren som ikkje fann noko gale i det heile tatt, var kan hende endå meir pinleg enn sjølve undersøkinga.

Så tok Hilde salen med storm med ei velregissert og innhaldsrik forteljing om sommarferien saman med den irriterande veslesystera si, og jentefotballen i Oslo – og eit val som fukta augekrokane, i alle fall hos meg, då det sto mellom å forsvara veslesystera eller å få ein plass på laget. «Du kan få sitja på vindaugsplass heile vegen heim!» kvitterte den takksame veslesystera.

Og så Trond frå Sogndal, som tok oss med i leigebil og til høljeregn og gjørmebad på festival på pampas i Argentina.

Moro!
Det var moro. Lettrørde folk (som meg) måtte fram med servietten fleire gonger, men slik skal det jo vera når forteljargleda boblar. 

«Dette skal vera feelgood – eller gromkjenslesamt, som me seier i Hordaland Teater!» sa Christine Hope. Og slik var det.

Variasjonen i seg sjølv var ein stor verdi. Ein demonstrasjon av mangfald – og samtidig av kor godt me alle kjenner att både blærepresset i ein stilleståande buss, dilemmaet mellom ei irriterande veslesyster og ein plass på laget  – for ikkje å snakka om sjokket over å oppdaga at ein slange av tyske pølser viser kor ein rømmer…

Juryeringa var også uhøgtideleg og raus – som lova.  Tilfeldige folk rundt to av borda vart plukka ut til «folkejury», medan eit knippe proffar med festspeldiktar Marit Eikemo i spissen var «fagjuryen». På meg virka det som at forteljarane trivdest, både dei som fekk høge og ikkje fullt så høge poengsummar.

Forteljarkunst og kjeldesamling – enten eller?
Ein samtalepartnar spurde: «Når teateret har fokus på framføring, medan eit Senter for munnleg historie har fokus på arkivering – kva har dei då eigentleg noko å samarbeida om?»

Eg synest spørsmålet er godt. For min del gjer eg meg desse refleksjonane: 

For det fyrste trur eg at det som gjer arkiveringsspørsmålet så sentralt akkurat no, er at det ikkje finst noko arkiv for munnleg kjeldemateriale. Det finst i alle fall ikkje noko systematisk måte å ta vare på og dela eller tilgjengeleggjera det på.  Om tjue år kjem me til å le av at dette var til diskusjon, trur eg. Men i dag er spørsmålet om arkivering heilt sentralt. Derfor kan det lett overskygga andre gode grunnar til å etabelra eit Senter. 

Ein forfattar – som ein journalist eller ein historieforskar eller ein kurator – brukar menge munnlege kjelder i forkant av sitt skapande arbeid. Særleg viss verket skal handla om noko som faktisk finst, og/eller spegla korleis folk snakkear eller tenkjer om det. Ho eller han kan rekka nokre tital kjeldesamtalar i løpet av eit prosjekt. Så gøymer dei råstoffet i skrivebordskuffa si og gløymer dei. (Forskaren må i regelen øydelegga dei og, for noko anna vil vera brot på forskingsetikken).  

Viss me kan klara å få til ei kulturendring slik at det munnlege råstoffet blir arkivert – like sjølvsagt som som statistikkane eller skissene eller tekstutkasta eller til og med dei private breva som forfattaren skreiv i prosessen – vil me ikkje berre ha gitt framtidige litteraturforskarar betre kjeldegrunnlag. Me vil også kunne gi neste skapande arbeid eit tillegg av moglege kjelder. Og dess større og opnare arkivet blir, dess rikare blir kjeldegrunnlaget.

Dyrking av folkeleg forteljarkusnt?
Hos meg er det  heller ikkje tvil om at eit Senter for munnleg historie også bør dyrka forteljarkultur og -kunst. Kvar einaste gong folk møtest for å høyra på forteljingar,  kokar salen av forteljarglede straks det er ein pause. 

Det er jo det som er «forteljarkultur»: Ei fri forteljing løyser ut straumar av nye frå dei som høyrer på. Formidling og innsamlking er to sider av same sak.

Er det så ingenting att av min skepsis mot Storyslam-formatet?

For så vidt ikkje. Det tok Christine Hope ein kort maikveld å overtyda meg om at dette er ein god idé. Men på same tid fekk eg lyst til å dyrka vidare på andre format. Eg tenkjer då fyrst og fremst på «forteljarpanelet» som har fungert så bra, både på Bergen off. bibliotek, Kristiansand Folkebibliotek, Sjøfartsmuseet i Bergen og Tingvoll Museum. Dei har vore tematiske (for eksempel migrasjon, eksplosjonen på Vågen, gullalderen i sjøfarten, Tingvoll Ullvarefabrikk), innhaldsfokuserte, godt førebudde og prega av deling.
Eg trur «Forteljardyst» og «forteljarpanel» kan dyrkast ved sida av kvarandre, at dei kan utfylla og berika kvarandre. Viss me klarar å få den folkelege forteljarkulturen til å blomstra, vil det heilt sikkert også oppstå andre og kaanhende endå meir spennande format. 

Kan hende vil det også stimulera kunstproduksjonen?

 (Forteljarpanel på Bergens Sjøfartsmuseum i oktober 2017)

Published by

Bjørn Enes

Forfattar / frilansjournalist, busett i Bergen. Leiar av Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Prosjektleiar for: Sjofart.memoar.no, Industri.memoar.no, Bergen.memoar.no og Kristiansand.memoar.no

Skriv gjerne ein kommentar:

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.